At ein del slit med å uttale kj-lyden, og i staden seier ein skj-lyd i ord som kino, kjole og kjøt, er ikkje eit nytt fenomen. Det var diskutert som eit mogeleg problem for andreklassingar i osloskulen allereie i 1940.

Men det kan vere utviklinga går endå lenger.

– Skj-lyden er vanleg i språk over heile verda, men s-lyden er nok endå vanlegare. Så den neste sannsynlege utviklinga vil vere at vi byrjar å seie «sino», i staden for kino eller «skjino».

Det seier førsteamanuensis i språkvitskap ved NTNU, Olaf Husby, til NRK.

Les også om kvifor nokre seier torsdag og andre tårsdag? 

Skjer ikkje over natta

Språkforskar Jan Kristian Hognestad poengterer at språkendringar ikkje skjer over natta, det tek gjerne 150 til 200 år. Det at folk blandar kj- og skj-lyden er eit teikn på at ein av desse lydane er i ferd med å forsvinne, men det vil framleis ta tid før «skjino» vert dominerande.

Samstundes seier Hognestad at sjølv om nokre norske ungar byter ut både kj- og skj-lyden, så tyder ikkje det at den neste utviklinga vert å seie «sino».

– Vi høyrer ungar som verken seier «ikkje» eller «isje», men «isse», altså at dei rett og slett skiftar ut både kj- og skj-lyden. Likevel er det ikkje noko som tyder på at en slik endring skulle vere i gang i norsk no, seier han til NRK.

Har det noko å seie om «kj»-lyden forsvinn?

Har det noko å seie om «kj»-lyden forsvinn?

Nei, språk er i utvikling.10
Ja, det er språkleg forfall.46
Eg bryr meg ikkje. 10
Eg er usikker.4
Svar totalt: 70

 

Les også: Kjempar for kj-lyden med bilete

Oppdatert: tysdag 20. november 2018 14.59

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE