Nedgang på 40 prosent i fråværet i vidaregåande skule

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kraftig fråværsnedgang etter fråværsgrensa

Nedgangen er på 33 prosent dersom ein måler fråværet i talet på timar. Ifølgje regjeringa er det også færre elevar som sluttar undervegs i skuleåret – og færre som ikkje får karakter i eitt eller fleire fag.

– Tala viser at elevane er mykje meir til stades på skulen og at færre fell frå undervegs i skuleåret. Dette er veldig bra og viser også at fråværsgrensa har verka slik den skulle, seier statsminister Erna Solberg (H).

Den omstridde fråværsgrensa blei innført i fjor haust og går ut på at elevane mistar retten til karakter i eit fag dersom dei har ugyldig fråvær i meir enn ti prosent av timane i faget. Fråvær som er dokumentert er gyldig fråvær.

– Mange frykta at fråværsgrensa ville føre til at fleire elevar ikkje fekk karakter i fag og at fleire slutta på vidaregåande. Tala viser det motsette, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Fakta om fråværsgrensa i vidaregåande skule

* Nye og strengare fråværsgrenser blei innført av regjeringa i fjor haust. Dei nye reglane inneber:

* Meir enn 15 prosent fråvær: Elevane vil ikkje få karakter i faget.

* Inntil 15 prosent: Rektor kan bruke skjønn i fastsettinga av karakter.

* Meir enn 10 prosent: Elevane vil som hovudregel ikkje få karakter i faget.

* Fråværsgrensa gjeld berre udokumentert fråvær.

* Fråvær som kjem av helsegrunnar, omsorgsoppgåver, arbeid for tillitsvalde, politisk arbeid, religiøse høgtider, hjelpearbeid eller lovpålagde oppgåver, blir ikkje rekna ikkje som udokumentert.

* Gjeld for alle elevar i vidaregåande opplæring, men ikkje for lærlingar, lærekandidatar og vaksne.