Kva gøymer seg bak garasjeportane?

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Miriam Halstvedt og Tor Høvik har reist landet rundt og sett på garasjar, kikka bak garasjedøra og prata med eigarane. Det er blitt til boka «Norske garasjer» der dei presenterer over 60 ulike garasjar frå nord til sør i tekst og bilete.

Eit rom for samlemani

– Kvifor ei slik bok?

– Eg fekk ideen etter å ha kikka inn i garasjen til svigerforeldra mine. Der var det nemleg samla alt mogleg – og bilen stod parkert utanfor fordi det ikkje var plass inne. Så byrja eg å sjå litt i garasjane til andre folk.

– Eg forstod ganske raskt at garasjar har mange bruksområde og inneheld mykje rart, fortel forfattar Miriam Halstvedt til Nynorsk pressekontor.

Hestekrefter av ymse slag er det plass til i stallgarasjen.
Foto frå boka: Tor Håvik

Bak ein garasjeport gøymer det seg ofte meir enn køyretøy, og kanskje ikkje køyretøy i det heile. Der kan det vere mange minne, draumar og løyndomar både i veggene og i interiøret. Ein garasje kan for eigarane vere alt frå roterom, hobbyrom, tempel, furtebu, stall, pub og bryggjeri.

Ein garasje kan for eigarane vere alt frå roterom, hobbyrom, tempel, furtebu, stall, pub og bryggjeri.

Etter ein del research drog Halstvedt og fotograf Tor Høvik ut på Noregsreise for å finne dei mest spesielle garasjane. Målet var å få vist fram breidda av garasjeinnhald i bokform.

Les også: Pussar opp asylmottak og bygger kulturhus for romfolk

Folk flest

– Eg trudde mange ville seie nei, men folk har vore utruleg imøtekomande. Mange var faktisk stolte og glade for å vise fram det dei har bak garasjedøra, seier Halstvedt.

Alle er heilt vanlege nordmenn, men med spesielle interesser og hobbyar.

– Enkelte har nesten heile Noregshistoria i garasjen med alt dei har samla på – ting som kanskje kunne høyre heime på museum.

I ein mopedgarasje er det faktisk også plass til ein bil, ein del trøsyklar og litt anna stæsj.
Foto frå boka: Tor Håvik

Hest og hestekrefter

Bak garasjedørene som ho og Høvik har kikka fann dei både veteranbilar og tipp-topp moderne bilar, trøsyklar og motorsyklar. Men også småfly, modellfly og modelljernbane.

Nokre har bildilla, andre har dilla på fly. Og eit småfly er det sjølvsagt plass til i ein garasje.
Foto frå boka: Tor Håvik

Garasjeromma var også heimen til hestar, hundar og gullfisk. Nokre nytta dei til kunst- og fotoatelier, andre til tv-stove, festlokale, øvingslokale eller treningsrom.

Nokre bryggja øl der, andre drakk øl der fordi garasjen var innreia som pub eller bar.

– Vi har sett mykje rart, men den garasjen som overraska meg aller mest var den som var bygd som ei lita stavkyrkje. Og inni var det faktisk ein bil! seier Miriam Halstvedt og ler.

Garasjeromma var også heimen til hestar, hundar og gullfisk.

Les også: Løyndomane i skogen

Ei kort garasjehistorie

Ordet garasje har opphavet sitt i det franske ordet garer som tyder «å gi skjul» eller «føre (fartøy eller vogn) i sikkerheit».

I ordboka er garasje definert som «rom eller bygning til å setje motorkøyretøy i».

Bilar og interiør står i stil i ein raud garasje.
Foto frå boka: Tor Håvik

Tyskaren Carl Benz (1844-1929) var ein pioner innnan bilbygging og blei tidleg på 1900-talet ein av dei største bilprodusentane i verda. Men han var også ein pioner når det gjald garasjar.

Ein av dei første privatgarasjane ein veit om vart bygd av Carl Benz i Ladenburg i Tyskland i 1910. Bygget finst framleis og er som eit lite tårn på to etasjar, med store stalldører for å kunne køyre inn og ut.

Ordet garasje har opphavet sitt i det franske ordet garer som tyder «å gi skjul» eller «føre i sikkerheit»

Dei første garasjane på den tida likna mykje på vognskjula og stallane som då hadde tilnærma funksjon. Dei var meint for å oppbevare framkomstmiddel.

Les også: Mange vil «huse» minihuset til Sigurd

Frå romantiske til praktiske garasjar

Garasje med god plass.
Foto frå boka: Tor Håvik

Den franske forfattaren J. B. Jackson har delt garasjehistorie inn i tre fasar. Den første var «romantiske garasjar», som vart bygde for rike familiar. Dei var arkiktektteikna og hadde gjerne leilegheit til sjåføren i andre etasje.

Så kom «praktiske garasjar» etter første verdskrigen. Dei var små, stod i hagen og hadde berre plass til bilen. Etter andre verdskrigen kom «familiegarasjane» og var mykje slik vi kjenner dei i dag.

Dei har enten dør rett inn i bustaden eller står for seg sjølv som ei mindre utgåve av huset. Her er det plass til bilen og ting og tang vi brukar til hobbyar og fritidsaktivitetar, i tillegg til verktøy og saker vi ikkje vil kvitte oss med.

Ein garasje full av amerikanske effektar.
Foto frå boka: Tor Håvik

Les også: Det fredfulle livet i telt, vogn og bubil