Sju kule ord du burde ta i bruk

Beate Haugtrø
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 15:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trebjørn

Du veit, den kjappe, litt nysgjerrige som hoppar frå grein til grein og frå tre til tre. Det er ekornet vi snakkar om her. Dette ordet finst òg på bokmål.

Denne kameraten kan og heite trebjørn. Foto: Guenter KONZ-BEYER/Flickr/CC BY 2.0

Denne kameraten kan og heite trebjørn. Foto: Guenter KONZ-BEYER/Flickr/CC BY 2.0

Bustyvel

Bustyvel heiter i følge ordboka bu(r)stígull på norrønt. Ordet kjem av bust og igle. Igle står for noko som stikk. Ordet bustyvel kan ein òg bruke om nokon med bustete hår.

To bustyvlar har funne seg litt å drikke. Foto: Tero Laakso/Flickr/CC BY 2.0

Skinnvenge, skinnvengje eller kveldskingle

Dei fleste av oss brukar ordet flaggermus. Det kjem av tysk: Fledermaus, flagge og mus. Men skinnvenge og kveldskingle kan ein også bruke om skapningen som søv opp ned. Ordet finn du òg på bokmål. Da heiter det skinnvinge.

Grey headed flying fox, henta frå Flickr. Foto: Duncan PJ/CC BY-SA 2.0

Grey headed flying fox, henta frå Flickr. Foto: Duncan PJ/CC BY-SA 2.0

Fivreld

Fivreld er i ordboka forklart som eit insekt med store, skjeldekte venger. Fivreld er forklart som både sommarfugl og marihøne. Dette ordet kjem òg av norrønt fífrildi og beskriv truleg opphavleg noko som rører seg ujamt.

Les også: Nynorsk ER mykje tøffare enn bokmål

Finst det noko vakrare enn ein fivreld som flyg frå fiol til fiol? Foto: Paul/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0

Finst det noko vakrare enn ein fivreld som flyg frå fiol til fiol? Foto: Paul/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0

Og så litt bort frå dyreriket og over til andre kategoriar.

Turvande

Turvande kan du bruke om noko som er nødvendig eller naudsynleg. Ein kan til dømes seie at det er turvande å kjøpe nye sko, eller at det er turvande med eit regjeringsskifte.

Eldhug

Ordet er kanskje sjølvforklarande? Ordboka forklarer iallfall med sterk iver, entusiasme og lidenskap.

Les også: Vil styrke nynorsken med omsetjingsrobot

At Marit Bjørgen har ein eldhug for skisporten, demonstrerer ho her med levande eld. Foto: Norges idrettsforbund/Flickr/CC BY-NC 2.0

Åtgaum

Om du vekker åtgaum, så blir du lagt merke til.

Les også: 12 kule ord du berre finn på nynorsk