Mange elevar ventar på nynorskbøkene – i år igjen
Noregs Mållag anslår at rundt 3.500 elevar på kvart kull av påbygg og studiespesialiserande har nynorsk som hovudmål og blir ramma av forseinkingar av pensumbøker på nynorsk.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ein av dei er Lars Rydland Sæbø ved Kvitsund Gymnas i Vest-Telemark. For andre året på rad startar han skuleåret utan pensumbøkene han har krav på. Førebels har vidaregåandeeleven fått tre bøker på nynorsk dette semesteret.
– Det hadde vore mykje enklare å berre bruke bokmål, og å gløyme nynorsken. Men samtidig er det nynorsken eg har vakse opp med. Då har du lyst til å behalde språket likevel, seier Sæbø til NRK.
Han har aldri seriøst vurdert å gi slepp på nynorsk som skriftspråk.
- Har du fått med deg alle nynorsktalenta? Dei gjev heller ikkje slepp på nynorsken!

– Ei kjent problemstilling
Live Havro Bjørnstad i Noregs Mållag seier til kanalen at mange unge er i same situasjon som Sæbø.
– Dette er ei kjent problemstilling som vi møter kvart einaste år.
Både Mållaget og Sæbøs erfaringar står i kontrast til Opplæringslova, som seier at elevar i grunnskulen har rett på læremiddel på ønskt målform.
Kva som skal kjøpast inn av læremiddel, er opp til fylkeskommunen og skulen. Dei må passe på at opplæringslova vert følgd.
– Dersom det er riktig at eleven ikkje får læremiddel på målforma si, betyr det at det er eit brot på opplæringslova, seier statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Anja Johansen (V) til NRK. Ho oppfordrar fylkeskommunane til å følgje opp dette.
- Les også intervjuet med Andrea (17), som fekk målpris for å kjempe for nynorske lærebøker: – Trudde det skulle vere likestilt på skulen