«Bygdehomo» vender heim til Bygdepride

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 16.02.2019 11:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kven skulle tru det for ti år sidan, at me skulle få gå i parade og feire mangfald og kjærleik i Volda, seier Bjørn-Tore Berge (52) i kortfilmen «Bygdehomo».

Filmen, som skal visast under årets Bygdepride, er laga av Julia Dahr og Julie Lunde Lillesæter i produksjonsselskapet Differ Media.

Dei to filmskaparane følgde Berge då han i fjor vende tilbake til heimbygda Volda for å feira verdas første Bygdepride. Og som han seier sjølv: «Det var ikkje så lett å vere homofil på bygda».

Dette synet møtte Bjørn-Tore Berge (52) og innbyggjarane i Volda fredag 11. mai i fjor. Foto: Julie Lunde Lillesæter/Differ Media

Pride for skeive og streite

Denne veka kom programmet for årets Bygdepride Ørsta/Volda som i år vert arrangert 8.-12. mai.

Initiativtakar og leiar i Bygdepride Ørsta/Volda, Anbjørn Steinholm Frislid, gler seg til årets festival. Pressefoto

– Vi vågar ikkje å håpe på like mange som i fjor, men inviterer alle som ynskjer det til å vere med, skeive som streite. Vi viste i fjor at paraden verken er farleg eller skummel, berre ufatteleg gøy, skriv Anbjørn Steinholm Frislid i ei pressemelding.

Han er initiativtakar og leiar i Bygdepride Ørsta/Volda.

I fjor skapte dei historie då dei arrangerte Noregs første Bygdepride. Arrangementet fekk mykje merksemd i forkant, mellom anna frå pastor Hans Reite som inviterte til Jesus-marsj før arrangementet.

I Noregs minst likestilte landsdel melder eit urovekkjande høgt tal bifile, lesbiske, homofile og transpersonar om psykiske helseplager. Korleis er det eigentleg å vere skeiv på Sørlandet?

Smittsam Bygdepride

Bygdepride vart ein kjempesuksess som trekte til seg fleire tusen deltakarar, mellom anna dåverande landbruksminister Jon Georg Dale og kulturminister Trine Skei Grande.

– Det skal ikkje lenger vere slik at du må flykte frå bygda for å vere den du er. Det er dette beviset på, sa Frislid frå talarstolen den gong.

I ettertid har arrangementet spreidd seg til fleire stader, mellom anna Stord i Sunnhordland. Der gjekk Tara Wiers Kvamme (16) og ordføraren i spissen for fleire tusen deltakarar i Storapride.

Initiativtakarane til Bygdepride har òg vorte heidra med Møre og Romsdal fylkeskommune sin likestillingspris for 2018.

Side Brok skal spela på årets Bygdepride-party. Pressefoto

Verdas første Bygdepride-pris

I år som i fjor er hovudarrangementet Pride-paraden på laurdag føremiddag.

Nytt av året er Bygdepride-prisen, som skal delast ut for fyrste gong. Prisen går til ein eller fleire som har merkt seg ut i arbeidet for skeive sine rettar i lokalsamfunnet.

Eitt av dei store trekkplastera i år er Side Brok, som saman med Pineapple Express skal spela på Bygdeprideparty på studenthuset Rokken.

I tillegg vert det fokus på skeiv litteratur og framsyning av teaterstykket Ingen er homo i 2. divisjon, som har gått på Det Norske Teatret det siste året. Begge deler på Aasen-tunet i Ørsta.

Historisk pride-år

Tema for årets Bygdepride er historie, mental helse og bygda.

Historietemaet er felles for alle årets Pride-arrangement i Noreg. I år er det nemleg femti år sidan det såkalla Stonewall-opprøret i New York, som vart starten på pride-arrangementa for å synleggjere skeive sine rettar over heile verda.

I samband med årets Bygdepride løftar Aasen-tunet fram skeiv nynorsk historie. Visste du til dømes at det allereie på 1930-talet kom dikt med tydeleg homoerotisk innhald på nynorsk?

Sjå kortfilmen «Bygdehomo» som er publisert på Aftenposten sine nettsider her: