– Innfør Robin Hood-skatt no

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi etterlyser handlingsvilje frå Regjeringa i denne saka. Noreg bør gå framom som eit godt døme, og innføre skatt på all handel på Oslo Børs og finanstransaksjonar med norske kroner, seier Hallvard Surlien, talsmann for Grøn Ungdom, i ei pressemelding.

Berekningar frå utviklingsprogrammet til FN syner at ein skatt på berre 0,005 prosent på all valutahandel vil kunne gje minst 40 milliardar dollar årleg.

– Skatten er så liten at han knapt vil merkast, men samstundes vil han gje enormt store inntekter. Dette er òg eit godt tiltak for å redusere finansspekulasjon som ikkje er økonomisk bærekraftig, meiner Surlien.

Ni EU-land kjempar for skatten
Finansministrane frå Frankrike, Tyskland, Austerrike, Belgia, Finland, Hellas, Spania og Portugal, samt den italienske statsministeren Mario Monti, som og held finansporteføljen for landet sitt, står samla i kampen for å innføre skatt på finansielle tenester så snøgt som råd er.

– Vi trur sterkt på behovet for ein skatt på finansielle transaksjonar implementer på europeisk nivå som eit avgjerande instrument for å sikre eit rettferdig bidrag frå finanssektoren til å dekke kostnadane av finanskrisa og for å betre reguleringa av europeiske finansmarknader, heiter det i eit felles brev frå dei ni.

Dei krev vidare at det danske presidentskapet av Unionen må «akselerere analysen og forhandlingsprosessen» av forslaget Kommisjonen har laga om å introdusere ein 0,1 prosent skatt på aksjehandel og 0,01 prosent skatt på derivativhandel.

Les òg: Innfører Robin Hood-skatt

Sterk motstand
Særleg Storbritania og Sverige, men og Luxembourg, Nederland og Tsjekkia, er kraftige motstandarar av skatten, sidan dei hevdar at han vil føre til store tap av arbeidsplassar.

– Til og med nasjonal introduksjon er eit positivt steg. Finanssektoren spela ei stor rolle i krisa i 2008, men det er framleis ein av dei minst skattelagde delane av økonomien, sidan dei til dømes ikkje betalar moms, sa Stephany Griffith-Jones , Financial Markets-programdirektør frå Colombia University i ei høyring i EU-parlamentet måndag 6. februar.

EU-kommisjonen trur at ein totalt kan få inn over 50 milliardar euro om ein introduserer ein slik skatt.

Attende til teiknebrettet
Helle Thorning-Schmidt, statsminister i Danmark som har formannskap i EU dette halvåret, sa 20. mars ifølgje information.dk på ein pressekonferanse at det er vanskeleg å bli samde om eit vedtak i denne saka.

– Det må vere full semje i rådet, og det er det ikkje. Faktisk langt derifrå.

– EU-landa søkar etter "heilt andre modellar" for skatt på finansielle transaksjonar,  avsluttar ho.

Skattekommissæren i EU, Algirdas Semeta, seier at målet er å få med alle dei 27 medlemslanda med, men om dette ikkje er mulig, må ein «ta stilling til dette».

Les òg: Ja til Robin Hood-skatt!

Avviser Robin Hood-skatt
Ifølge Kjell Jørgensen, som har teke doktorgrad på utlendingane si rolle på Oslo Børs, er ein Robin Hood-skatt eintydig negativ, ifølgje forskning.no.

Ein slik skatt ville, ifølgje Jørgensen, føre til redusert flyt av kapitalen og større kapitalkostnadar. I dei finansielle marknadane i dag, kor langt over halvparten av handelen er algoritmebasert og motivert av langt mindre marginar enn 0,1 prosent, vil ein slik skatt vere kroken på døra for mesteparten av denne omsetninga, meiner finansforskaren.

– Det ville vere synd, for forsking syner at slike kortsiktige handelsstrategiar bidreg til mindre prissvingingar og auka likviditet i marknadane, meiner Jørgensen.

Han trur at ein skatt på finansielle transaksjonar vil føre med seg eit tap i velferd som er større enn dei inntektene ein slik skatt vil bringe inn.

Les òg: Robin Hood sikta mot Børsen

Sjå video om skatten frå www.robinhoodtax.org her:

Robin Hood skatt – The Banker – Norsk subtitle from Robin Hood-skatten on Vimeo.