Her badar stortingsrepresentanten med Natur og Ungdom
Raudt-politikar Sofie Marhaug demonstrerte saman med Natur og Ungdom i Førdefjorden.


Stortingsrepresentant for Raudt, Sofie Marhaug. Foto: Alva Thingnes Førsund/NU
– Førdefjorden er ikkje nokon plass ein kan kasta bosset sitt. Dette er heimen til trua arter, og det er ein del av heile livsgrunnlaget vårt. Difor står vi saman med miljørørsla og held fram med å jobba for reine og levande norske fjordar. Det er ein essensiell del av vår jobb som politikarar og som parti, seier Sofie Marhaug i ei pressemelding frå Natur og Ungdom.
Torsdag demonstrerte Natur og Ungdom i Førdefjorden saman med representantar frå SV og Raudt i høve den offisielle opninga av gruveanlegget på Engebøfjellet.

I fjorden ligg stortingsrepresentant for Raudt Sofie Marhaug, leiar i Natur og Ungdom Sigrid Hoddevik Losnegård, nestleiar i Naturvernforbundet Helene Øvden, stortingskandidat for SV Hege Lothe, stortingskandidat for MDG Frøya Sjursæther og landsstyrerepresentant for Natur og Ungdom Fjore Müller. Foto: Alva Thingnes Førsund/NU
Saksøkte staten
Miljøorganisasjonar har i lang tid kjempa mot selskapet Nordic Mining, som har fått løyve av norske styresmakter til å dumpa inntil 170 millionar tonn gruveavfall frå Engebøfjellet i Førdefjorden.
Selskapet fekk løyve til prosjektet i 2022 og varsla før jul i fjor at dei hadde starta med utvinninga av rutil og granat.
Planane har vekt mykje motstand frå Natur og Ungdom som i fleire omgangar har lenkja seg for å stogga utbygginga.

Her vert Aleksander Snarheim arrestert av politiet ved Førdefjorden. Foto: Amanda Iversen Orlich/Flickr/CC BY-ND 2.0
Organisasjonen har òg saman med Naturvernforbundet saksøkt staten for å ha tillate gruveselskapet å dumpa avfall i fjorden. Staten vart frikjent i Oslo tingrett, men saka skal behandlast i Borgarting lagmannsrett 10.–12. juni.

Leiar i Natur og Ungdom Sigrid Hoddevik Losnegård. Foto: Alva Thingnes Førsund/NU
Lovar kamp vidare
Leiar i Natur og Ungdom, Sigrid Hoddevik Losnegård, vil senda eit tydeleg sak til både selskapet og politikarane.
– Når Nordic Mining feira opninga si, er det viktig for oss å gjera det tydeleg at me kjem aldri til å gje opp kampen for ein rein Førdefjord. Det er ei krystallklar motsetning mellom prosjektet deira og ambisjonen dei påstår at dei har om å vera ein del av det grøne skiftet. Uansett er ikkje Førdefjorden ein plass ein kan dumpe driten sin. Difor demonstrerer me, og difor har me saksøkt staten for dei ulovlege løyva som er gjeve Nordic Mining. Me gjer det for fisken, folket og framtida! seier ho i pressemeldinga.
Òg nestleiar i Naturvernforbundet, Helene Ødven, lovar kamp vidare.
– Denne saka er ikkje avgjort. Me har god tru på at me vinn Fjordsøksmålet i retten. Då må staten trekkja tillatinga tilbake, og dumpinga må stoppa omgåande. Nordic Mining tek ein stor risiko ved å starta gruveproduksjonen før det er rettsleg avklart om utsleppstillatinga er lovleg, seier ho i ei pressemelding.