Visste du at det finst rundt 7000 språk i verda?

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Visste du at mange av desse språka faktisk har enda færre enn 740 brukarar av språket, og at desse språka er utryddingstruga og rett og slett forsvinn? Det finst språk der det berre er éin språkbrukar igjen.

Ein reknar med at det i snitt døyr eitt språk kvar fjortande dag, og at det innan dette hundreåret berre vil vere halvparten igjen av dagens 7000 språk.

Visste du at ein reknar med at ca. 600 sørsamar i Noreg og Sverige forstår sørsamisk, men at berre ca. halvparten av desse faktisk kan snakke det? Det er då ca. 150 personar i Noreg. Sørsamisk er eit truga språk. På den andre sida reknar ein med at det er over 25000 brukarar av nordsamisk.

Norsk blant dei hundre største språka i verda

Visste du at norsk høyrer til blant dei 100 største språka i verda? Det tyder at det er ca. 6900 språk (eller 98,5 % av alle språk i verda) som er mindre, og minst 3500 av desse vil forsvinne innan 80 år. Norsk er dermed ikkje blant dei truga språka i verda.

Visste du at Noreg har hatt to offisielle norske skriftspråk heilt sidan 1885 då Ivar Aasens landsmål blei sidestilt med det modifiserte danske skriftspråket, som var i bruk den gongen? Begge skriftspråka har dermed levd i over hundre år, mens det altså døyr eitt språk kvar fjortande dag ein annan stad i verda.

Visste du at dersom ein rekna nynorsk som eit eige språk med sine ca. 600.000 brukarar, så ville det likevel rangere blant dei 200 største språka i verda? Det er altså framleis ca. 6800 språk i verda (97,1 %) som ville vere mindre enn nynorsk, og halvparten av desse er utryddingstruga.

Les også: Digitale hjelpemiddel kan hindre læring

Visste du at det var 437 personar som leverte skattemeldinga si på nynorsk i 2016 berre i Hamar kommune? Det er nesten tre gonger så mange som det totale talet på dei som kan snakke sørsamisk i Noreg.

Visste du at det var 2236 personar som leverte skattemeldinga si på nynorsk i Hedmark, der halvparten av desse bur i Hamar, Ringsaker, Løten og Stange kommune, mens det var 16.593 som gjorde det same i Oppland i 2016? Til saman vil desse kunne utgjere ein eigen innlandsby.

Vi veit at det er færre nynorskbrukarar på Austlandet, men dei finst, og dei har den same retten til å bruke målforma si, som bokmålsbrukarane.