Språkbank til over 70 millionar vert ikkje brukt

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei siste åtte åra har det offentlege brukt over 70 millionar kroner på ein open språkbank, men ressursen vert ikkje brukt. Teknologigiganter som Google og Amazon nyttar heller sine eigne databaser for å få høgtalarane sine til å forstå norsk.

Det melder NRK på Nyheitsmorgon i dag tidleg.

– Eg har ein kjempeproblematikk heime i huset. Dei einingane vi har heime skjønnar ungane mine som pratar austlandsk mykje betre enn dei skjønnar meg, seier Shahzad Rana på klungande rogalandsdialekt.

Han er teknologidirektør i Microsoft Noreg, og har i tillegg vore med i Språkrådet sitt framtidsutval som står bak rapporten «Språk i Noreg – kultur og infrastruktur».

Ressurs som vert liggjande på hylla

På oppdrag frå regjeringa har Nasjonalbiblioteket sidan 2010 arbeidd med å utvikle ein norsk språkbank. Denne databasen består av norsk tekst og tale som er fritt tilgjengeleg for alle, inkludert kommersielle firma.

Hovudmålet med dette er at norsk språk skal kunne henge med i den teknologiske utviklinga. Når smarthøgtalarar og ande nyvinningar inntek norske heimar, så skal dei også forstå det mangfaldet av dialekter som kjem inn og ut dørene.

I rapporten frå Språkrådet sitt framtidsutval står det skrive at «snart ni år etter at språkbanken blei oppretta, meiner vi at ein kan slå fast at banken ikkje tener det formålet han var tiltenkt». Vidare seier utvalet at språkbanken manglar viktig språkdata og er for lite kjend hjå utviklarar og mogelege bidragsytarar.

Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre er einig i rapporten sine konklusjonar, og seier til Nyheitsmorgon at det lyt leggjast ned arbeid for å få språkbanken ut til teknologiutviklarar både nasjonalt og internasjonalt. Myhre hevder likevel at rapporten ber preg av lite kunnskap om det dei ved språkbanken driv med.

Les også: – Om vi skrur av språket kva er att?

Vi lyt stille krav

Shahzad Rana seier at Noreg no lyt bestemme seg for kva rolle vi skal ta i utviklinga av vårt eige språk.

Dette var også noko språkdirektør Åse Wetås sa klårt og tydeleg ifrå om under Språkdagen 2018 tidlegare i år, då ho slo fast at språkteknologi ikkje er eit område Noreg kan overlate til internasjonale aktørar.

– Vi må vera med å bestemma. Vi må stilla tøffare krav til dei som skal utvikla denne type tenester. Det må vera eit krav at tenestene skal vere på norsk og at dei skal vere tilgjengelege både på bokmål og nynorsk, sa ho då.