ANNONSE
ANNONSE
Framsida Uncategorized

Uncategorized

Måling: Høgaste EU-oppslutning på tolv år

Målinga er utført av Sentio for Nationen og Klassekampen. Delen som seier ja til EU, har auka til 35,3 prosent frå 34,1 prosent i den førre målinga i november i fjor – og har ikkje vore høgare sidan april 2010. Nei-delen har falle frå 54,2 til 48,8 prosent, medan andelen som svarer «veit ikkje», har auka frå 11,8 til 16...

NYHEITSQUIZ: Stemmerett, rasisme og nye Kviterussland – er du oppdatert?

Ta nyheitsquizen her: Ikkje gå glipp av desse sakene:  FpU vart nekta å vise fram plakat på skulestand: – Politisk sensur Historisk likeløn i amerikansk landslagsfotball – NFF diskuterer potensielle endringar Ebba (16) og Hauk (15) fekk profesjonell hjelp til sexscene Tennisstjerne vert hylla for openheit om mensen Eldgamal bæsj viser kva menneska som truleg bygde Stonehenge likte å eta ...

Noreg får plast-kritikk: – Kjeldesorterer og sender plastavfallet vidare

– Vi kan ikkje halde fram med å klappe oss på skuldra så lenge vi kjeldesorterer og sender plastavfallet vidare, seier Vilma Havas til NRK. Ho er forskar ved kunnskapsbedrifta Salt. Nyleg publiserte dei ein artikkel om kva vi veit om resirkulering av plast. 9-10 prosent resirkulert I artikkelen går det fram at rundt 9–10 prosent av all plast i verda blir...

Ebba (16) og Hauk (15) fekk profesjonell hjelp til sexscene

Ebba Lindgren (16) og Hauk Hellestveit Hannemann (15) spelar Sofie og Leo i NRK-serien «Lik meg». I den nye sesongen møter Sofie og Leo kvarandre på fest og har sex for første gong. Allereie første gong skodespelarane las manuset kjente dei på at sexscena kunne putte dei i ein sårbar posisjon. – Eg trur vi vart litt sjokka begge to. Eg kjente...

Norske 16- og 17-åringar får ikkje stemmerett ved lokalval

– Eg håpar at politikarane skjønar at det er lov å endra meining og gå inn for 16-årig stemmerett. Det er viktig for demokratiet å sleppe unge til. Det seier leiar i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar, Margrete Bjørge Katanasho. Organisasjonen har vore blant pådrivarane for å senke stemmerettsalderen ved lokal- og fylkestingsval. 78 for – 88 mot I dag...

Kan bli slutt på eitt års sex-karantene for homofile blodgjevarar

Helse- og omsorgsdepartementet ber Helsedirektoratet vurdere endringar i karantenereglane for blodgivning for menn som har sex med menn. Det betyr at det kan gå mot slutten for regelverket som seier at homofile menn i eit partnarforhold ikkje får gi blod. – Blodgivarar gjer ein uvurderleg innsats for samfunnet og for andre menneske. Det er viktig å leggje til rette for...

«La 16-åringar få vere ungdommar og ikkje stresse over å ta sine eigne val riktig enno»

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne haldningar. Innlegget er omsett til nynorsk med løyve.  Det er gode grunnar til kvifor stemmerettsalderen bør vere 18 år for å stemme i Noreg. Men no vil fleire upolitiske aktørar som The Body Shop senke stemmerettsalderen, noko som kan føre til umodenskap i valet. 16-åringar er ikkje eingong ferdige med utdanninga...

Undersøking: Flest studentar ønskjer seg jobb i Equinor

Nær 11.000 studentar har delteke i undersøkinga, som er gjennomført av Universum, skriv Khrono. Undersøkinga er delt inn i fem ulike fagområde: økonomi, ingeniør, IT, juss og humanistiske fag. Equinor toppar lista i ingeniørfeltet, medan selskapet hamnar på pallen også i økonomi- og IT-feltet. Equinor er den einaste bedrifta som hamnar blant topp tre i tre av dei fem områda. DNB toppar lista i...

Grammy, fransk val og Viktor Orbán – ta vekas nyheitsquiz

Har du fått med deg nyheitene i veka som har gått? Test deg sjølv her: Fekk du med deg desse sakene? Boksar for betre mental helse: – Det er vanskelegare for gutar å opne seg   Første kull med e-sport på timeplanen: – For meg er dette draumen Norske barn har samla inn over éin million kroner til Ukraina: – Heilt fantastisk  

2,7 millionar nordmenn ligg an til å få igjen på skatten

Det vil seie at tre av fire nordmenn ligg an til å få skatt til gode, melder Skatteetaten i ei pressemelding. Til saman vil det då bli utbetalt omtrent 30 milliardar kroner, i snitt 10.900 kroner per person. Samtidig viser dei førebelse tala at 1 million personar ligg an til å få ein skattesmell. Det samla beløpet på restskatt som...

På tide å stille klokka igjen

Den siste søndagen i mars klokka 2, «hoppar vi over» ein time og stiller klokka fram til 3. Det har vore ein årleg tradisjon i Noreg frå 1980 og i enkelte periodar tidlegare på 1900-talet. I 2018 foreslo EU-kommisjonen å kutte ut ordninga med sommartid, men konklusjonen lèt vente på seg. I fjor bad EU-parlamentets transport- og turismekomité om fortgang i arbeidet. Les også: EU-kommisjonen...

Barn med ADHD gjer det betydeleg dårlegare på skulen enn andre barn

Barn med ADHD har mykje lågare karakterar i alle ungdomsskulefag enn snittet for dei andre barna, også i dei praktiske faga som kroppsøving og kunst og handverk, viser ein ny studie frå Folkehelseinstituttet (FHI). Dei same barna har eit karaktersnitt på 3,24 etter ungdomsskulen, medan snittet for andre barn er på 4,16. Det er i dei teoretiske faga at barn med...

Nyheitsquiz veke 7: OL, Super Bowl og verdsrekordar

Fekk du med deg høgdepunkta frå denne veka? Og kor mykje anna hugsar du? Les også desse sakene frå veka som var: 15 ting me kjem til å sakne frå pandemilivet Då eg var 20: Vebjørn Selbekk høyrte på kristen hardrock og skulle bli pappa «Når vart det greitt å pushe slankepiller på 13-åringar?»

Flest elevar blir mobba på 5. til 7. trinn

I alt 6 prosent av elevane i landet seier at dei har vorte mobba på skulen to til tre gonger i månaden eller oftare. Det er på same nivå som i 2020 og 2019. – Sjølv om utviklinga er stabil, er det heilt uakseptabelt at mobbinga er så utbreidd, særleg på 5. til 7. trinn. For desse årstrinna er tala...

Dette er dei nye koronatiltaka

Her er ei oversikt over nye råd og tiltak, som trer i kraft torsdag 9. desember kl. 00.00. Dette er tilrådingar Desse bør du følgje. Avstand og sosial kontakt: Alle bør halde 1 meters avstand til andre enn husstandsmedlemmer og tilsvarande nære. Tilrådinga gjeld ikkje barn i barnehagar og barneskular. Det er òg unntak for vaksne som jobbar med tenester for barn og...

Firarkravet i lærarutdanninga blir skrota

For dei som ikkje har høg nok poengsum, vil dagens ordning med firarkrav i matte framleis gjelde. Det skriv regjeringa i ei pressemelding. – I dag manglar mange av dei som underviser i norsk skule lærarutdanning, og vi treng fleire lærarar mange stader i landet. No innfører vi nye og meir treffsikre krav til dei som vil bli lærarar. Slik...

Ungdomspartia vil ha tannhelsereform inn i regjeringserklæringa

– Vi forventar at ein får det med i ei regjeringserklæring og startar på arbeidet med å setje i verk ei offentleg tannhelsereform, seier Victoria De Oliveira, leiar av Fagforbundet Ung, til VG. Også leiarane av AUF og Senterungdommen krev at dei to moderpartia leverer ei ny velferdsreform. – Eg håpar at ein i regjeringserklæringa i alle fall seier at ein...

Støre og Vedum med momsgåve til over 20.000 organisasjonar

– Dette vil vi prioritere og komme raskt i gang med, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre til NTB. Tysdag tok han og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum seg ein liten pause frå regjeringsforhandlingane for å spele litt fotballspel – og røpe ei positiv nyheit for frivillig sektor: – Når frivillige organisasjonar kjøper inn ting, så betalar dei moms for det. Vi ser...

Unicef-rapport: Kvart ellevte minutt døyr ein ungdom av sjølvmord

I ein ny rapport anslår Unicef at minst ein av sju mellom 10 og 19 år lever med ei psykisk liding. Rapporten viser òg at psykiske helseplager er meir utbreidd i Europa enn resten av verda – og Noreg kjem høgt opp og framfor dei andre skandinaviske landa. Ifølgje rapporten slit 18,2 prosent av norsk ungdom med ein diagnostisert psykisk liding,...

Halve Noreg har gitt kvarandre ein klem etter gjenopninga

I undersøkinga Norsk koronamonitor svarer 48 prosent at dei den siste veka har gitt ein klem til nokon som ikkje bur i eigen husstand. Blant dei yngre under 30 år svarer 58 prosent det same. – Noreg opplever for tida klemmerekord under pandemien. Men med tanke på at det meste no er lov, er det kanskje meir oppsiktsvekkjande at halve Noreg droppar...

SV bryt sonderingane: – Ikkje politisk grunnlag for raudgrøn regjering

– Vi er no ved eit punkt eg hadde håpa vi ikkje skulle kome til: Det er med stor skuffelse vi må erkjenne at det etter SV sitt syn ikkje er politisk grunnlag for å danne ei raudgrøn regjering. Det var beskjeden frå partileiar Audun Lysbakken, då han møtte pressa utanfor Hurdalsjøen Hotell. I fem dagar har Jonas Gahr Støre (Ap) sondert...

Undersøkjer menstruasjonsforstyrringar etter koronavaksine

Fleire kvinner har meldt om menstruasjonsforstyrringar etter å ha fått koronavaksine. – Førebels veit vi ikkje sikkert om menstruasjonsforstyrringar eller underlivsblødingar etter overgangsalderen opptrer hyppigare etter vaksinasjon enn normalt. Dette er det viktig å finne ut av, og vi jobbar no med å skaffe kunnskap om dette gjennom analysar av data som Folkehelseinstituttet har samla inn i fleire norske befolkningsundersøkingar,...

Quiz: Kor godt kjenner du songane frå Disney-klassikarane?

Disney-klassikarane har vore ein stor del av barndommen (og vaksenlivet) til mange. Er du ein ekte Disney-ekspert? Her kan du teste kor god du er på dei norske songtekstane frå Disney-klassikaruniverset. Fyll inn det som manglar i teksten!  

Nyheitsquiz: Smitterekord, klimaaksjonar og nynorskdrama

Test om du har fått med deg snakkisane den siste veka!   Du har vel ikkje gått glipp av desse sakene? Alle vil ha fleire unge meddommarar – men godtgjersla til studentar har ikkje blitt justert sidan 1983 Målungdomsleiaren om FpU-kampanjen: «Legitimerer eit hat som er der ute» 16 tips til ein god skuledebatt

Nils (12) er gjesteredaktør i Donald Duck & co: – Dette er draumejobben

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior.  – Det er veldig kjekt å ha Nils her hjå oss. Eg hadde sett pris på å ha han her heile tida, seier Marius Horn Molaug, som er den faktiske redaktøren for Donald-bladet. Han fortel at bakgrunnen for konkurransen var at dei ville opna Andeby meir opp for lesarane. Dei synest det er...

Unge synest det er OK med politisk reklame i sosiale medium

Ikkje uventa er unge generelt meir positive enn eldre til politisk reklame, særleg i sosiale medium, viser ei spørjeundersøking frå Medietilsynet. Litt under halvparten av dei over 26 år vil ikkje ha servert politisk reklame, medan berre tre av ti under 26 år seier nei takk. – Dei unge oppfattar politisk reklame i sosiale medium som ei viktig kjelde til...

Fleirtal lite bekymra over klimaendringar

Tala viser òg at eit fleirtal på 56 prosent av dei spurde oppgir å vere lite bekymra for klimaendringar, skriv Bergens Tidende. I gruppa fødd etter 1990 er delen bekymra 62,2 prosent, medan blant folk fødd før 1959 er delen berre 37,4 prosent. Tala er frå februar i år. Delen som seier dei er «bekymra» eller «svært bekymra», har variert frå...

Éin av seks kommunar oppfyller ikkje kravet om psykologkompetanse

Frå og med 2020 er kommunane pålagde å ha psykologkompetanse i helse- og omsorgstenesta. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at eit klart fleirtal av kommunane har dette, og det er ein stor vekst i psykologårsverk i kommunane. Samstundes er det store regionale forskjellar. Både i dei mest sentrale kommunane i landet og i dei nest mest sentrale kommunane er psykologdekninga 100...

MDG stiller oljeultimatum

– Nok er nok! Nok er nok! Nok er nok! Det var det taktfaste ropet då MDG arrangerte valkampstart i Kubaparken i Oslo tysdag. Partileiar Une Bastholm ser no ein historisk sjanse til å få endra oljepolitikken i Noreg. Ho viser til kampen om Lofoten, Vesterålen og Senja (LoVeSe) som døme og håpar no at det skal vere mogleg å få...

Fastrentene i Lånekassen går opp

For fastrente med tre års bindingstid vil ho auke med 0,138 prosentpoeng til 1,933 prosent. For fastrente med fem års bindingstid vil ho auke med 0,108 prosentpoeng til 2,257 prosent. Fastrenta med ti års bindingstid vil gå litt ned – med 0,059 prosentpoeng til 2,550 prosent. Den flytande renta som gjeld frå 1. september er på 1,342 prosent. Dette er den...