Mista skrivegleda på vidaregåande

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

To av elevane som vann pris for beste norskeksamen meiner noko av skrivegleda forsvann då dei kom på vidaregåande.

– På vidaregåande vart det veldig låst til retningslinjer. Då var det ikkje så kjekt lenger, sa  Kathrine Tranøy då ho og dei to andre vinnarane av Oos legat vart intervjua.

Ho presiserer overfor Framtida.no at ho var heldig å ha ein norsklærar på vidaregåande som forsøkte å prioritere skriveoppgåver, men ho følte likevel at norskfaget hang for mykje att i mellom anna norsk kulturhistorie framfor å vere eit fag som opna for å utfalde seg skriftleg.

– Eg skulle gjerne fått brukt kreativiteten meir, og fått skriveoppgåver som er meir retta mot noko vi får bruk for seinare, seier ho.

Utfalde seg estetisk og litterært

Kjell Lars Berge er professor i retorikk og språkleg kommunikasjon ved UiO. Foto: UiO

– Det overraskar meg ikkje, seier Kjell Lars Berge om Tranøy si oppleving av norsk på vidaregåande.

Han er professor i retorikk og språkleg kommunikasjon ved Universitetet i Oslo, og har lese, rettleia, og skrive sin del om skriving i skulen.

Ein konklusjon er at skrivinga er for tett knytt til kompetansemål i norskfaget, og at skriveoppgåvene blir øvingar til eksamen. Norskfaget har eit veldig stort innhald. Skriveoppgåvene blir derfor gjerne kombinerte med anna fagstoff, som til dømes kultur- og språkhistorie.

I staden meiner han fleire fag bør ta det ansvaret dei har fått for skriveopplæringa, og at norskfaget i større grad kan ta seg av dei estetiske sidene ved tekst.

– Det finst nesten ikkje fristadar for det estetiske i skulen, med mindre ein har valt til dømes ei dramalinje. Her bør norskfaget ta meir ansvar, og la elevane utfalde seg estetisk og litterært, seier Berge.

Då tenker han ikkje berre på fiksjon, men også det å utfolde språket og bli utfordra på litterær kvalitet i fleire sjangrar. Å forme tekstar grafisk, eller sette tekstar om til andre medium, til dømes film, kan også vere ein del av eit slikt fag.

Vil ha mappevurdering

I tillegg til at eit friare norskfag kan auke motivasjonen, og gje større utfordringar til elevar med høg skrivekompetanse, meiner Berge at dei andre faga bør ta ansvar for at skriving i større grad blir brukt som reiskap for læring:

– Ein lærer ved å skrive, og ein lærer seg sjølv å kjenne ved å skrive. Om skrivinga blir brukt for å sette karakterar, og ikkje som eit verktøy for læring og utvikling, blir det fort lite interessant, seier Berge som ønsker seg fleire små og store skriveoppgåver.

Helst vil han heilt vekk frå eksamenstanken, og han har støtta opposisjonen sitt krav om å gå gjennom vurderingssystemet.

– Å vurdere skriving med mappevurdering, der elevane skriv fleire tekstar på både hovudmål og sidemål, får ein eit heilt anna bilde av elevane si faktiske meistring. Det kan gje betre oppgåvekriterium med fokus på læring, seier Berge.

Bra med slanka norskfag

Det å skrive tar tid. Berge har gjennom eigne prosjekt i skulen sett at det å sette av tid til å skrive er vanskeleg:

– Problemet er at norskfaget er så stappa at det sprekk i alle endar.

– Bør ein dele faget i to?

– Det har eg meint i mange år. Å gjere faget til eit skrive- og snakkefag, framfor eit kunnskapsfag, trur eg ville løyst mange problem.

Læreplanane er under fornying og skal vere klare i 2020. Noko deling av norskfaget er ikkje aktuelt no, men arbeidsgruppa går inn for å redusere talet på kjerneelement i faget. Det er Berge glad for.

Interessegrupper har naturleg nok reagerte med å forsvare sine fagområde. Mellom anna meiner Noregs Mållag at norrønt og eldre kultur- og litteraturhistorie må inn att som eit kjerneelement.

– Det blir spennande å sjå kva kjerneelement som er med til slutt. Målet må vere at det er færre, ikkje fleire, seier Berge.