– Bokmål under press frå dialektar og engelsk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dialekt og engelsk pressar bokmål

Der engelsk blir meir brukt, går det mest ut over bokmål, særleg i vitskap, næringsliv og underhaldningsindustri.Talt bokmål er dessutan under press frå dialektar både i radio og tv, og blant dei som bur i vest og nord.

Det skriv Ottar Grepstad i «Språkfakta 2015».

QUIZ:Skjønar du bokmål?

I 20 år har han arbeidd med å utvikle, samle og analysere statistikk som dokumenterer utbreiinga av språk. No er det heile samla i «Språkfakta 2015» med undertittelen «Ei forteljing om språk i Noreg og verda».

Direktøren i Nynorsk kultursentrum har redigert 867 tabellar og kommenterer alle. Frå og med Den europeiske språkdagen 26. september blir eit nytt kapittel publisert kvar dag på Aasentunet.no, fritt tilgjengeleg for alle.

Stabil bruk av nynorsk

På nesten alle område som kan målast, er bruken av nynorsk ganske stabil over lang tid.

– Stabiliteten til nynorsken er ein logisk konsekvens av dei formelle rammene rundt skriftspråka i Noreg, og dei veldig vitale skriftkulturane me har, sa Ottar Grepstad til Framtida.no tidlegare i haust.

Av vel 4,2 millionar innbyggjarar over 15 år i 2015 er bokmål førstespråket for 3,6 millionar, nynorsk for om lag 600.000, skriv Grepstad. Fire av ti nynorskbrukarar er reelt tospråklege ved at dei brukte nynorsk og bokmål om lag like mykje.

LES OGSÅ: Auke i talet på nynorskbrukarar

Sterkare stilling for nordsamisk

Sikre tal for brukarar av samiske språk eller kvensk ligg ikkje føre. Nordsamisk står i 2015 vesentleg sterkare enn for 30 år sidan, medan sørsamisk og lulesamisk er i vanskar. Det gjeld også kvensk, som færre elevar har lært å lese og skrive utover på 2000-talet.

I Noregbur det no folk frå over 200 land, og frå og med 2001 har grunnskulen hatt elevar med over 200 ulike morsmål.

LES OGSÅ:Får betre karakterar med nynorsk

Her kan du sjå utvikling mellom nynorsk og bokmål dei siste åra:

Faktaboks

Fem fantastiske språkfakta

1. På 18 av 25 område var bruken av nynorsk stabil eller aukande frå 2005 til 2014
2. Frå 1800 til 2014 er det gitt ut 416.000 bøker i Noreg – 82 prosent var på bokmål
3. 16 prosent av alle teatergjester vitjar nynorske teaterscener
4. Den 1.1.2015 hadde Noregs Mållag 12.969 medlemer, Bokmålsforbundet 1033
5. I 2014 brukte norske massemedium «bokmål» 1707 gonger og «nynorsk» 3832 gonger

Kjelde: Ottar Grepstad: Språkfakta 2015, Aasentunet.no

Ottar Grepstad: Språkfakta 2015
· Det største verket nokon gong på norsk om utbreiing og bruk av språk
· 867 tabellar om språk i Noreg og verda gjennom fleire tusen år
· 19 kapittel, 38 tema-artiklar og eit avsluttande essay
· Kvar dag kl. 07.00 i 20 dagar blir eit nytt kapittel publisert på Aasentunet.no
· 1700 sider i utskrift i A4-format