Lektor: – La elevane bryte reglane i norsk

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I staden for å kopiere kronikkar frå Aftenposten, bør elevane få nytte kreative innslag frå deira eiga tekstverd. Argumenterande og resonnerande tekstar treng ikkje å vere kjedelege, seier norsklektor Tor Thorvaldsen.

Kathrine Tranøy, som vann Oos’ legat for beste norskeksamen, skildrar norskfaget på vidaregåande som låst til retningslinjer. Thorvaldsen meiner ho har heilt rett. Å følge ei oppskrift frå læreboka er mindre interessant.

Kathrine Tranøy er ein av tre vinnarar av Oos’ legat i 2018. Ho vann pris for beste norskeksamen, men synest sjølv at faget var lite spennande på vidaregåande. Foto: Beate Haugtrø

– Det er på ein måte både trist og godt å høyre, for det stadfestar noko av det eg meiner. Vi må i større grad få norskskrivinga over på elevane sin banehalvdel, seier han.

I fjor leverte han masteroppgåva «Å invitere elever til kreativ skriving». Der han tar til orde for kreative saktekstar. Elevane skal få bruke meir av seg sjølve. Dei skal sleppe å kopiere kronikken i Aftenposten, og det er tid for å bryte skrivemalane i norskboka.

Sjå norskfaget som 13-årig løp

– Vi har to tekstverder som er veldig ulike. Det er den skulske stilen, der det er forventa at ein følger den og den malen, og så har vi elevane si tekstverd. Ungdom i dag skriv ekstremt mykje, sikkert sidevis kvar dag i diverse sosiale medium, seier Thorvaldsen.

Eg trur at diskusjonen i klasserommet må styre meir av norskfaget, ikkje tradisjonen

Tor Thorvaldsen, norsklektor

På vidaregåande vil han gjerne at desse to tekstverdene kolliderer. Elevane bør kunne vise refleksjon over det faglege, samtidig som dei får bruke det språket som finst rundt dei på ein føremålstenleg måte.

Thorvaldsen meiner at skriveopplæringa i grunnskulen, med tydelege retningslinjer og krav til form og innhald, er både god og viktig. Men for å utvikle seg vidare må elevane få moglegheit til å tenke sjølve og bruke eigen kreativitet. Reglane er til for å brytast.

Det er her kreativ sakskriving kjem inn. Kreativ sakprosa kan minne mykje om essayet, men målet er at elevane medvite skal bryte reglane. Andre sjangrar og litterære verkemiddel skal inn i blandinga, det same skal element frå elevane sin meir kvardagslege tekstbruk. Munnleg språk, nyord, og utradisjonelle inngangar til oppgåvene bør heiast fram.

– Kreativ sakskriving kan utgjere ein slags finale i eit 13-årig skuleløp, seier Thorvaldsen.

Språkhistorie som fotballkamp

– Kva endar ein opp med på elevane sin banehalvdel?

– Då dukkar det opp veldig mykje kreativt, til dømes ein tekst som framstiller språkhistoria som ein fotballkamp mellom fleire lag. Det dukkar opp innbyttarar, ein dommar og litt av kvart. Tekstane får ei heilt anna utforming enn den skulske malen vi har i dag.

Apropos språkhistorie. Norskfaget i endring, og mange er redde for at slankeprosessen skal fjerne mykje av kulturhistoria frå faget.

Både Thorvaldsen og andre Framtida.no har snakka med meiner norskfaget må slankast for å gje plass til mellom anna skriving, men historia er også viktig for å kunne delta i samfunnet. Ein må har visse felles referansar for ikkje å falle utanfor.

– Vi må ha reelle diskusjonar med elevane. Kva meiner dei det er viktig å kunne for å ikkje kjenne seg uopplyste, eller for å kunne delta i samfunnet? Ikkje berre i 2018 men også i 2030. Dei er trass alt 17, 18 og 19 år, og mange er svært oppegåande. Eg trur at diskusjonen i klasserommet må styre meir av norskfaget, ikkje tradisjonen.

Nokre felles knaggar må det altså vere, men kanskje kjem ein i fellesskap fram til at Ivar Aasen skal vere med i oppgåva, utan å legge føringar for korleis. Sjangerlære og språkhistorie skal elevane dessutan ha mykje kunnskap om frå før. No er det jo klart for finalen:

– Norsk er det store faget som alle skal ha i 13 år. Å bruke tida på repoduksjon av nasjonalromantikken, eller å lese Karens jul for sjette gang, det er ikkje å bruke faget på ein god måte.

Finale for dei beste?

Utgangpsunktet for denne artikkelen, er uttalar frå svært dyktige elevar som føler at norsk på vidaregåande var kjedeleg. Dei etterlyser større kreativ fridom, men er dette noko som vil vere bra for alle?

– Det er eit interessant spørsmål. I intervjua og kontrollspørjeskjema var vi opptatt av å sjå på dei som mangla motivasjon, seier Thorvaldsen.

Han meiner at malane og oppskriftene i norskboka kan verke framandgjerande, i staden for å vere til hjelp i skrivearbeidet. Ved å få følge opp eigne idear, som å følgje fortelingssturkturen til eit dataspel, kan fleire elevar knekke koden:

– Eg ser, både vitskapleg og frå erfaring, at elevar som manglar motivasjon oppdagar at denne måten å skrive på er motiverande. Dei får større eigarskap til det dei held på med, og eg har sett at elevar blomstrar.