Studie: Éin av fem foreldre uroa for kokainbruk – ikkje så redde for alkohol
Langt fleire foreldre er bekymra for kokain enn for alkoholbruk blant unge. Alkovitorganisasjonen Av-og-til meiner faren ved alkohol ikkje får nok merksemd.

Det er foreldre med barn i alderen 13–17 år som har uttalt seg om kva dei er bekymra for når det gjeld ungdommen.
Det er kokainbruk som vekkjer sterkast grad av bekymring. 21 prosent av foreldra er svært bekymra for at ungdommen deira skal bruke kokain, medan 15 prosent er svært bekymra for cannabisbruk.
Høvesvis 18 og 13 prosent er svært bekymra for seksuelle overgrep eller vald. Berre 3 prosent er svært bekymra for at ungdommen deira drikk alkohol.
654 foreldre svarte på undersøkinga, som er gjennomført av Respons Analyse på oppdrag frå alkovitorganisasjonen Av-og-til. Organisasjonen er bekymra for at det absoluttet mest utbreidde rusmiddelet hamnar i blindsona av kokain-merksemda.
– Ungdomsdrikking er ofte risikofylt og bidreg til langt fleire utfordringar totalt sett, seier Ragnhild Kaski, generalsekretær i Av-og-til til NTB.
Alkohol er inngangsdøra
Dei siste åra har det vore mange oppslag i media om stor auke i bruk av det svært avhengnadsskapande narkotiske stoffet kokain. Seinast tysdag kom ein rapport frå The European Union Drugs Agency (EUDA) som indikerte stor auke i kokainbruk etter avløpsanalysar i ei rekke storbyar i Europa.
– Vi skal ikkje bagatellisere auken i kokainbruk. Samtidig er det viktig å minne om at dei aller fleste ikkje bruker kokain, seier Kaski.
Ho minner også om at veldig få eksperimenterer med kokain og andre rusmiddel utan at alkohol er involvert.
– Ein del bruker også andre rusmiddel for å «styre» alkoholrusen. Undersøkingar viser at dei som bruker kokain, også drikk mykje alkohol – og at det startar med festing med mykje alkohol, før kokain blir introdusert, seier Kaski.
I Den europeiske skuleundersøkinga ESPAD frå i fjor oppgav 2,9 prosent av norske 15-16-åringar at dei hadde prøvd kokain. I Rusundersøkinga oppgir omtrent 95 prosent av 16–30 åringar i Noreg at dei ikkje har brukt kokain siste år.
Ifølgje FHI svarer om lag 50 prosent av norske 15-16-åringar at dei har drukke alkohol det siste året, og éin av fem at dei har vore fulle.
Ta praten
Undersøkinga viser at halvparten av foreldra snakkar mykje om alkohol med ungdommen sin. 37 prosent av foreldre synest også det er OK at tenåringar eksperimenterer med alkohol før dei er fylte 18 år. 15 prosent meiner det er OK at 16-åringen prøver å drikke litt.
Av-og-til oppmodar foreldre til å ta ein skikkeleg prat om rusmiddel generelt og ikkje gløyme alkoholen.
– Det eine ser ikkje bort frå det andre, snakk gjerne om andre rusmiddel. Vi oppmodar foreldre og ungdom til å bli «samsnakka» om alkohol. Kva reglar gjeld heime, kva for nokre positive og negative konsekvensar kan følgje med alkoholbruk, seier Kaski.