– No går elevar på skulen sjølv om dei er sjuke.

Henrik Mundal Andreassen, Sunnhordland
Henrik Mundal Andreassen, Sunnhordland
Faktaboks

Sjølv om fråværsstatistikken jamt over viser 20,4 prosent mindre fråvær på vidaregåande skular i Hordaland, er det også skular som opplever negative tal.

Mellom anna har Fitjar VGS ein auke av fråvær på 2,3 prosent. Også ved Voss Gymnas og Austevoll vgs. har fråveret auka.

LES FAKTALUKK FAKTA

Saka vart først publisert hjå Sunnhordland

Tre musikkelevar ved Stord vidaregåande skule fortel om ein heilt annan skulekvardag etter at dei nye fråværsreglane tredde i kraft i august. Fråværet på skulen er redusert med 26 prosent samanlikna med året før. 

– Ein føler at situasjonen er meir pressa enn før. At ein må vera på skulen nesten uansett kva som skjer, seier avgangselev Hilde Skaar.

– No går elevar på skulen sjølv om dei er sjuke. Men det ein må forstå er jo at det å vera på skulen fysisk, ikkje nødvendigvis betyr at ein er til stades med hovudet, supplerer medelev Kristine Stolt-Nielsen.

Omgangssjuka
Dei nye fråværsreglane betyr, kort fortalt, at ein elev maks kan ha 10 prosent fråvær i eit skulefag, før han eller ho mister karakteren i faget.

– I januar hadde me omgangssjuke på skulen. Og sjølv om eg sjølv følte meg dårleg nokre dagar, så var eg likevel på skulen fordi eg ikkje ville ha fråvær, fortel musikkelev Johannes Teetzmann.

Elevane me møter fortel liknande historier frå sin eigen skulekvardag, der dei har vald å vera på skulen, i staden for å slappa av heime i senga, om dei har følt seg sjuke ein dag.

– Du skal jo ikkje vera på skulen når du er sjuk. Men slik det har blitt no så må ein ha legeerklæring for å få sjukefri, og det kostar pengar, seier Skaar.

– Ikkje minst er det utfordrande for dei elevane som kjem frå Tysnes eller Austevoll, som bur på Stord, og som har fastlegen sin i heimkommunen. Dette gjer det ekstra vanskelegare for dei å få legeerklæring, held ho fram.

Kva gjer vi når elevane er psykisk sjuke, men ikkje sjuke nok, spør Emma Pedersen. Les innlegget.

Glad for mindre fråvær
Rektor Astrid Haugland er glad for at fråværstimane har gått ned på skulen, men understrekar at ho tek elevane sine tilbakemeldingar på alvor. Ho registrerer både fordelar og ulemper med dei nye reglane, men at reglane i det store og heile ser ut til å ha positive ringverknader.

– Fleire vil nok føla eit større press på seg til å gå på skulen enn tidlegare. Men på den andre sida så trur eg også fleire elevar vil velja å gå på skulen i situasjonar der dei kanskje tidlegare var freista til å velja senga, seier rektoren.

– Men kva tenkjer du om at elevane sjølve seier at dei blir verande på skulen, medan dei er sjuke?

– Eg opplever at dei nye reglane ikkje er bekymringsfrie. Men det er jo slik at det er elevane sjølve som bestemmer om dei skal vera på skulen eller ikkje, seier Astrid Haugland.

– Som rektor har eg også myndigheit til å utvida 10 prosentregelen, til opp mot 15 prosent i enkelte tilfelle, dersom me ser det naudsynt, legg rektoren til.

– Har du nytta dette myndet?

– Ja, det har eg. Det har vore elevar som har komme til meg med fråvær over ti prosent, der me på skulen har vurdert situasjonen, og gripe inn for å hjelpa eleven i å behalda karakteren i faget, seier rektoren.

Ulike standpunkt
Sidan dei nye fråværsreglane vart innført, har det vore sterke reaksjonar frå både opposisjonsparti, skuleelevar og andre. Men med lanseringa av dei nye fråværstala, håpar Hordaland Høgre at motstandarane byrjar å sjå nytta av tiltaket.

– Me meiner at det etter innføringa av desse reglane har blitt ei skjerping i høve til det å vera vekke frå skulen. Me innførte reglane sidan me har trua på at det å vera på skulen, vil gje eit betre læringsmiljø i klassen, seier Liv Kari Eskeland i Stord Høgre.

– Sjølv om det kan vera dagar der ein helst kunne tenkja seg å vera heime, er ein no tvungen til å vera på skulen, noko me overordna sett trur gjev betre læring, seier Eskeland.

Ho understrekar også at sjukdom ikkje betyr at ein skal vera på skulen.

– Er ein så sjuk at ein ikkje bør vera på skulen, så då bør ein heller ikkje vera skulen. Men dei nye fråværsreglane fungerer også som ein førebuing til det ordinære yrkeslivet. Og då er no ein gong sånn at ein av og til må pressa seg litt ekstra, for gjera sin del av samfunnsansvaret, seier Eskeland.

Fulle klasserom, tomme blikk, skriv Eirin Helgesen. Les innlegget.

Skeptisk
Leiar i Stord Sosialistisk Ungdom, Johanne Malene Ekeland Valvatne, er skeptisk til tala som Hordaland Høgre presenterer.

– Det er jo alltid bra når fråværet går ned. For det optimale er lite fråvær, og at folk kjem seg på skulen. Men eg er likevel litt skeptisk til desse tala. For sjølv om fråværet går ned, veit me jo ikkje om kor mange elevar det er som droppar ut av skulen, seie Ekeland Valvatne.

Ho er sjølv elev på Stord vidaregåande skule, og reagerer mellom anna også på skulen si utsending av varselbrev, som sist vart sendt ut til elevar før jul. Ekeland Valvatne meiner at ein må slutta å straffa elevane på skulen.

– Elevar må få hjelp til å komma seg gjennom skulekvardagen gjennom skulehelsetenesta, og oppfølging elles, i staden for at ein gjer dei ris, seier Stord SU-leiaren.

Les meir om debatten rundt fråværsgrensa

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.15

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE