logo-framtida Nyhende- og debattavisa for unge
MENYLUKK
  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
  • Om oss
  • Skribentar
  • Nettstadskart
  • Nyhendebrev
  • Tema
TIPS OSS
  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
TIPS OSS
Carl Frode Tiller blir festspeldiktar på Dei nynorske festspela til sommaren. Foto: Akam / Dei nynorske festspela
Carl Frode Tiller blir festspeldiktar på Dei nynorske festspela til sommaren. Foto: Akam / Dei nynorske festspela | Carl Frode Tiller blir festspeldiktar på Dei nynorske festspela til sommaren. Foto: Akam / Dei nynorske festspela

Carl Frode Tiller festspeldiktar på Dei nynorske festspela

Forfattaren Carl Frode Tiller blir med som festspeldiktar på Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda i 2019.

Nynorsk Pressekontor
Publisert 04.10.2018 14:10
Oppdatert 20.10.2018 09:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forfattarskapen til namdalingen kjem til å prege programmet på festspela 13. til 16. juni både direkte og indirekte, lover arrangøren. Temaet blir «Forteljingar».

– Carl Frode Tiller er ei av dei sterkaste stemmene i norsk litteratur, ei av dei som viser oss kva menneskesinnet kan romme. Vi ser fram til å løfte fram fleire sider av forfattarskapen hans for publikum, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Dei norske festspela.

Les også: Ny publikumsrekord for Dei nynorske festspela

Ein takk til nynorsken

Tiller er den første festspeldiktaren frå Trøndelag, og har er både stolt og glad for oppdraget.

– Eg har så mykje å takke nynorsken for. Han gav meg sjansen til å bruke trønderdialekten min i det eg skriv, og hadde det ikkje vore for det, veit eg ikkje om eg hadde vore forfattar i dag. Eg hadde iallfall vore ein dårlegare forfattar, seier Tiller.

Tiller debuterte med romanen «Skråninga» i 2001 og har etter den tid skrive fem romanar og tre teaterstykke. Han har fått mange prisar for forfattarskapen sin, mellom anna Tarjei Vesaas’ debutantpris for «Skråninga» og både Brageprisen, Kritikarprisen, Sult-prisen og EUs litteraturpris for romanen «Innsirkling» (2007).

I år er Tiller nominert til Nordisk råds litteraturpris for romanen «Begynnelser» (2017).

Les også: Nynorsk kultursentrum feirer 25 år

  • KULTUR
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Framtida logo

Nyhende- og debattavisa for unge – Framtida.no er ei redaksjonelt uavhengig avis, som har som mål å styrkja nynorsken og bidra til å auka og få fram engasjementet til unge.

Ansvarleg redaktør: Andrea Rygg Nøttveit

Stortorvet 10, 0155 Oslo.

Ved å bruka Framtida.no aksepterer du bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvernpolitikken vår.

  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
  • Om oss
  • Skribentar
  • Nettstadskart
  • Nyhendebrev
  • Tema

Følg

Tips
Send epost til
tips@framtida.no
eller ring redaktør
Andrea Rygg Nøttveit:
481 40 342

Takk for støtta:

  • logo-fagforbundet
  • logo-abc-startsiden
  • logo-lnk
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir! Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy

Privacy Overview

This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary
Always Enabled
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Non-necessary
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.
SAVE & ACCEPT