Emilie Hansen
Publisert
Oppdatert 25.02.2022 14:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Rånemiljøet i Ørsta er noko heilt for seg sjølv. Ein har fleire bygdeoriginalar her ute, rare kallenamn, og artige historier.

Dette seier Marcus Drabløs (19) medan han køyrer rundt i Ørsta sentrum med ein av Framtida.no sine journalistar i baksetet.

Marcus Drabløs er 19 år og kjem frå Dalsfjorden. Han har jobba på krabbebåt, med fiskeoppdrett. Han er i Ørsta så og seie kvar helg. Det er her, i rånemiljøet i Ørsta, han har møtt nesten alle vennane sine.

– Eg er i dette miljøet, og eg likar meg her. Eg ser kva som skjer, og kjenner dei fleste.

– Når du har din egen bil, gjer du den på ein måte til din eigen, du styla den litt, og du byttar felgar, du har på diverse pynt, og då kjenner folk igjen bilen din, seier Marcus Drabløs. Foto: Emilie Hansen

Alltid vore glad i motor

Drabløs har vore interessert i alt med motor så lenge han kan hugse. For hans eigen del set han ekstra stor pris på gamle køyretøy, ein 1964 Opel Rekord.

– No når eg har kjøpt denne gamle bilen her, så er det heile tida folk som vinkar til meg. Folk kjem bort og helsar, og det er mykje gamle folk også som kjem bort og seier at dei hadde ein slik bil då dei var unge. Så det er kjekt det da.

Simen Andre Tødenes (22) og Isabell Nathalie Teige Sporsheim (22) er også glade i gamle bilar. Framtida.no snakkar med ungdommane på Cars and Coffee i Fosnavåg, eit biltreff som finn stad kvar laurdag.

Simen Andre Tødenes (22) og Isabell Nathalie Teige Sporsheim (22) på på biltreff i Fosnavåg. Foto: Emilie Hansen

Dei var nyleg på ferie til Lillehammer i ein 65-modell, noko som gjekk heilt fint.

– Eg stolar meir på gamle bilar enn på nye bilar. Fordi på nye bilar kan du ikkje gjere noko sjølv, det er så mykje teknologisk og elektronikk og du må inn med ei datamaskin for å skjøne kva som er gale, forklarar Sporsheim.

Ho set pris på at dei eldre bilane er litt meir spesielle. For Tødenes handlar kjærleiken for dei gamle bilane også om at det er ei utfordring.

– Eg likar gamle bilar, likar håplause prosjekt egentleg, seier Tødenes.

Sjølv om dei tre ungdommane alle køyrer ein 65-modell kan dei sette pris på nyare bilar, og meir moderne stilar. Om ein rånar i ein ny eller gammal bil så gjer ein bilen til sin eigen. Drabløs seier at korleis ein vel å style bilen sin er ein måte å uttrykke seg sjølv på.

Inkluderande og sosialt

Medan intervjuet pågår løftar Drabløs handa til mange som køyrer forbi. Det er framleis tidlig på fredagsettermiddagen, men det er allereie fleire som har starta å råne. Drabløs forklarar at der er ikkje så mange alternativ for ting å finne på i Ørsta, men at han vil seie at dette er eit godt alternativ for dei fleste.

– For det er veldig inkluderande; uansett kva bil du likar, og kva musikk du likar, så er det berre å setje seg i bilen og køyre, seier Drabløs.

Talet på rånarar i Fosnavåg har blitt mindre. Foto: Emilie Hansen

I vekene er det ganske roleg. Då køyrer ein litt rundt, møtest på parkeringsplassane, og kan sitje der og prate. I helgene derimot er det mange som fer ut.

– Eg er mykje sjåfør også. Då tener eg meg litt pengar, og får meg mat og røyk om eg er fast sjåfør for nokon ein kveld. Om eg har lyst ut, får eg ein kompis til å køyre for meg, seier Marcus Drabløs.

Simen Andre Tødenes og Isabell Nathalie Teige Sporsheim brukar også å råne i Ørsta, eller i Ulsteinvik. Dei seier at rånemiljøet i Fosnavåg har vorte mindre.

– Det har ikkje vore uvanleg at ein har stått i fleire timar med alle kompisane, for dei stiller jo seg på rekke da, veit du. Før så var det vanleg at det var ei 7-8 stk på dagen gjerne, fortel Tødenes.

– Rånemiljøet er veldig sosialt og inkluderande, seier Marcus Drabløs. Foto: Emilie Hansen.

Rånemiljøet har redda liv

Marcus Drabløs seier at han ofte let vere å fylle opp bilen til helga, slik at det er ein eller to ledige plassar om der er nokon som er aleine.

– Alle er velkomne. Berre ver hyggeleg. Det ordnar seg alltid for kjekke gutar.

Dei er flinke til å ta vare på kvarandre, og hjelper kvarandre om nokon skulle få bilproblem, uavhengig av kva bygd ein er seg i.

– Eg trur rånemiljøet har redda liv, seier Isabell Nathalie Teige Sporsheim.

Ho tenkjer det er mange som køyrer rundt berre for å ha nokon å prate med, ettersom det ikkje er alle som har dette elles i kvardagen sin.

– Eg føler det er mange som er ute etter å ta oss. Dei ser på oss som nokre pøblar og nokre jævla kjeltringar

Pøblar, kjeltringar og problem med politiet

Sjølv om rånarane skildrar miljøet som fint noko, er det ikkje alle som delar det synet.

– Eg føler det er mange som er ute etter å ta oss. Dei ser på oss som nokre pøblar og nokre jævla kjeltringar, seier Marcus Drabløs.

Han fortel at på ein laurdagskveld er der som regel 2-3 politibilar på Shell, der rånarane brukar å møtast. Ungdommen forstår at politiet berre prøvar å gjere jobben sin, men at det til tider kan følest ut som ei heksejakt. Han seier det verkar som at politiet berre står og ventar på å sjå noko dei kan ta rånarane på.

– Politiet gjer jo berre jobben sin, og gjer du noko ulovleg så skal jo det straffast. Men til tider går dei veldig hardt ut.

Bilane står lina opp i Fosnavåg. Foto: Emilie Hansen

Marcus Drabløs trur kanskje det negative ryktet rånarane har, kan påverke politiet si handtering.

– Men dei fleste fer berre og køyrer og speler musikk, det skjer ingenting gale. At det er nokre slåstkampar i ny og ne, og det blir styr med politiet, og ditt og datt, der er alltids noko trøbbel, men det er det overalt.

– Folk taklar ikkje at andre skal ha bil som interesse, folk ser berre på bil som transportmiddel

Simen Andre Tødenes og Isabell Nathalie Teige Sporsheim opplever at det er mykje fordommar hos folk flest mot rånarane. Paret har til saman sju bilar, og har fleire gongar fått høyre at dei tek opp for mykje plass. Dei fortel at folk synest det er gale i seg sjølv at ungdommane har så mange bilar.

– Folk taklar ikkje at andre skal ha bil som interesse, folk ser berre på bil som transportmiddel. Dei meiner ein ikkje skal bruke tid på sånt, det er jo berre ein bil, seier Tødenes.

Isabell Nathalie Teige Sporsheim fortel at det er nokre få som øydelegg for dei andre. Dette fåtalet er dei som hiv boss og flasker ut vindauget, og lagar styr og bråk på natta. Tødenes legg til at dette fåtalet er ikkje dei som kjem for å vere sosiale.

– Dei er sjelden med for å henge med kompisar, dei berre fer for å lage helvete.

Få utløp

Dei kunne absolutt ha tenkt seg ein stad som var tileigna for rånarane. Dei trur det hadde gjort seg med ein plass der rånarar og bilinteresserte fekk leike seg fritt på ei stengd bane.

– Alle bilinteresserte likar å køyre fort og sladde og den type ting. Omtrent alle likar det. Om ein hadde ein plass ein kunne gjere det lovleg, trur eg det hadde vore mange som hadde benytta seg av det, seier Simen Andre Tødenes.

Simen Andre Tødenes (22) og Isabell Nathalie Teige Sporsheim (22) skal stemme i stortingsvalet. Foto: Emilie Hansen

Ungdommane trur at også dei som er trøblete, kunne ha oppført seg betre, om dei hadde ein stad dei kunne få utløp for alt.

– Hadde vore betre å få utløp for det på ei bane, i staden for å lage svartstriper midt i sentrum, seier Isabell Nathalie Teige Sporsheim.

Bygdene blir gløymt

Ungdommane frå Sunnmøre meinar at bygdene blir gløymde ved stortingsvalet. Drabløs tenkjer det er fordi det er fleirtalet som bestemmer, og dette fleirtalet bur i byane. Han har sjølv tenkt å stemme ved valet, sjølv om han ikkje veit heilt kva for eit parti han skal stemme på enno.

– Eg skal stemme, ja, kan vel ikkje vere sånn sofaveljar! seier Marcus Drabløs.

Tødenes og Sporheim skal også stemme ved valet, og hadde sett stor pris på om distrikta kunne fått meir fokus i politikken.

– Det verkar nesten ikkje ut som vi eksisterar i hovuda deira, med tanke på kor lite det er som blir gjort i distrikta i forhold til den Oslobygda, seier Simen Andre Tødenes.

Eg skal stemme, ja, kan vel ikkje vere sånn sofaveljar!

– Gamle bilar er gjenbruk

Ein av dei viktigaste sakene til valet i år er miljø. Drabløs fortel at det er mange som tenkjer at rånarane forurensar mykje.

– Det er betre å ta vare på ein gammal bil, enn å kjøpe ein ny ein kvart fjerde år, for så å vrake den gamle, seier Marcus Drabløs og synest det er synd med bruk og kast-mentaliteten. Foto: Emilie Hansen

– Folk meinar at gamle bilar forureinsar mykje, men tenk då, det er jo gjenbruk, seier Marcus Drabløs.

Han er òg obs på å ikkje kaste ting ut vidauget.

– Bilen kan heller sjå rotete ut, so kan eg rydde han seinare. Plast fer jo aldri, forsvinn ikkje. Folk bør skjerpe seg. Hiv ein plast i naturen, så vert det der, og det er synd.

Ungdommane er einige i at Noreg er ein liten del av verda, og at det er begrensa kor mykje vi får gjort her i nord. Likevel synest dei det er fint at ein tenkjer på miljøet.

– Sjølvsagt, alle må gjere sin del, og gjere ein innsats, avsluttar Marcus Drabløs.

Denne artikkelen er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Kven skal snakke for framtida?», i førekant av stortingsvalet. Har du tips til saker? Send ein e-post til tips @ framtida.no.

LES OGSÅ: Førstegongsveljarar om Stortingsvalet: – Ein blir jo meir engasjert når ein har moglegheit til å stemme

Sofie Husseini (17) og Tonje Marie Halmrast (18) skal stemme for første gong ved Stortingsvalet til hausten, og meiner skule og klima er dei vikitgaste sakene. Foto: Kristiane Bøgwald.