Slår alarm for norsk språk

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Berre 29 prosent av dei mellom seks og ni år møter oftast norsk språk når dei ser filmar på Youtube og Facebook. Det kjem fram i ein ny rapport frå Språkrådet.

Noregs Mållag synest det er dramatiske tal.

Magne Aasbrenn i Noregs Mållag åtvarar mot aukande bruk av engelsk. Foto: Noregs Mållag

– I Noregs Mållag er vi glade for at den nye rapporten som kjem frå Språkrådet, tar opp den dramatisk auka påverknaden av engelsk på barn som veks opp i dag, seier leiar i Noregs Mållag Magne Aasbrenn i ei pressemelding.

– Fare for stort kulturtap

Mållaget meiner at rapporten viser at om ikkje fleire samfunnsinstitusjonar, politikarar og pedagogar slår ring om norsk språk på ein meir handfast måte enn det blir gjort i dag, så står vi i fare for å gå eit stort kulturtap i møte.

For å hjelpe på denne situasjonen må det blant anna bli eit vilkår at digitale læremiddel i skulen blir produserte på både bokmål og nynorsk, og det må lagast språkplanar for arbeidet ved universitet og høgskular.

I fjor gjekk Noregs Mållag kraftig ut mot at den offentlege grunnskulen i Oslo opna for eit tilbod der undervisninga følger same opplegget som dei såkalla «International Schools» der all undervisning går føre seg på engelsk. Mållaget er framleis uroa for at engelsk skal bli det einaste brukte språket i delar av norsk undervisnings- og arbeidsliv.

Meir positive til engelsk i reklame

Rapporten viser at det er ei klart meir positiv haldning til engelsk i reklame og marknadsføring i  befolkninga enn tidlegare. Det gjeld særleg unge under 30 år og folk som bur i byane. Kor mange som er negative til bruk av engelsk i reklame i Noreg, har falle frå 46 prosent i 2010 til 33 prosent i 2017.

Rapporten gjer det også tydeleg at norsk språk er under press i mange delar av kulturlivet. Det gjeld altså ikkje berre for nynorsken, men også for bokmålet. Språkbruken er regulert berre i avgrensa delar av sektoren. Sjølv mediemangfaldsutvalet har lagt lite vekt på rolla media spelar når det gjeld norsk språk.

– Trong for akutt-tiltak

Den ferske rapporten frå Språkrådet viser at det er akutt nødvendig å setje i verk stimuleringstiltak som kan sikre bruken av norsk i høve engelsk og å sikre stillinga til nynorsken. Både offentlege og private aktørar bør trekkjast med i eit slikt arbeid, ifølgje Mållaget. Det materiellet barna møter i skulen, kan ikkje vere så tilfeldig samansett som det er i dag, og det må bli eit leiaransvar å passe på at høgare læreinstitusjonar bruker norsk når dei kan og avgrensar bruken av engelsk til når dei må.

– No gjeld det som aldri før å hegne om språket vårt. I Noregs Mållag er vi glade for at fleire av partia på begge sider av dei tradisjonelle politiske skiljelinene har sett dette i utforminga av partiprogramma før stortingsvalet. Dermed håpar vi eit meir aktivt språkvern blir praktisk politikk i neste stortingsperiode, avsluttar Magne Aasbrenn.