– Det viktigaste er at folk skriv limburgisk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er nesten ikkje noko limburgisk i skulane. Det har vorte utvikla læremateriell, men det er frivillig. Lærarane må vete om det og det er få som er kvalifiserte til å undervisa i det, fortel Diana Camps.

Ho har nettopp levert doktorgrad om den pågåande prosessen med å legitimera det unge skriftspråket limburgisk.

I doktorgraden har ho studert den pågåande mediedebatten, samt observert og anlysert ein limburgisk stavekonkurranse.

Limburgisk har ikkje eitt enkelt sett med skrivereglar, men variasjonar tilpassa dialektane. Her er eitt døme, som viser korleis språket vert skrive samanlikna med nederlandsk. Kjelde: Diana Camps

Ungt skriftspråk

Limburgisk har sitt hovudsete i regionen Limburg i Nederland, men vert òg snakka over grensa i Belgia og Tyskland. Det er likevel berre Nederland som har ratifisert limburgisk som eit offisielt språk.

Det skjedde i 1997, men framleis stridast dei lærde om kva for rettskrivingsnormer som skal gjelda for limburgisk. Det vert brukt som samlenamn på eit sett ulike dialektar som hovudsakleg kan delast i seks ulike dialektgrupper. Desse dialektane har element frå nederlandsk og tysk, men òg heilt særeigne ord.

Skrivestandarden er i dag tilpassa desse ulike dialektane, slik at det er noko variasjon.

Les også: 12 kule ord du berre finn på nynorsk

Språkforskar Diana Camps er sjølv limburgisktalande og har forska på den pågåande prosessen med å legitimera det unge språket. Foto: UiO

Morsmål

Sjølv er Camps fødd og oppvaksen i Limburg fram til familien emigrerte til USA. Difor omtalar ho limburgisk som sitt morsmål.

I 2006 oppgav kring 900.000 personar – eller 75 prosent av innbyggjarane i Limburg – at dei snakkar limburgisk. Dette talet har Camps inntrykk av at har gått noko tilbake.

– Eg har høyrt om klager frå foreldre som fortel at ungane snakka limburgisk før dei byrja på skulen og etterpå kjem heim og snakkar nederlandsk, seier forskaren.

Les også: Verdas enklaste alfabet

Verdisyn

Ho fryktar særleg for rekrutteringa blant yngre språkbrukarar dersom foreldra vel nederlandsk framfor limburgisk.

– Det er framleis eit veldig aktivt og synleg språk. Men det er framleis arbeid som må gjerast i å endra folks syn på verdien av limburgisk, seier Camps.

Ho fortel at mange framleis ser på språket som ei dialekt og difor ikkje ser verdien av å verna det. Og sjølv dei som er opptekne av vern kan vera skeptiske til å få det inn i skulane, mellom anna av omsyn til framandspråklege elevar.

Sidan limburgisk berre er registrert som eit nivå to språk i Den europeiske pakta for regionale eller minoritetsspråk, har det lågare vern enn nivå tre språket frisisk, som vert snakka i regionen Friesland.

Språkbrukarane har heller ikkje dei same rettigheitene som norske nynorskbrukarar, som til dømes handlar om læremiddel på eige språk og krav om svar på eige språk frå offentlege instansar.

Her kan du høyre døme på limburgisk:

Politisk press

Den nederlandske språkpolitikken er i dag veldig desentarlisert og det er regionen Limburg sjølv som har fått ansvar for å ta vare på språket. Det gjer dei utan ekstramidlar frå myndigheitene.

Men i desse dagar jobbar nederlandske myndigheiter med å revidera språkpolitikken. Resultatet av dette arbeidet ventar Camps i spenning på.

– Det er no meir press for å endra politikken og gjera meir for språket, forklarar ho.

Sjølv meiner forskaren at det er avgjerande for språket si framtid at det kjem inn i skulen, men peikar på at måten det blir gjort på er minst like viktig.

– Det finst i dag eit sett skrivereglar, som mange ikkje bruker. Desse må drøftast vidare. Det er fint å ha nokre skrivereglar, men ein må òg tillate kreativitet. Det er viktig at det ikkje vert så normativt at ikkje folk kan identifisera seg med det, seier Camps.

Les også: Eg er samisk, men eg får ikkje læra språket mitt på skulen

Framtida i sosiale medier

Seinast i fjor fekk limburgiskspråklege nederlendarar tilgang på ein rettskrivingsapp, som gjennom hyppig bruk lærer seg brukaren si skriveform for så å retta seg etter denne. Eit slikt rom for variasjon meiner Camps er viktig for at språket framleis skal opplevast relevant for brukarane.

– Mykje av skrivinga i dag går føre seg i sosiale medium. Dei som er for eit fast sett skrivereglar vil at folk skal bruka språket, men kan vere dømmande om dei ikkje skriv korrekt. Det viktigaste er at folk skriv limburgisk. Om alle hadde slutta å skrive hadde det vore mykje verre, understrekar Camps.

Les også: Visste du at det finst rundt 7000 språk i verda?