Fryktar millionar av afrikanske flyktningar til Europa

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 30.09.2017 19:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi kan ikkje lukke augene på same vis som då flyktningekatastrofa byrja for fem-seks år sidan. Hadde det vorte gjeve pengar til UNHCR og Verdas Matvareprogram(WFP) då dette starta den gongen kunne vi ha sluppe mykje av det vi såg i åra etterpå. Dei åtvara om katastrofa tidleg, men fekk berre 20 prosent av ressursane dei ba om. Folk fekk difor eit minimum i matrasjonar. Folk svalt og vart tvungne til å forlata leirane og kome til Europa, sa Torbjørn Jagland på Nobels Fredssenter torsdag kveld.

Jagland meiner at 2015, då særleg Tyskland og Sverige tok inn enormt med desperate flyktningar, vil bli rekna som ingenting samanlikna med det som kan kome i åra framover.

– Det har vore lite kjend i Europa. Men ei endå større krise på den andre sida av Sahara er under emning enn den vi har sett på vår side av Sahara, som i Syria og Libya. Presidenten i Det Internasjonale Raudekrossen fortalde meg nyleg på kontoret mitt at det er ti millionar menneske i flyktningeleirane der no. Mange freistar å flykte over Sahara.

LES OGSÅ: Flyktningekriser kjem igjen og igjen til politikken blir endra

Finanskatt kan gje ny Marshallplan

Jagland er svært positiv til den franske presidenten Emmanuel Macron og planane han har for innføringa av finansskatt i EU, ein skatt som allereie har vorte innført i Frankrike.

– Denne vil bringa inn store summar, ei slags Marshall-hjelp som kan brukast i det Macron kallar sub-Sahara. Tanken er at dette skal finansierast av nasjonar som har tent på globaliseringa. Desse må no hjelpe med å redusere problema globaliseringa har ført med seg. Eg tykkjer dette er ein glimrande idé å tenkje på, sa Jagland.

– Ein kan jo aldri seie at ingenting kan gjerast.

Europa treng ny sosialpolitikk

Jagland intervjua av Christian Borch på Nobels Fredssenter 28/9.

Han minner om at den aller viktigaste årsaka til at populistane vinn fram over heile Europa er dårleg sosialpolitikk, og at det må bli endring på dette området snøggast råd.

– Vi ser at mainstream-partia vert tvinga attende, medan andre veks. Då blir det vanskelegare for dei ansvarlege partia å ta styringa og heve blikket for det ein må gjere saman. Slik sett er eg ikkje veldig optimistisk.

Jagland er uroleg for at populistane vinn fram over heile Europa, no sist i Tyskland då AfD fekk 14% av stemmene ved valet.

– Opplysning og politisk leiarskap er løysinga for framtida, avsluttar han.

LES OGSÅ: Merkel vinn, men dei høgreekstreme nærmar seg