Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 12.05.2019 10:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er stor spenning knytt til ei eventuell ny regjeringserklæring frå ei borgerleg fleirtalsregjering.

Natur og Ungdom er den siste i rekkja som stiller tydelege krav og forventningar til ei ny regjering.

– Klimaendringane er her allereie, men skal vi klare å avgrense dei og stoppe tapet av naturmangfald må KrF sikre nye gjennomslag for miljøet i ein regjeringsplattform, seier Gaute Eiterjord, leiar i Natur og Ungdom eit presseskriv.

Les også: Klimareknestykket som ikkje går opp

Fem krav til ny regjeringsplattform

Natur og Ungdom-leiar Gaute Eiterjord håpar ein ny regjeringsplattform vert grønnare enn førre. Foto: Anna Olerud/Natur og Ungdom

I kjølvatnet av rapporten frå FN sitt klimapanel som slo fast at 2 grader temperaturauke frå før-industriell tid vil vere meir alvorleg enn venta, så krev Natur og Ungdom at miljø vert førsteprioritet politisk.

– No som KrF står i ein posisjon kor dei kan sikre Noreg ei fleirtalsregjering kan dei ikkje selge seg billeg på miljøfronten, seier Eiterjord.

Miljøorganisasjonen har difor følgjande krav til ei ny borgarleg regjering:

  • Stopp dumpinga av gruveavfall
  • Start avviklinga av norsk oljenæring
  • Stopp veksten i flytrafikk, og utviding av flyplassar
  • Stopp veksten i forureinande oppdrettsnæring
  • Kutt norske klimagassutslepp med 60 prosent innan 2030

– Vi håpar KrF ryddar opp

Natur og Ungdom ber regjeringa skrote planane om å dumpe gruveavfall i Førdefjorden og Repparfjorden, eit krav som har brei støtte.

Tidlegare i år stilte alle ungdomspartia med unntak av Senterungdommen, Unge Høgre og Framstegspartiets Ungdom, seg bak eit SV-forslag om at gruveprosjekta burde revurderast. Vidare skreiv den regjerande Stjernekampvinnaren Ella Marie Hætta Isaksen nyleg i eit lesarinnlegg at ho «vil gjere kva som helst for å stoppe gruvehelvete».

Mest sentral er likevel miljøorganisasjonen si bøn om at olje som enno ikkje er vunne ut heller ikkje vert det i framtida. Ingen fleire oljelisensar, ingen fleire skattefordelar for oljenæringa. På sikt bør oljenæringa avviklast, meiner Natur og Ungdom.

Samstundes håpar organisasjonen at regjeringa legg til rette for meir aggressive klimagassreduksjonar og utsleppskutt. Det inneber mellom anna å satse meir på klimavenleg transport som jernbane, kollektivtransport, og elbil. Samt å erstatte all fossil oppvarming og energi med elektrisitet eller andre utsleppsfrie energikjelder.

– Vi forventar at KrF tek ansvar og sikrar reelle kutt og omstilling. Etter FN sitt klimapanel sin siste rapport er det klart at Noreg må kutte ein langt større del av klimagassane enn det regjeringa no legg opp til. Dei spelar hasard med vår framtid, vi håpar KrF rydder opp, seier Gaute Eiterjord.

Les også: – La fjorden leve!

Politiske plattformkrav

Natur og Ungdom er ikkje åleine om å ynskje at miljø kjem høgare på dagsordenen. Før helga meldte Dagbladet at Unge Venstre og KrFU håpar ei ny borgarleg fleirtalsregjering med KrF skal føre til grønare politikk.

Unge Venstre sin leiar Sondre Hansmark og KrFU-leiar Martine Tønnesen stilte også krav til ein ny regjeringsplattform.

Dei to ungdomspartia krev at oljeleiting på norsk sokkel skal stogge og at regjeringa skal seie nei til nye konsesjonar.

– Det ville vore veldig fornuftig å slutte å leite etter olje. Det er 85 felt i produksjon på norsk sokkel i dag, og Johan Sverdrup-feltet skal åleine produsere til 2070, lenge etter at Noreg skal ha netto nullutslepp. Det vi driv med er gambling med eiga framtida, sa Hansmark til Dagbladet.

Samstundes krev Unge Venstre og KrFU at oljesubsidiane må opphøyre, fremst av desse ordninga om tilseier at selskap som leiter etter olje kan få refundert pengar.

Vidare etterlyser dei to ungdomspartia eit varig vern av sårbare område, og ein ny strengare definisjon av iskanten for å hindre oljeverksemd langt mot nord.

Les også om Framtida.no og Magasinett sin skrivekonkurranse om klima.