«Når tida er så knapp i forhold til storleiken på pensum, er det heller ikkje rart at elevar ofte manglar både motivasjon og læreglede» skriv Inger Helgestad.

Nyleg skreiv Framtida om at heile 11 ungdomsskular i Bergen no droppar ein stor del av karaktervurderingane – og at dette har resultert i mykje positiv respons.

Også 16-åringen Bendik Sæther Wessel skreiv eit Si ;D-innlegg i Aftenposten om nettopp karakterar, med overskrifta «Vi jobber kun for karakterene, ikke selve læringen». Dette innlegget hadde fleire poeng som eg kjende godt att, særleg frå då eg sjølv gjekk på vidaregåande. Om lag heilt sidan eg var ferdig som vidaregåandeelev for snart to år sidan, og opplevde det som for meg blei ein svært positiv overgang til universitetet, har eg nemleg stilt meg sjølv spørsmålet: Kvar var eigentleg læregleda på vidaregåande? For den var nærast fråverande.

Inger Helgestad

Plutseleg var det spennande å lære

Då eg skulle gjere meg ferdig på vidaregåande og gå vidare på studiar, var eg veldig usikker på om det kom til å bli ein for stor overgang. Om det kom til å bli for vanskeleg å lære seg alt fagstoffet før eksamen, om eg i det heile kom til å klare det. Men det som eg såg for meg at skulle bli vanskeleg, blei for meg nesten eine og åleine ei positiv oppleving. Eg opplevde nemleg at motivasjonen og gleda av å lære nærast skaut i taket i den augeblinken eg forlèt vidaregåande og tok det første steget inn i høgare utdanning. Plutseleg var det spennande å lære, eg var motivert for å lese og eg tykte nesten alt på pensum var interessant. Det hadde eg ikkje opplevd sidan eg byrja på barneskulen, då eg kunne hoppe i taket av nye lærebøker berre fordi eg tykte det var så spennande.

Plutseleg var det spennande å lære, eg var motivert for å lese og eg tykte nesten alt på pensum var interessant.

Ein kan godt seie at grunnen til at eg opplevde denne auka i motivasjonen var fordi eg no studerte noko eg sjølv hadde vald. Og det er nok absolutt eit relevant poeng. Likevel har eg ved fleire anledningar opplevd at eg i dag har ei heilt anna interesse for fagstoff som eg faktisk hadde på pensum på vidaregåande, og som eg då tykte var eit slit, men som eg no tykkjer er spennande. Eg har opplevd både å ha lyst til å studere og å faktisk studere noko eg på vidaregåande aldri hadde trudd eg kom til å få lyst til. Og då melder følgjande spørsmål seg fort: kvifor er det slik?

Fridom og tid er viktig

Svaret, for min del, er ganske enkelt; eg fann endeleg tilbake til gleda av å lære noko. Eg fekk både tid og fridom til å tileigne meg stoffet på ein ordentleg måte, eg kunne fordjupe meg, og eg fekk tid til å jobbe med stoffet over lenger tid. Og alt dette kunne eg gjere på ein måte som eg likte, og utan å ha det konstante fokuset på testing, vurdering og prestasjonar hengande over meg. Fridom og tid blei difor viktige, positive endringar – og særleg tida hadde tidlegare vore altfor knapp.

Dette er også eit poeng som nemnde Bendik Sæther Wessel skriv om i sitt innlegg i Aftenposten – at storleiken på pensum ikkje samsvarar med tida elevane har til å lære seg stoffet. Resultatet for mange blir rein pugging og fagstoff som sit akkurat lenge nok til å gjere det bra på prøva, før det må vike for nytt fagstoff til neste prøve, sannsynlegvis i eit heilt anna fag. Det er ikkje tid til å lære, det er berre tid til å pugge. Sjølv har eg ikkje tal på alle gongene eg opplevde å få tilbake ei prøve eg hadde hatt kanskje to veker tidlegare, og til og med fått ein god karakter på, der eg ikkje ein gong kunne hugse kva temaet for prøven hadde vore. Og når ein i løpet av to veker kan gå frå god kunnskap om emnet til å gløyme kva prøva i det heile handla om, då meiner eg at noko ikkje stemmer.

Sjølv har eg ikkje tal på alle gongene eg opplevde å få tilbake ei prøve eg hadde hatt kanskje to veker tidlegare, og til og med fått ein god karakter på, der eg ikkje ein gong kunne hugse kva temaet for prøven hadde vore.

Treng tid

Skilnaden mellom skulesituasjonen eg hadde på til dømes vidaregåande versus skulesituasjonen eg møtte i høgare utdanning er tydeleg, og særleg dersom ein ser på nettopp tida. På universitetet har eg tre fag per semester, på vidaregåande hadde eg sju eller åtte fag per år. Det vil altså seie at eg no har eit heilt semester til disposisjon for å lære meg pensumet i tre fag, før eg tek nye tre fag neste semester. På vidaregåande hadde eg eit heilt skuleår på å lære meg pensumet til eksempelvis sju fag. Ikkje berre blir resultatet minst eit fag meir i året, men det fører også til at ein som vidaregåandeelev må konsentrere seg om mykje meir på same tid. Medan eg no må fordele kapasiteten min på tre fag, må ein vidaregåandeelev fordele kapasiteten sin på minst sju fag. Det seier seg sjølv at moglegheita til å ta seg tid til å forstå stoffet, til å faktisk lære stoffet, blir betrakteleg større idet ein tek steget vidare opp på utdanningsstigen.

Når tida er så knapp i forhold til storleiken på pensum, er det heller ikkje rart at elevar ofte manglar både motivasjon og læreglede.

Faktisk læring i staden for pugging

Når tida er så knapp i forhold til storleiken på pensum, er det heller ikkje rart at elevar ofte manglar både motivasjon og læreglede. For mange handlar det nemleg ikkje om læring lenger – det handlar om å berre komme seg gjennom, det handlar om karaktersnitt og det handlar om å kome inn på det studiet ein har lyst til. Og sjølv om dette er viktig, så trur eg det hadde kome av seg sjølv i mykje større grad dersom elevane opplevde ei glede av å lære og ei interesse for faga dei har. Dette trur eg er mogleg å oppnå, men eg trur det er essensielt å omstrukturere. Færre karaktervurderingar er nok absolutt eit steg i riktig retning, då det forhåpentlegvis kan gi eit større fokus på læring, og ikkje berre på resultat. Samtidig trur eg òg at eit nøkkelord er nettopp tid. Det er viktig at også vidaregåande- og ungdomsskuleelevar får tid til å fordjupe seg i fagstoffet dei må gjennom, og faktisk lære seg kva det handlar om, og ikkje berre pugge det for å få ein god karakter.

Me treng å leite fram att læregleda og la den overvinne prestasjonsfokuset, også på desse utdanningsnivåa.

LES OGSÅ: Verdskjente lærarar: Dette er viktigast å læra for framtida

Oppdatert: sundag 25. mars 2018 12.54

Kommentarar

ANNONSE