Framsida MAGASINETT – Om vi skrur av språket, kva er att?
Språkdirektør Åse Wetås skulle ynskje fleire innsåg kor viktig for norsk språk dei enkeltvala ein tek kvar einaste dag er. Foto: Språkrådet.

– Om vi skrur av språket, kva er att?

Internasjonalisering og digitalisering gjer at norsk språk er under press. Språkdirektør Åse Wetås meiner tida er kome for å ta fram dei unytta språkplanane som ligg gøymde i skuffer på institusjonar landet over.

Under språkkonferansen Treng vi norsk? Ein konferanse om framtida til norsk språk i Førde torsdag, svara Språkdirektør Åse Wetås klårt og tydeleg: – Ja!

Men ho hadde også eit lengre svar.

Frå scena skisserte språkdirektøren tre viktige funksjonar for norsk språk: Det er kultursymbolet som bind oss saman som folk, det er ein sentral del av identiteten til kvar og ein av oss, og endeleg så er språket den viktigaste infrastrukturen i landet. Særleg ein av desse er under press.

Den viktigaste infrastrukturen i landet

– Med infrastruktur tenker vi gjerne på veg og biltrafikk, men om vi skrur av språket, kva er att? Det er språket som ber samfunnet vårt, seier språkdirektøren.

Og det er også som infrastruktur at norsk språk vert utfordra.

Om norsk språk er alle grusvegar, panoramavegar og fylkesvegar med ferjeovergang i landet, så kjem engelsk som ein seksfeltsveg som nyleg har vorte asfaltert. For bokmål og nynorsk vert gjerne sett opp mot kvarandre som to motsetnader i konkurranse, men mot engelsk kjem begge skriftspråka til å verte eit nummer for små?

– Det har dukka opp nye utfordringar for norsk på rad og rekke som knyter seg til megatrender i samfunnet, seier Wetås. 

Språkdirektøren fortel at dei tre største utfordringane no er internasjonalisering, digitalisering, og dei store endringane i kultur- og mediesektoren.

Les også: Er du ish på tida?

Fagspråket engelsk

Språkrådet er særleg uroa for universitet- og høgskulesektoren, der det er mykje engelsk på kostnad av norsk.

– Der skjer ei voldsom internasjonalisering som resulterer i stadig mindre bruk av norsk språk. Det er ikkje farleg at vi er mange i dette landet som meistrar norsk og engelsk, men språk vert eit problem når dei fortrenger kvarandre, seier Wetås. 

For i akademia er mindre enn ti prosent av publikasjonane frå dei tre største universiteta i Noreg på norsk. Universitetet i Agder søkjer om fritak for å få sleppe nynorsk, fordi dei heller vil nytte engelsk. NTNU har kampanjer som oppfordrar studentane til å «challenge democracy», og Universitetet i Stavanger held opningstala på rungande engelsk. 

Unytta språkplanar

Wetås fortel at endå sektoren har eit lovpålagt ansvar å styrke og utvikle norsk språk, så vert gode språkplanar ofte liggande i skuffa. Det går utover kommunikasjonsevna til dei 90 prosent av studentane som går ut i eit norsk arbeidsliv, det oppdaterte fagspråket, og den opplyste samfunnsdebatten.

– Om vi skal ta alle dei store ordskifta, så treng vi det språket og dei kunnskapane alle sektorane kan bidra med, seier språkdirektøren.

Wetås etterlyser ei incentivordning for å sikre formidling på norsk. Institusjonane får i dag berre midlar for å uteksaminere studentar og for å skrive forskingsartiklar i internasjonale tidsskrift.

– Det gjer at formidling veldig ofte kjem nedst på prioriteringslista. 

Les også: – Bokmål under press frå dialektar og engelsk

«Awesome»

Samstundes vert heile kvardagen digitalisert.

– Det er ei massiv utvikling av velferdsbasert tale-til-tekst løysingar, slik at også bestemor på Snåsa skal kunne bu heime hjå seg sjølv, seier Wetås, og held fram:

– Det er viktig at desse ressursane skjønar norsk og skjønar dialekter. Ungane våre, som vi før kika på ut vindauget når dei spelte fotball, dei ligg no på sofaen med nettbrett.

Ein rapport frå Språkrådet i 2017 synte at berre 29 prosent av ungar mellom seks og ni år oftast møter norsk språk når dei ser videoar på Youtube og Facebook. Samstundes har dei mattematikkspel som seier awesome når du får alle svara rett, og Dora utforskaren som seier at ting er delicious.

Åse Wetås peikar på at alle dei nye publiseringsplattformane gjev språklege utfordringar, både for unge og vaksne, men det er særleg barn og ungdom Språkrådet er bekymra for.

Vi veit dei brukar mykje tid særleg på Youtube og dataspel, og då er det viktig at dei kan bruke norsk. Vi kan ikkje springe etter dei å seie «Ikkje spel! Her skal du få ei god barnebok i staden». Vi må gjeve dei eit godt kvalitetstilbod der dei faktisk oppheld seg, seier Wetås. 

Norsk på alle plattformar

Løysingane må følgje teknologien. Språkdirektøren etterlyser difor tydelege krav, og ei språklov som er offensiv. Den lyt rette seg inn mot sektorane der norsk er under sterkast press, og lyt særleg sikre nynorsk. 

Samstundes må vi omfamne språket vårt.

– Vi må vise at det er godt nok alle plassar og til alle tider på døgnet. Det inneber også at vi må slutte å reklamere på engelsk, seier Wetås.

Og slik avsluttar språkdirektøren føredraget ho held i Sogn og Fjordane. Nynorskfylket som prøvar å lokke unge attende med slagordet «#beasognandfjording»

Les også: I framtida kjem kanskje alle til å snakke same dialekt

Oppdatert: måndag 12. november 2018 11.25

Kommentarar

ANNONSE