Merkel vinn, men dei høgreekstreme nærmar seg

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 26.09.2017 15:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi vil vinne att veljarane AfD tok i frå oss, sa Merkel sundag kveld. Partiet hennar mista meir enn ein million av veljarane sine frå sist val i 2013 til AfD, ifølgje den tyske allmennkringkastinga ARD.

Då ho fekk spørsmålet om ho kunne laga regjering under partileiardebatten sundag kveld hevda ho at ingen andre enn CDU kunne lage ei stabil regjering med dette resultatet, og at ho alltid var optimist .

– Styrke ligg i indre ro, sa ho.

Det kristelegdemokratiske partiet hennar fekk saman med det bayerske systerpartiet CSU omlag 33 prosent av stemmene, noko som er ned omlag 8 prosent samanlikna med førre val i 2013, men er framleis det største partiet. CSU gjekk ned omlag 10 prosent, noko som fekk leiaren Horst Seehofer til å love at partiet skal gå langt meir til høgre framover, særleg når det gjeld innvandring.

Hovudutfordraren SPD fekk det dårlegaste resultatet sidan krigen med omlag 20 prosent av stemmene, ned fem prosent frå sist val som allereie var eit dårleg val for partiet, og nektar å arbeide med Merkel framover, ettersom alliansen med CDU har fått skulda for det meste av stemmetapet. Leiaren Martin Schulz kalla sundag ein «bitter dag» i partileiardebatten.

LES OGSÅ: Det merkelege Tysklands-hatet

Dei høgreekstreme veks valdsamt

Det høgreekstreme Alternative für Deutschland(AfD) fekk om lag 14 prosent av stemmene, opp frå under 5 prosent i 2013. Partiet var største parti i minst 7 kommunar i det tidlegare DDR, særleg i delstaten Sachsen der omlag tre av ti veljarar støtta partiet.

– Det er to årsaker til at AfD går så kraftig fram. Det eine er flyktningepolitikken og motstanden mot innvandring blant delar av den tyske veljarskaren. Det andre er at dei ansvarlege partiene CDU og SPD ikkje har klart å bli talerøyr for dei som fell utanfor sosialt og økonomisk i eit Tyskland som går så det grin, sa Kate Hansen Bundt, ekspert på tysk politikk og generalsekretær i Den norske Atlanterhavskomiteen, på valvake på Kulturhuset i Oslo sundag kveld.

Det er uvisst kva AfD kan få til ettersom ingen andre vil samarbeide med dei om noko som helst. Den populære leiaren for partiet, Frauke Petry, trakk seg uventa som leiar frå gruppa tidleg måndag etter valet, ho vil vere ein uavhengig representant i Bundesdagen.

LES OGSÅ: – Tyskland må droppe Euroen

Går mot «Jamaica»

Den einaste eigentlege moglege regjeringsalliansen som gjev fleirtal er den såkalla «Jamaicakoalisjonen», der CDU/CSU går saman med Dei Grøne og FDP, to av dei mindre sentrumspartia i Forbundsdagen som begge fekk omlag 10 prosent av stemmene. Dette er namnet fordi det jamaicanske flagget har svart, grønt og gult i seg, fargane til dei tre partia.

Dette er fordi Merkel nektar å ha noko å gjere med dei to ekstreme partia på kvar side (AfD og Die Linke) og SPD har sagt nei.

Partileiardebatten kan du sjå her (på tysk).