Fleire unge går til legen

Framtida
Publisert
Oppdatert 13.06.2017 13:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2016 var 7 av 10 til konsultasjon hos fastlege ein eller fleire gonger. Generelt har endringane i bruken av fastlegar gjennom dei siste fem åra vore små, men frå 2015 til 2016 auka særleg delen unge mellom 16 og 19 år som oppsøkte legekontora, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).

Om vi ser kva grupper av diagnosar som låg til grunn for legebesøka, er det særleg i kategorien luftvegsinfeksjonar det har vore ein sterk auke. Auken er på heile 40 prosent målt i talet på konsultasjonar per person.

– At endringa er såpass stor i ein kategori som omfattar ein del relativt lette helseplager, gir støtte til at den auka pågangen av unge ved fastlegekontora kan komme av eit auka behov for å dokumentere sjukdom som grunn for fråvær frå undervisning i vidaregåande opplæring. Nye reglar for fråvær vart innførte frå og med august 2016, for skuleåret 2016-2017, skriv SSB.