Ho har lenge sydd fargerike og glitrande klede. No har Marie Murby forelska seg i bunadar, og blitt lærling i bunadtilverkarfaget.
I systua til Mare Bunad møter Framtida.no Marie Murby. Ho er midt i ein saum, men strekker ut handa for å helse.
På seg har ho ein trønderbunad. Men det er noko spesielt med denne trønderbunaden.
Murby har sydd han heilt sjølv.
– Eg begynte i september, og var ferdig i januar. Eg var veldig opptatt av å nyte prosessen, fortel ho.
Frå disco til bunad
Då Marie Murby var 19 år, starta ho sitt eiget klesmerke, som ho kalla Murby Designs. Der laga ho kolleksjonen DISCO, med fargesprakande, glitrande klede som ho sydde til kundane sine.
Sjølv om ho no har fokus på bunadar, likar ho framleis å eksperimentere med fargar og glitter på fritida.
– Det er jo to veldig forskjellige ting! Her på jobb er det spesifikt og føreseieleg, mens heime kan eg vere kreativ på ein annan måte. Eg er glad i begge delar, seier Murby.
Visste ikkje at bunadtilverkar var eit yrke
I 2023 begynte Murby som lærling i kjole og draktsaum-faget. Då ho begynte å sy bunaden sin i fjor haust, visste ho ikkje at bunadtilverkar var eit yrke.
– Dess meir eg sydde på bunaden min, dess meir tenkte eg: Det her er jo så GØY! seier ho entusiastisk, og fortset:
– Men så vart eg litt lei meg av tanken på at han skulle verte ferdig. Då han var ferdig, var det som om brikkene fall på plass. Det er dette eg vil!
I februar fekk ho lærlingplass hos Mare Bunad i Oslo, og skal vere her i eitt og eit halvt år til.
– Er bunaden min eigentleg produsert i Noreg?
Ifølge Murby er det ikkje mange som søker seg til å bli bunadtilverkar. Fleire av teknikkane som blir brukt for å lage ein bunad, ligg på Noregs Husflidslag si raudliste.
Murby håpar fleire unge vil søke seg til faget.
– Eg synest det fortener meir merksemd. Det er eit døyande fag.
Ho trekker også fram miljø og klima.
– Mange bunadar blir produsert i utlandet. Eg trur ikkje så mange tenker «Er bunaden min eigentleg produsert i Noreg?». Og når vi reparerer gamle ting bidrar det ikkje til fast fashion, seier ho.
23-åringen synest det er givande å jobbe med andre unge bunadtilverkarar.
– Eg synest det er så viktig at unge fortset å produsere og verdsette dette handverket.
Følte at det ikkje var håp
Sidan Murby har ein kronisk sjukdom, har ho lenge følt at det ikkje var håp for ho, og at ho ikkje kunne drøyme om ei utdanning.
– Men no har eg begynt på det, og det er veldig stort, seier ho.
Draumen er å jobbe som bunadtilverkar i ei systue, i lag med fleire andre.
– Det er dette eg vil bli, smiler ho til slutt.
● Les også: «Kva sju år som kronisk sjuk har lært meg»