Og kva kan historia om dansk språk i Amerika, og vitskapen om truga plante- og dyreartar fortelje oss om døyande språk?
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eit språk kan ha det fint, men så byrjar folk å berre bruke det til å snakke med vener og familie, og til slutt bruker dei berre små fraser, fortel Thomas Olander til det danske tidsskriftet Videnskab.dk.
Han er førsteamunensis i språkvitskap ved Institut for Nordiske Studier og Sprogvidenskab ved Københavns Universitet, og er ein av forskarane som har fått i oppgåve å svare på forskningstidsskriftet sitt spørsmål: Kvifor døyr språk ut?
Eitt språk døyr annakvar veke
Ifølgje prosjektet Ethnologue finst det 7097 levande språk i verda i dag. Samstundes har UNESCO ført opp 2464 språk på si liste over språk i fare.
Noreg husar fleire språk som er i faresonen. UNESCO klassifiserer austsamisk, pitesamisk og umesamisk som utdøydde i Noreg, lulesamisk og sørsamisk som alvorleg truga språk, medan nordsamisk er klassifisert som truga.
Jens Haugan, dosent i norsk ved Høgskulen i Innlandet, skreiv tidlegare i år at ein reknar med at det i snitt døyr eitt språk kvar fjortande dag, og at det innan dette hundreåret berre vil vere halvparten att av dagens 7000 språk.
Videnskab.dk har stilt ein knippe lingvistar, samt ein biolog, det store spørsmålet: Kvifor sluttar folk å bruke språket sitt?
Les også: – Det viktigaste er at folk skriv limburgisk
Ein kultur for å bevare språket
Den eine forklaringa Videnskab.dk skriv om legg kultur til grunn, og brukar historia om det danske språket si utvikling i høvesvis Sør-Amerika og Nord-Amerika for å illustrere poenget. Dei to ulike utviklingane er lagt under lupen i forskingsprosjektet «Danske stemmer i USA og Argentina».
Danskane som reiste til Sør-Amerika mellom 1850 og 1930 kom fram til Argentina, eit land som i dei dagar var tynt befolka av hovudsakeleg urfolk og søreuropeiske innvandrarar, fortel Anna Sofie Hartling, doktorgradsstudent frå Institut for Nordiske Studier og Sprogvidenskab ved Københavns Universitet.
Ho forklarer at dette førte til at danskane isolerte seg meir frå lokalbefolkninga, kulturen vart meir framand, og danskane bevarte språket og skikkane sine lenger.
Dei danske emigrantane hadde eit sterkt fellesskap med danske skular og kyrkjer, og fram til om lag 40 år sidan var det heller ikkje akseptert blant danskar å gifte seg med argentinarar.
Ein kultur for å miste språket
Hjå danskane som segla mot USA på slutten av 1800-talet tok det derimot ikkje lange tida før det danske språket mista fotfeste, allereie første og andre generasjonen innvandrarar gav opp språket.
– Danskane busette seg ikkje samla, og mange flytte til ulike delar av landet. Dermed oppstod det berre nokre få fellesskap der folk kunne bruke det danske språket, seier Karoline Kühl.
Ho er dagleg leiar for forskingsprosjektet om dansk i Amerika, og førsteamunensis ved same fakultet Hartling.
Kühl fortel at medan emigrantane til Argentina var familiar, så var halvparten av utvandrarane til USA ugifte menn. Blandingsekteskap var difor vanlegare, og språket forsvann fortare.
Sjå også The New York Times si korte reportasje om Amadeo García García, den siste gjenlevande mannen som pratar språket taushiro:
Les også: Språkbank til over 70 millionar vert ikkje brukt
God økonomisk vekt er dårleg for språk
Supplerande årsakar til at språk forsvinn kjem frå biologen Bo Dalsgaard. Han er førsteamanuensis ved Center for Makroøkologi, Evolution og Klima ved Københavns Universitet, og var medforfattar på studien «Global distribution and drivers of language extinction risk» frå 2014.
I arbeidet nytta forskarane IUCN sine kriterium for å identifisere truga dyre- og planteartar for å identifisere truga språk. Det ville seie at eit språk var rekna som truga dersom: få menneske snakka språket; det var ein rask nedgang i talet menneske som snakka det; og språket hadde ei lita geografisk utbreiing.
Ut frå desse kriteria var kategoriserte forskarane 25 prosent av språka i verda som truga. Den største trugselen artikkelforfattarane fann for mindretalsspråk: økonomisk vekst.
– Høg økonomisk vekst inneber at små folkeslag, som lever tradisjonelt, ofte forlet sin tradisjonelle levemåte, til dømes fordi dei får råd til å flytte inn til byane. Det får dei til å begynne å snakke det dominerande språket i området, fortel Dalsgaard til Videnskab.dk.
Her til lands fører mellom anna bokmålsdominansen til at nynorskgutane vert dårlegare i norsk.
Språket veks der plantar veks
Den danske biologen fortel også at geografiske faktorar og klima kan forutseie kor vidt eit minoritetsspåk overlever, på same måte som hjå dyr og plantar.
Dalsgaard forklarar at dyr og plantar forholdsvis lett spreiar seg over eit flatt område, men dersom eit område er delt av eit fjell, så kan det verte meir variasjon. Då kan det bu ein art på den eine sida av fjellet og ein art med nært slektskap på den andre. Slik er det også med mennesker og språk, påstår Dalsgaard. Ei folkegruppe som snakkar eit språk på ei side av eit fjell, ei anna gruppe med eit anna språk på den andre sida.
Forskaren seier såleis at den språklege utbreiinga vert mindre i område med eit varierande landskap.
Les også: «Er det ikke slik at du er nazist om du skriver nynorsk»
Lurer du på kva forskjellen på eit dødt og eit utdøydd språk er?