Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 12.11.2018 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I løpet av dei siste åtte åra har norskkarakteren til nynorskgutane vorte dårlegare, både i hovudmål og i sidemål.

– Det høyres litt ut som mitt vitnemål dei siste tre åra, seier 18 år gamle Håkon Hjelle Roset og flirer. 

Framtida.no møter han og to klassekameratar på Firda vidaregåande skule, ein skule i ein nynorskkommune i nynorskfylket Sogn og Fjordane.

Spørsmålet er: Har alle nynorskelevar vorte svakare i hovudmålet sitt? I så fall, kvifor?

Det forsøker Øystein A. Vangsnes, professor i nordisk språkvitskap ved UiT Noregs arktiske universitet, og professor II ved Høgskulen på Vestlandet å finne svaret på.

Saman med Morten Blekesaune, professor i sosiologi ved Universitetet i Agder, vil han nøste opp i kva som har hendt med nynorskferdigheitene til gutar i nynorskområde.

– Alle er best i bokmål!

Vangsnes sette i gang med dette i kjølvatnet av ein artikkel skrive i den Førde-baserte avisa Firda.

vangsnes,

Øystein A. Vangsnes. Foto: Stig Brøndbo, UiT

I 2017 melde avisa at 10. klassingane i Sogn og Fjordane hadde lågare standpunktkarakter i hovudmål enn landsgjennomsnittet. Samstundes hadde dei betre karakter i sidemål enn i hovudmål.

Dette fekk Vangsnes til å reagere  gjeld dette alle nynorskelevar?

Saman med Blekesaune henta han ut avgangsresultat i norsk, matte og engelsk for 10. trinn frå dei fire vestlandsfylka, i tidsperioden 2009-2017.

Kommunane vart delte i bokmålskommunar og nynorskkommunar, og så vart karakterane samanlikna.

– Då såg me at det gjeld i heile dette området. I nynorskkommunar har elevane lågare karakter i hovudmål enn i sidemål, og så er det omvendt i bokmålskommunar, seier Vangsnes til Framtida.no.

Språkvitaren kan summere opp resultatet ganske enkelt:

– Alle er best i bokmål! 

Dette forklarar Vangsnes med den store bokmålsdominansen som er i Noreg, som gjer det relativt lett for nynorskelevar å lære bokmål. Dei møter skriftspråket overalt kvar einaste dag.

Les også: Nynorskbrukarane – kven er dei, og kva treng dei?

Jenter er flinkare enn gutar

For bokmålselevane har avgangskarakterane i perioden vore stabile. Dei vert verken betre eller dårlegare i norsk.

Nynorskelevane derimot har hatt ei negativ utvikling, både i hovudmål og sidemål. Då Vangsnes og Blekesaune så delte på kjønn, synte det seg at denne negative trenden berre gjeld gutane, men den er så sterk at den slår ut også når ein ser kjønna samla.

Språkvitaren forklarer dette delvis med eit generelt bilete av kjønnsforskjellane innan lese- og skrivedugleik.

Gutar har svakare leseferdigheter fordi jenter både les meir og har ein annan mediebruk.

– Jenter er meir aktive på sosiale medium og ser meir på TV, medan gutane spelar meir dataspel. 

Dette fører til at jentene generelt er meir vane med tekst, anten dei skriv ei melding eller les ein undertekst. Dei brukar meir tekstleg kommunikasjon og har meir skriftspråkleg praksis, forklarer Vangsnes.

Det var likevel ikkje det mest overraskande resultatet.

Les også: Språkrådet fryktar for norsk som fagspråk

Fører dataspel til betre engelsk?

– Vi ser også at det er ein framgang i engelskkarakteren for alle grupper bortsett frå gutar i nynorskkommunar, seier Vangsnes.

Språkvitaren peiker på at andre undersøkingar har funne at å bruke mykje tid på datamaskin og engelskspråklege spel, styrkar engelskferdigheitene. Det synest ikkje å vere tilfelle i Vangsnes og Blekesaune si undersøking.

Då vert spørsmålet: kvifor vert nynorskgutar dårlegare i norsk, og kvifor har dei ingen framgang i engelsk?

Sentralt i forklaringa er det at ungdom gjerne skriv til kvarandre på dialekt.

Les også: Dataspel gjer ungdom betre i engelsk

Er dialekt den store syndaren?

Lovleg syner korleis nynorskungdom gjerne kommuniserer med kvarandre. Flust av dialektord! Skjermdump: Lovleg.p3.no, NRK

– Det at dei skriv på dialekt betyr at dei ikkje stimulerer kvarandre på standard nynorsk, seier Vangsnes.

Han meiner dette kan vere utslagsgjevande for nynorskgutane, som ikkje har like mykje kontakt med skriftspråket på andre arenaer som jentene.

– Sjølv om jentene skriv dialekt, så får dei inn nok nynorsk. Dei vert nok eksponerte gjennom lesing og andre typar tekstpraksis. Sidan gutane les lite og kanskje skriv lite, så får dei ikkje stimulert nynorsken sin godt nok, og heller ikkje bokmålet.

Gutane får med andre ord ikkje nok normert nynorsk i kvardagen til å verte gode.

Vangsnes trur også det er mogeleg at den negative trenden i norskfaget «smittar over» på engelskfaget, og fører til at nynorskgutane ikkje ser same framgangen som dei andre gruppene.

– Begge delar er skriftspråk og det handlar om formuleringsevne og språkføring. Det er trass alt tekstbygging, og slikt er stort sett felles uansett kva språk du arbeider med.

Kva er dialekt og kva er nynorsk?

Tilbake på Firda VGS sit Håkon Hjelle Roset og klassekameratane Bent André Midtbø og Marcus Røed Frøyset lettare henslengt ved inngangspartiet til eine skulebygget.

Dei tre 18-åringane går siste året på idrettslinja. Dei har nynorsk som hovudmål, og seier alle at dei skriv dialekt når dei sender meldingar.

Karane kjenner seg delvis igjen i resultata til Vangsnes og Blekesaune.

– Det at de skriv dialekt til kvarandre, påverkar det måten de skriv nynorsk? 

Ja, det vert jo automatisert. Eg sleit i alle fall i første klasse, då skreiv eg tekstane mine på dialekt. Eg tenkte ikkje over det, eg berre skreiv, seier Hjelle Roset.

– Det einaste eg kan tenke meg, er at det vert enklare å gløyme vekk den fagleg korrekte nynorsken når ein heile tida har vorte vand til å skrive på dialekt. Så eg kan skjønne at den svinn litt vekk, og at det vert litt kluss, fortel Røed Frøyset.

Treng ikkje vere negativt

Han held likevel fast ved at det ikkje treng vere negativt å skrive dialekt.

– Så lenge du er klar over at du skriv dialekt, og klarer å skilje mellom dei to modusane, så trur ikkje eg det gjer noko.

Hjelle Roset etterlyser betre undervising.

– For min del trur eg det har hatt ganske mykje å seie at undervisninga har litt feil fokus på kva det er viktig at vi lærer. Vi lærer ikkje å skrive skikkeleg. Det er for lite fokus på grammatikk, seier han.

Les også: Slår alarm for norsk språk

Skulen må henge med

Også Vangsnes etterlyser at skuleverket heng med og tematiserer dialektar i skulen. Skriftleg dialekt er kome for å bli i Noreg, og per no er det ikkje noko læremål som tematiserer det, i eksisterande læreplanar.

Ein kan ikkje slå ned på dialektskriving. Det må snarare sjåast på som ein ressurs, seier Vangsnes. 

– Det er ein måte å få unge og ungdom til å skrive på. Ein bør ta tak i denne skrivepraksisen og heller bevisstgjere elevar på korleis den er annleis enn det vi forventar av meir standardspråkleg tekst. 

Språkvitaren etterlyser vidare at det vert eit auka fokus på gutar når det gjeld språkopplæring. Dei treng lesestoff og oppgåver som engasjerer dei.

– Nynorskgutar er framleis høgtpresterande, men dette er ei negativ utvikling, så om det held fram kan det ende ein plass vi ikkje vil.

Les også: Meiner det hastar å sikre nynorskundervisning i ungdomsskolen