Møt Tonje Mercedes (26) og Morten Febakke (34) – to stolte rånarar i Rådebankbygda

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Fordommane er at det berre er fyll og grisekøyring. Det er jo det inntrykket mange har av rånarane, seier Tonje Mercedes Ova Sønstebø (26), busett i Bø.

Det synest ho på mange måtar er ufortent.

– Råning er eigentleg ein heilt vanleg møteplass, berre at det skjer i bil. Ein arena for ungdommar med bilinteresse, held ho fram. Det er ofte ikkje tilrettelagt på same måte som idrett, der ein har ein møtestad og kan møte andre med same interesse. Tidlegare har det ikkje vore sånn. Da blir det til at ein møtast i gata.

Sidan ho vart 18, har ho vore ein del av rånemiljøet i bygda. I starten køyrde ho dagleg frå nabobygda Lunde til Bø, for å henge med andre rånarar i Bøgata. Der køyrde ho rundt med han ho er gift med i dag. Der vart ho òg gode venner med Morten Febakke (34).

Tonje Mercedes Ova Sønstebø (26) og Morten Febakke (34) har sete mange timar saman bak rattet. Foto: Beate Haugtrø / NPK

Morten var allereie godt etablert rånar, og hadde vanka i gata sidan han var gutunge.

– Me gjekk om Bøgata på veg heim frå skolen fordi vi var så nysgjerrige på bilane og rånemiljøet. Og far min var bilmekanikar i 52 år, før han pensjonerte seg. Så eg har liksom vanka opp i bil sidan eg var fødd, fortel Morten, blant venner kalla Febakke.

Råne-serie frå heimbygda

«Køyr lyd! Stille før opptak!»

Det er innspurt i innspelinga av sesong tre av Rådebank, og vi sit nokre meter unna garasjen til hovudpersonen Glenn Tore (GT). I nokre minutt sit vi heilt stille. Morten følger med på opptaket via mobilskjermen.

Det er ganske høg tullefaktor når Morten J. Lien Febakke og Tonje Mercedes Ova Sønstebø møtast. Tonje var 18 og hadde akkurat fått lappen og var sjåfør i Bøgata da dei vart kjende. I bakgrunnen er garasjen til G.T. og Volvoen hans i Rådebank. Foto: Beate Haugtrø / NPK

Til dagleg er Morten lastebilsjåfør, men i vår har han vore tilsett som bilansvarleg assistent for innspelinga av Rådebank, og har dei fleste bilane ståande på tunet heime. Det passar han godt. Sjølv eig han tre amerikanske bilar saman med far sin, og å stelle med bil, er hobbyen hans.

– Sånn som andre kan kose seg med fotball, kan eg kose meg i garasjen eit par timar, for å seie det enkelt. Med ein øl og berre skruve, fortel Morten.

Meir enn berre børning

Teamet bak tv-serien ville gjere rånemiljøet i serien så realistisk som mogleg. Difor tok serieskapar Linn-Jeanethe Kyed kontakt med lokale rånarar i bygda for å lære meir om miljøet før ho skulle skrive manus. Tonje medgir at ho var skeptisk.

– Eg var veldig redd for at det skulle bli ein serie som fokuserer på fyll og hard køyring, og ikkje vennskap og det som er positivt. Eg synest dei har vore flinke på få fram at miljøet er så mykje meir enn berre børning, seier ho.

– Eg er veldig glad for at det har komme fram at det er vanlege menneske som har sine interesser. Det er jo eigentleg berre venner som møtast i gata og som er som alle andre ungdommar, legg ho til.

Skodespelar Maja Evenshaug Christiansen under innspelinga av Rådebank i slutten av juni. Foto: Max Emanuelson

Morten og fleire av vennene vart intervjua av serieskaparane for å gi eit så realistisk bilde av miljøet som mogleg. Da han fekk sjå resultatet, var han imponert.

– Vi fekk sjå tre, fire episodar og var heilt mållause da vi kom ut. Vi hadde ikkje ord, for det var tatt så på kornet. Ein blir ein jævla stolt bøhering av dette, det må eg berre seie rett ut, seier Morten.

Jente i mannsdominert miljø

– Det teiknar eit fint bilde av noko eg kan kjenne igjen. Det er jo mykje sånn det opplevast, seier Tonje.

Eitt av tipsa serieskaparane fekk, var at det burde vere med ei jente i eit mannsdominert yrke. I dag jobbar Tonje med ungdommar, men ho har òg fagbrev som billakkerar, og har tidlegare jobba med det. Ein skal ikkje sjå heilt bort frå at ho har gitt litt inspirasjon til den fiktive Hege.

Tonje og bilen hennar utanfor Stasjonsbua i Bø sentrum. Foto: Beate Haugtrø / NPK

Det er heller ingen som tør å setje seg bak rattet med alkohol innanbords om Tonje er i nærleiken.

– Det er jo så unødvendig. Det er jo alltid nokon som er edru som kan køyre likevel, seier ho.

«Sporlaus» råning

Allereie etter første sesong av Rådebank, merka innbyggarane i Bø ein auke i bilar frå heile fylket som kom køyrande for å råne og oppleve og besøke Bøgata, Essoen og Stasjonsbua. I sommar har det komme bilar i eins ærend både frå Stavanger og Bergen.

Siri Blichfeldt Dyrland er ordførar i Midt-Telemark. Foto: Kåre S. Pedersen via Senterpartiet/Flickr/CC BY-ND 2.0

– I starten da det vart veldig mange her, vart det problem for politiet, med alkohol og mykje søppel, fortel ordførar i Midt-Telemark, Siri Blichfeldt Dyrland.

Men representantar frå kommunen, politiet, Bane Nor som driftar stasjonsområdet og lokale rånarar, gjekk saman om ei uformell «rånegruppe» for å finne ut korleis dei skulle innrette seg.

Morten var ein av dei som representerte rånarane, og var med å opprette gruppa «Forening for motorinteresserte i Bø og omegn». Gruppa har over tusen medlemmer på Facebook, og oppmodar besøkande om å ta med søppel heim, dei legg ut invitasjonar til felles treff, og jobbar for å skape eit godt miljø.

– Den sida er ganske genial. Når besøkande kjem, får dei ein heilt annan respekt for å ta med seg søpla si og synest det er gøy å komme tilbake igjen, til Rådebank-bygda. For det er det me på ein måte synest me e litt, da, seier Febakke, som frå eiga lomme har ordna med plakatar som oppmodar til å ferdast «sporlaust» med bilen.

Tonje og Morten på ein av dei tre amerikanske bilane til Morten. Denne tar Morten når det er utrygt for regn, stasbilen får berre komme fram når veret er trygt. – Morten har vorte fin på det, ertar Tonje. Foto: Beate Haugtrø / NPK

Råning er ikkje berre for bilinteresserte

Kommunen har òg bidrege med eit område litt utanfor sentrum der rånarane kunne invitere til organiserte treff. Der har dei òg fått låne lokale av ein lokal amcar-klubb.

– Det har skapt veldig godt samarbeid. Politiet har sagt til oss at andre kommunar lurer på korleis dei har fått det til i Bø. Vi har fått ein ro over ting og eit veldig positivt samarbeide, seier ordførar Dyrland.

Ho trur tv-serien har gjort at mange ser på råning på ein annan måte. Ikkje berre i lokalsamfunnet, men i heile Noreg.

– Ein blir mint om at råning ikkje berre er å råne rundt, og for bilinteresserte. Det er eit miljø der ein kan finne venner og bli tatt vare på. At om du ikkje er interessert i idrett og ikkje finn din plass, blir ein blir tatt imot med opne armar, utan krav til korleis du skal vere, seier ho.

Tonje og Morten opplever òg at fleire viser ei meir positiv haldning til dei enn før.

– Eg vil påstå at det er meir samspel, og at folk heller kjem fram og skryt litt, seier Morten, om responsen frå folk dei siste månadene.

– Og at ein blir tatt meir seriøst, seier Tonje Mercedes.


Ingeborg Aadland (24) er grafisk designar, og skal no jobbe frå og bu i ein van. Foto: Privat