Engelske slagord skal lokke unge arbeidstakarar

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert
Oppdatert 06.11.2017 09:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Awesome Sogn og Fjordane» og «Don’t get trapped, #beasognandfjording» er nokon av slagorda Framtidsfylket bruker på annonsane sine for karrieremessa.

– Vi tykkjer ordet «awesome» er dekkande, fordi vi har så mange spennade bedrifter å vere stolte av. Dette er også eit ord som blir mykje nytta av P3-Ronny, som er ein av våre fremste unge nynorskformidlarar i media. Det er også ei språkdrakt som t.d. Kjartan Lauritzen, som skal vere med på messene, kan kjenne seg att i. «Awesome» er eit uttrykk ungdommen kjenner, seier dagleg leiar i Framtidsfylket, Gro Rukan til lokalavisa Firda.

– Men blir ikkje uttrykk som «awesome» og «don’t be a donkey» eigentleg eit litt pinleg fjortisspråk? spør journalisten og refererer til eit tidlegare slagord; «Don’t be a donkey #beasognandfjording».

– Tykkjer du det? Eg tykkjer det er humoristisk. «#beasognandfjording» kling nokså godt. Tilbakemeldingane er positive, og arbeidet vi legg ned blir lagt merke til.

Tidlegare redaktør i Språkrådet, Sylfest Lomheim, er lite imponert over Framtidsfylkets kampanje.

– Det å bruke nokre engelske taggar gjer ikkje inntrykk på ungdommen. Dette er ikkje eit teikn på at ein er i front og har noko å fare med. Det er mangel på originalitet, seier Lomheim.