Innfører Robin Hood-skatt

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frankrike vil ha 0,1 prosent skatt på finansielle transaksjonar frå 1. august.

Sjølv om ikkje mange detaljar vart gjeve i ein fjernsynsoverført tale sundag, var det klart at den franske presidenten ønskjer at skatten skulle bli innført over heile EU, og at Frankrike ville med denne innføringa vise veg for resten.

Det er venta at ein slik skatt vil kunne gje den franske staten ein milliard euro meir årleg, og dermed vere viktig for å redusere det franske budsjettunderskotet og halde på arbeidsplassar i Frankrike.

– Det vi ønskjer er å skape eit sjokk, for å vera eit eksempel, men straks EU innfører ein slik skatt vil vi delta i denne, sa Nicolas Sarkozy i talen som vart direkte overført på åtte franske tv-kanalar.

Han vil òg auke momsen frå 19,6 til 21,2 prosent frå oktober for at veksta i handelsnæringa skal styrkast straks.

LES OGSÅ: Robin Hood sikta mot Børsen

Andre må med
– Vi treng eit europeisk standpunkt som vi alle kan jobbe mot, sa statsminister Mario Monti til Reuters om innføring av skatten i Italia. Han er positiv til skatten, men vil ha ein allmenn EU-skatt i staden for å innføre han individuelt i ulike medlemsland.

Merkel, Monti og Sarkozy har eit møte i dag i Brussel før eit EU-toppmøte, og den nye skatten vil sannsynlegvis vere eit viktig tema på møtet.

KOMMENTAR: Ja til Robin Hood-skatt

Sjølv om mange leiarar i EU har vore meir eller mindre positive til skatten, har David Cameron i England truga med å legge ned veto og sa til BBC at det vil «drive transaksjonar til land der skatten ikkje eksisterer». Han sa vidare det er uaktuelt for Storbritania å innføre ein slik skatt om ikkje alle landa i verda er einige om å innføre han.

Faktaboks

Tobinskatt, eller Robin Hood-skatt som han òg blir kalla, er ei skattelegging av internasjonal valutahandel som den amerikanske mottakaren av Nobelprisen i økonomi James Tobin foreslo å innføre i 1972, men som ikkje har vorte sett i verk enno.                                                                                                                                                    

Gjennom ein liten skatt på alle internasjonale finanstransaksjoner ville Tobin setje grenser for kortsiktige spekulasjonar i valutasvingingar. Målet var at valutakursane skulle gjenspegle langvarige rørsler i marknaden framfor kortsiktige.

I 1997 tok avisa Le Monde diplomatique opp att tanken i ein leiarartikkel som førte til opprettinga av den globaliseringskritiske rørsla Attac. Globaliseringskritikarar reknar framleis innføringa av ein Tobin-skatt som eit sentralt krav.

Kjelde: Wikipedia