Statsbudsjettet: Mindre stipend til folkehøgskuleelevar
– Me er djupt skuffa over ei særdeles dårleg oppfølging av den nye lova om folkehøgskulen, seier dagleg leiar i Folkehøgskolerådet.

I statsbudsjettet som Arbeidarpartiet la fram denne veke foreslår dei å gi folkehøgskular mindre av studielånet om til stipend.

Anne Tingelstad Wøien, dagleg leiar i Folkehøgskolerådet
Dersom ein fullfører skulegangen, får ein i dag 40 prosent av basislånet omgjort til stipend, medan det frå hausten 2026 av vil vere 15 prosent, om budsjettet vert vedteke.
– Ein skikkeleg øyrefik
– I ei tid der utanforskapet aukar, fråværet i vidaregåande skule stig og fleire unge slit med psykiske utfordringar, trengst det fleire praktiske og karakterfrie læringsarenaar – ikkje færre. Kuttet vil ramme elevane og dette er ikkje eit «ungdomsløft», men ein skikkeleg øyrefik, seier dagleg leiar i Folkehøgskolerådet, Anne Tingelstad Wøien, i ei pressemelding.
Ho peiker på regjeringa sitt varsla «ungdomsløft» som skal få fleire unge som står utanfor arbeidslivet inn i jobb.
– Djupt skuffa
– Me håpar Stortinget ser kor håplaust dette forslaget er, og at dei rettar opp i det i den vidare budsjettbehandlinga.
Ho meiner Folkehøgskulane må vere ein stad der ungdom frå alle samfunnslag kan møtast, og synest budsjettet står i sterk kontrast til den nye folkehøgskulelova frå 2024.
– Det var eit klart ønske om at folkehøgskulane skulle bli meir mangfaldige. No legg regjeringa i staden opp til at det blir vanskelegare å få til auka mangfald, seier Tingelstad Wøien.
– Me er djupt skuffa over ei særdeles dårleg oppfølging av den nye lova om folkehøgskulen.