No er det fleirtal for èin time fysisk aktivitet kvar dag på skulen

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No er det fleirtal for èin time fysisk aktivitet kvar dag

Først publisert på Porten.no!

Leikanger: I går vart det klart at Helsekomitèen føreslår å innføra èin time fysisk aktivitet i skulen kvar dag. Det var opposisjonspartia Ap, Sp, SV og KrF som sikra fleirtal for forslaget og dei ber no regjeringa fremma saka for Stortinget.

– Dette har me veldig gode erfaringar med, seier rektor Ingunn-Marie Myren ved Leikanger ungdomsskule.

HAR TRUA: Rektor Ingunn-Marie Myren på Leikanger ungdomsskule trur fysisk aktivitet er bra, òg for hjernemusklane.

HAR TRUA: Rektor Ingunn-Marie Myren på Leikanger ungdomsskule trur fysisk aktivitet er bra, òg for hjernemusklane. Bilde: Privat

Aktive elevar lærer betre

Dei har jobba for å få meir fysisk aktivitet i skulen sidan 2004. Dei har prøvd ut fleire modellar og vore med i ei rekke både nasjonale og internasjonale prosjekt, mellom anna ASK-prosjektet til Høgskulen i Sogn og Fjordane (no HVL). I dag har elevane ein aktiv midttime to gangar i veka, i tillegg til to-tre dagar med gym.

Det har dei berre gode erfaringar med.

– Når elevane har fått lufta seg ein time, så konsentrerer dei gjerne betre og lærer meir, seier Myren.

Ho meiner både lærarane og elevane er vinnarane. Elevane får eit avbrekk frå ein skulekvardag som ellers er mykje prega av stillesitting. Lærarane får bli kjent med elevane på ein heilt annan måte, utan karaktersetting og prestasjonsjag.

– Det kan vera gull verdt, seier Myren.

Misnøye mot «rigid» ordning

I innstillinga peikar helsekomitèen på at nordmenn sit for mykje i ro. Fysisk inaktivitet blir omtala som ein global pandemi med alvorlege helsekonsekvensar.

Å innføra èin obligatorisk trimtime i skulen kvar dag trur dei vil gje helsegevinst her og no, samtidig som det kan hjelpa elevane å etablera vanar dei kan ta med seg når dei blir vaksne.

– Dette vil ikkje berre gi betre folkehelse, men òg bidra til at norske elevar får ein meir aktiv og morosam skulekvardag. Dette vil gjera at færre elevar blir skuleleie og vil kunne redusera fråfallet seinare, seier medlem av helsekomitèen og stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp) til NTB.

Høgre, Frp og Venstre representerte mindretalet som ønskte ei mindre streng formulering. Dei ville at det skulle bli lagt til rette for ein time med fysisk aktivitet i snitt kvar dag, ikkje at det skulle vera eit minstekrav.

Helsepolitiske talsmann i Høgre, Sveinung Stensland, er uroa for at fleirtalet legg opp til ei for «rigid» ordning.

– Det er ei utfordring at me legg til stadig fleire ting som lærarane skal gjennomføra. Me må følga med argusauge kor mykje dette går utover dei vanlege faga, sier han til NRK.

Trur nøkkelen er å få lærarane og elevane med på laget

Rektor Ingunn-Marie Myren legg ikkje skjul på at det kostar å innføra noko nytt. Dei har sjølve prøvd og feila med ulike metodar, før dei saman med elevane fann noko som passa på deira skule.

– No er dette er så innarbeidd hjå oss, at det er heilt naturleg. Me har eit veldig reportoar av forskjellige aktivitetar me kan gjera, seier Myren.

I den aktive midttimen har dei fleire stasjonar med ulike aktivitetar lærarane og elvane skal innom. No fram mot juleførestillinga vil det vera mykje dans på plakaten, medan det elles kan vera alt frå kajakkturar, fotball basket, stafettar, ulike spel.

Trudvang skule i Sogndal er ein annan nasjonal føregangsfigur når det gjeld fysisk aktivitet. Saman med Drammen er faktisk Sogndal ein av to kommunar som blir trekt fram i innstillinga til helsekomitèen. Dei har satsa på å integrera fysisk aktivitet i undervisinga, som mattestafettar i mattetimane og glosestafettar i norsktimane.

Uansett kva skulane går for, meiner Myren nøkkelen for å lukkast er å involvera elevane og lærarane. Det er dei som skal setta endringane ut i praksis. Viss ikkje dei kjenner deltaking eller ser gevinsten av det, er sjansane små, trur rektoren.

– Heile skulen vår er med på det. Det er ikkje ei eldsjel som eig dette. Det er vårt i lag, seier ho.