Miljøorganisasjonar etterlyser nasjonale utsleppsmål i klimameldinga: – Ansvarsfråskriving

Changemaker og Spire reagerer på at regjeringa opnar for å nå klimamåla gjennom kjøp av klimakvotar i utlandet.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Me står midt i ei klimakrise, og behovet for kraftige utsleppskutt har aldri vore større. Likevel legg regjeringa fram eit mål som verken tek jobben på heimebane eller reflekterer Noregs historiske ansvar for utslepp.

Det seier Marte Hansen Haugan, leiar i Changemaker, i ei pressemelding.

Lansering hjå oljeaktør

I dag lanserte klimaminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) regjeringa si nye klimamelding hjå offshorebedrifta Worley Rosenberg i Stavanger.

Miljøorganisasjonen Spire var i forkant kritiske til val av scene, som dei meinte sender «eit veldig urovekkande signal».

– Når meldinga blir lansert i lokala til ein aktør som jobbar tett med fossilnæringa, er det vanskeleg å tru at regjeringa verkeleg er klar for å ta den naudsynte omstillinga på alvor, skreiv leiar Elise Åsnes i ei pressemelding.

70–75 prosent utsleppskutt

Under landsmøtet til Arbeidarpartiet avslørte klimaministeren at Noreg går inn for å kutta utsleppa med 70–75 prosent samanlikna med 1990-nivå innan 2035.

– Parisavtalen verkar og har flytta oss i rett retning. Samtidig skjer klimaendringane her og no, og både ute i verda og her heime ser me konsekvensane av klimaendringane. Derfor er det viktig at me held trykket oppe. No foreslår me eit ambisiøst, men også realistisk klimamål for Noreg, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen i ei pressemelding.

Klimamåla skal behandlast i Stortinget, før dei skal nedfellast i Klimalova og meldast inn til FN.

Spire: – Ansvarsfråskriving

Miljø- og bistandsorganisasjonen Spire reagerer på at Noreg legg opp til at ein kan nå klimamåla gjennom kvotekjøp i andre land.

– Når Noreg ikkje vil kutta utslepp heime, svekkjer det både truverdet vårt og klimarettferda me har forplikta oss til. Det er på høg tid med eit nasjonalt mål som forpliktar, seier Åsnes.

Spire åtvarar mot dette som ei alvorleg svekking av både klimaambisjonane og global solidaritet.

– Kvotekjøp er verken ansvarleg eller solidarisk klimapolitikk. Det er som å senda rekninga for festen til nokon som aldri vart invitert. Dette er kynisk ansvarsfråskriving frå regjeringa, seier Åsnes.

Spire-leiar Elise Åsnes. | Foto: Frida Myklebust Amdahl/Spire

Changemaker krev kraftigare kutt

Changemaker-leier Haugan er einig i kritikken av at Noreg opnar for å nå måla gjennom kvotekjøp.

Dei meiner me burde setja målet for utsleppskutt på minst 80 prosent innan 2035, og leggja opp til at tre firedelar blir kutta innanfor Noregs grenser i tråd med Miljødirektoratets tilråding.

– Regjeringa tør ikkje å forplikta seg til kutt i nasjonale utslepp. Det er ufatteleg feigt. Å ikkje setja eit eige nasjonalt mål sender signal til andre land om at dei trygt kan gjera det same. Det er eit svik mot framtidige generasjonar, seier Haugan.

– Gåvepakke til fossilindustrien

Spire meiner òg klimamålet bør setjast til 80 prosent innan 2035 og etterlyser ein strategi for å fasa ut olje og gass.

– Klima- og miljøministeren målar om rustent jern. Overflata ser litt finare ut, men strukturen er like svak. Han fornyar rett og slett berre retorikken, og leverer ein gåvepakke til fossilindustrien, seier Spire-leiar Elise Åsnes.

Dei meiner regjeringa festar for stor lit til karbonfangst, elektrifisering og teknologiar som anten er umodne eller berre utset den reelle omstillinga.

– Me treng politisk vilje til å gjera dei vanskelege, men nødvendige grepa – ikkje fleire teknologiske distraksjonar. Å elektrifisera sokkelen er eit kostbart sidespor som bind oss til fossil energi, seier Åsnes.