Kva gjer vi når elevar er psykisk sjuke, men ikkje sjuke nok?

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Emma (16): Ikkje sjuke nok?

No folkens, no syns eg faktisk det er på tide at me innser noko veldig viktig her. Og det er nettopp det at psykisk sjuk ikkje tydar at du er så sjuk at du ikkje klarar å gå på skulen. Fordi det å slita med angst tydar ikkje at du ikkje klarar å gå på skulen, det gjer det bare vanskelegare. Det å slita med depresjon tydar ikkje at du ikkje er i stand til å gå på skulen, det tydar bare at det er høgare terskel for å komme seg opp av senga og ut døra.

Men likevel vel me å gjere det vanskelegare for dei, dei som allereie slit i kvardagen. Dei som allereie syns det er skummelt å gå på skulen, ikkje fordi dei blir mobba, men fordi angsten tar over.

Og ikkje kom her med argumentet om at så lenge ein har fått ein diagnose frå BUP (barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk) så er det gyldig fråvær. Veit du eigentleg kor lang tid det tar å få ein diagnose, eller kor lang køen for å få time på BUP er? Det er lenge. Det er så lenge at du klarar å stryke i både gym og matte før du så mykje som får sett foten inn på kontoret til psykologen.

LES OGSÅ: – Fråværsgrensa rammar dei svakaste

Ifølgje Helse Norge er det i snitt 51 dagar ventetid på BUP. Så må me ikkje gløyme at du må få fastlegen din til å vise deg til BUP. Så da blir det i snitt 51 dagar ventetid, pluss den tida fastlegen din brukar. Og det er jo ikkje slik at du får ein diagnose med ein gong. Det kan ta fleire månader og det blir ikkje gyldig fråvær å vere deprimert før du faktisk får diagnosen depresjon.

Det å få ein diagnose er rare greier, fordi du må fylle ein heil del krav, og viss du ikkje fyller alle krava til punkt og prikke så får du ikkje diagnosen. Så du kan fortsatt være deprimert, du er bare ikkje deprimert nok til å få ein diagnose.

Og kva gjer vi da? Når elevar er psykisk sjuke, men ikkje sjuke nok? Jo, det skal eg fortelje deg! Da kallar me dei for nokon late og utakksame elevar som har det fint sidan dei bor i Norge. Me seier til dei at dei ikkje har noko å klage på. At dei bare må ta seg saman fordi ingen vil gje arbeid til dei viss dei held fram slik.

Nei, ikkje fader om me skal sjå lengre enn vår eiga nase. Me skal da ikkje fordjupe oss i kvifor det er så stort fråfall i norsk skule, og ikkje skal me prøve å hjelpe dei på en god måte. Ein måte som ikkje går hardt utover minoritetsgrupper som allereie sliter. Nei, me skal tvinge dei tilbake til skulebenken med pisk. Fordi tvang det funkar vel best, gjer det ikkje? Å tvinge heile Noregs ungdommar på skulen. Eller ville det vert best å spørje elevane kvifor dei skulkar så mykje og snakke med dei som menneskjer, ikkje som hundar?

Kven veit? Ikkje me vertfall, fordi me nektar jo å la oss informerast om dette.

LES OGSÅ: Fråværsgrensa: Ei lita oppsummering