På vidaregåande bytta Rikard Ingdal målform. No nyttar han nynorsk både i tekstmeldingar, e-postar og debutromanen «Hogst».

mm

– Det er mykje mann der ja.

Eit lite smil krusar leppene til den ferske forfattaren, idet han kjem med erkjenninga.

Tause menn i skogen
Rikard Ingdal sit i den skogsromantiske kaffi-, teikneserie og vinylbaren Hendrix Ibsen ved Mathallen i Oslo.

Denne månaden debuterte 25-åringen frå Agdenes i Sør-Trøndelag med boka Hogst, på Aschehoug Forlag.

Her tek han lesarane med til eit lite bygdesamfunn, der hovudpersonen Gorm ser tilbake på forholdet med sin nyleg avdøde far.

Faren var ein taus mann, som berre hinta om det mystiske som har gått føre seg i dei mørke skogane, der han hadde sitt daglege virke som tømmerhoggar. Mykje er usagt mellom dei to.

LES OGSÅ: Far bestemmer sjansen for å lukkast

Sopranos og Twin Peaks
Ingdal trivst med storbylivet, men inspirasjonen til debutboka henta han frå heimbygda Ingdal. Herifrå har gardsguten erfaring med både bygdeliv og hogst.

Men det ikkje forholdet til sin eigen far han skildrar.

– Det er sånne arketypar. Eg er veldig glad i Sopranos, Breaking Bad, Boardwalk Empire. Mykje av kulturen generelt har ein slik alfahann. Eg veit ikkje om eg ville seia noko nytt, men det føltest naturleg å ta utgangspunkt i det, forklarar forfattaren.

Parallelt med det klassiske far-son-forholdet og tv-serie-patriarkar, har Ingdal latt seg inspirere av stemninga og mystikken som omkransar figurane i legendariske Twin Peaks

– Det er eitt eller anna i skogen som me nordmenn har kjennskap til. Eg skjønar at dei laga slike historier om troll og slikt, seier Ingdal.

Skogen gjorde seg òg godt som bakteppe for den urgamle forteljinga debutanten no har behandla på sin måte.

LES OGSÅ: Jakta på sjølvkjensla

Kjønnsperspektiv
– Det er den gode gamle ambivalensen til Freud at du både hatar far din og har lyst til å drepa han, samstundes som du elskar han og vil bli som han. Gorm og faren trur eg har veldig store kompleks. Freud skriv ikkje noko rundt det, så på ein måte ville eg laga ei meir poetisk skildring av det, forklarar Rikard, som er fullt klar over at han ikkje er den første til å behandle dette temaet.

Analytisk lesing er ikkje noko som er framand for 25-åringen, som har ei mastergrad i estetiske studier frå Universitetet i Oslo – med fordjuping i litteratur.

– Eg har nok kjent på mange av dei følelsane som vert skildra i boka. Det er fascinerande å prøva å skildra små mellommenneskelege ting, tankar og kjensler, som du ikkje nødvendigvis snakkar om. Men når du sit og skriv er det plutseleg lov. Eg har lyst å dra med lesaren inn i det eg sjølv har lyst å kjenna litt på. Om det gjev meining?

LES OGSÅ: Forfattar Sally Gardner lærte å lesa som 14-åring

Gravøl for manuset
Han er framleis ikkje heilt van med å snakka om boka.

Forfattartittelen har han heller ikkje heilt vent seg til, sjølv om dette er noko han har drøymt om i mange år.

I tre år jobba han med debutromanen, før han sendte det inn til eit forlag. Etter sin første refusjon rakk Rikard akkurat å ta ei gravøl for manuset, og tenkja at no var det berre å byrja på nytt.

Men til slutt var det eit forlag – Aschehoug – som beit på. Etter mindre enn eitt år med endeleg redigering, sit han altså her på Hendrix Ibsen og snakkar om resultatet.

LES OGSÅ: Skulen gjer for lite for å hindra målbyte

Nynorsk i trønderland
At resultatet av at ein trønder har skrive i tre år skulle verte ei bok på nynorsk, er ikkje akkurat sjølvsagt.

Meir enn ein gong har han måtte svara på spørsmålet: Kvifor nynorsk?

Sjølv om sjølve målbytet skjedde på vidaregåande, skriv røtene seg heilt attende til ein klasseromsdiskusjon på ungdomsskulen.

– Me hadde ein nynorskdiskusjon der me skulle argumentere for og imot. Eg var på mot-sida, men så hadde dei så gode argument på for sida at eg tenkte: «Aha. Det er ikkje så dumt med nynorsk, lell».

Nokre av argumenta som vann Ingdal over var at nynorsk er det norske språket.

– Eg plukka opp ei dansk avis ein gong og tenkte; «Dette her er jo bokmål». Sjølv om nynorsk ikkje er så tett opp mot dialekta mi, hadde eg lyst å vera litt patriotisk og hylla det verkeleg norske.

Når ei venninne tok steget på vidaregåande, tenkte Ingdal at no hadde han sjansen. Det var rett og slett dumt å ikkje bytta, sidan han hadde tenkt på det i så mange år.

Slik har det seg at trønderen i dag skriv både tekstmeldingar, e-postar og ein roman, på nynorsk.

– Men det var ein trong fødsel. Eg er ikkje så nørd på reglar, så eg bruker mykje ordbok, medgjev forfattaren.

LES OGSÅ: Frå Fifty Shades til Hamsun

Über-maskulint boktips
Sidan han helst kunne tenkje seg å skrive gamaldags konservativ nynorsk, kjem det kanskje ikkje som noko overrasking at han likar seg best i litteraturen frå 1800-talet.

Markens Grøde av Hamsun er favoritten.

– Über-norsk og über-maskulin den òg, konstaterer Rikard, som meiner alle burde lesa denne klassikaren.

 Kva tips kan du gje til andre som går med ein draum om å gje ut bok?

– Ta det seriøst. Eg prøver i alle fall å tenkja at kvar setning skal bety noko for heile verket – handlinga og stemninga. Eg trur ikkje du treng veta kor du skal, men du veit…

Ingdal tek ein pause.

– Det er ingen som har spurt meg om dette før. Men det gjeld rett og slett å vete kva du vil seie.

Vegen vidare
Ved sida av bokskrivinga har Ingdal teke strøjobbar for forlag og søkjar no meir faste stillingar.

Han har òg byrja å tenkje på neste bokprosjekt, sjølv om det verkar litt voldsomt å ta fatt på med det same.

– Eg vil ikkje at neste hovudrolle skal verte ein ny veldig mandig mann. Eg har nokre notat, men eg kjenner ein viss apati over at eg er ferdig med prosjektet som har vart i tre år. Plutseleg må eg starta på noko nytt. Men det blir absolutt meir, eg kjenner det er veldig givande og at det er forfattar eg vil vera.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07

Kommentarar

ANNONSE