Osloelevar gjennomførte heildagsprøve med med tilgang til internett
Utdanningsetaten ber skular ta kontakt om det har ført til store forstyrringar.
Torsdag 27. november gjennomførte alle VG3-elevar i Osloskulen ein fem timar lang heildagsprøve i norsk. Elevane skulle ikkje ha tilgang til internett, men ein feil frå leverandøren førte til at elevane sin nettilgang ikkje var stengt.
– Me oppdaga feilen ved oppstart av prøven og det vart sett i verk feilsøk og feilen vart retta, seier Pål Einar Røch Johansen, seksjonssjef for Utdanningsetaten i Oslo, på telefon til Framtida.no.
Ekstra vakter
Han har ikkje tal på kor mange elevar som vart råka, men fortel at det i utgangspunktet gjeld alle elevar på VG3 som har norsk og elevar med kort butid i Noreg som har eit anna oppgåvesett. Tal frå Udir viser at det er over 7000 elevar elevar som gjekk VG2 i fjor.
Utdanningsetaten tok raskt kontakt leverandøren deira CGI, som tok saka vidare med leverandøren Netsweeper i Europa.
Johansen fortel at skulane sette i verk eigen beredskap, som handlar om å ha vakter som følgjer med på skjermane til elevane. Nokre skular gjennomførte òg stikkprøvar for å avdekkja eventuelt juks.
Nokre skular klarte å stengja nettet undervegs, medan andre elevar har gjennomført heile prøven med open nettilgang.
Fare for juks
– Når nettet er ope er det alltid ein risiko for at nokre elevar har vore inne på sider ein ikkje skal, medgjev Johansen.
Han seier skulane må vurdera elevane sine svar og gjera ei vurdering av om desse framstår underlege med tanke på tidlegare prestasjonar.
– Ser ein tekstar som ber preg av KI må ein følgja opp, men me trur elevar i hovudsak ikkje juksar berre fordi dei har moglegheit til det, seier han.
Fordi feilen skjedde på ein prøve som er ei undervegsvurdering, og ikkje ei sluttvurdering, vil ikkje elevane automatisk måtte ta prøven på nytt.
Under eksamen har Utdanningsdirektoratet ansvaret og brukar eit anna system på nokre eksamenar, som heiter Safe Exam Browser.
Ber om tilbakemelding
Utdanningsetaten i Oslo tek likevel saka alvorleg og har bede om tilbakemeldingar frå rektorar. Om feilen har ført til så mykje uro at det vert vanskeleg å vurdera svara, ber Johansen dei ta kontakt med etaten for å finna ei løysing.
– Det kan vera enkeltgrupper der dette vart dumt og forstyrrande under gjennomføring og då kan det henda at det ikkje er hensiktsmessig å vurdera til dømes, men generelt har me inntrykk frå det rektorane melder inn at denne prøven kan brukast som ei undervegsvurdering, avsluttar han.






