Universitet ber om å få sleppe nynorsk

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

UiA meiner dei har nok med å skrive på bokmål og engelsk, skriv fagbladet Forskerforum.

«Internasjonaliseringen har medført stor andel engelsk i både skriftlig og muntlig kommunikasjon ved universitetene. UiA har en økende andel internasjonale ansatte og studenter. Det brukes mye ressurser på å utarbeide informasjon også på engelsk. I dette perspektivet bør en se på om kravet om 25 prosent som et minimum av hver målform er like tilpasset denne sektoren», skriv UiA til departementet.

Universitetsdirektør Seunn Smith-Tønnessen seier til Forskerforum at dei ikkje har noko ønske om å fjerne nynorskkravet, men at dei ønskjer å peike på noko som kan gjere arbeidet deira enklare.

– VI må kommunisere på norsk og engelsk, og med nynorsk i tillegg må vi kommunisere i tre versjonar. Det går på bruken av ressursar, seier Smith-Tønnessen.

Unnasluntrar

Universitetet i Kristiansand og Grimstad har gjennom fleire år late vere å sende inn den obligatoriske årsrapporten om målbruk i statsorgan til Språkrådet, men leverte etter ei skarp purring frå språkdirektør Åse Wetås inn tala for 2017. Tala viste at det står svært dårleg til. I visse tekstkategoriar er nynorskinnslaget på oppimot fem prosent, men elles mindre.

Seksjonssjef Daniel Ims i Språkrådet avviser argumentasjonen frå UiA om at det er ressurskrevjande å oppfylle lovkravet om minst 25 prosent av kvar målform.

– Det er ikkje meir kostnadskrevjande å skrive på den eine eller andre målforma. Det som er dyrt, er å først skrive på bokmål og så omsetje til nynorsk, men UiA har ikkje gjort det, seier Ims til Forskerforum.

Uproblematisk for utlendingar

Han kan heller ikkje sjå at målformkrava skulle vere eit problem for internasjonale studentar og tilsette, slik UiA ymtar om.

– Gruppa som forstår bokmål godt, men ikkje nynorsk, den er det nok ikkje så veldig mange som høyrer til, seier han.

UiA er elles ikkje det einaste organet i kunnskapssektoren som sluntrar unna mållovskrava. Ifølgje eit tidlegare oversyn er det ingen av universiteta som oppfyller krava heilt og fullt. Dei beste i klassen er Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet, som begge ligg svært tett opptil kravet. Høgskulen i Volda bruker derimot for lite bokmål.

Ifølgje mållova må alle statsorgan sørgje for at minst ein firedel av tekstane som blir publiserte i trykksaker og på nettet, er på nynorsk – eventuelt på bokmål. Alle skjema og eksamensoppgåver skal finnast i begge målformer, og alle som skriv til statlege organ, har krav på svar på si eiga målform. (©NPK)

LES OGSÅ: Vart beden om å godtta eksamen på nynorsk