Magnus Carlsen auksjonerer bort «forbodne bukser»

Magnus Carlsen-olabuksene som skapte furore under VM i hurtigsjakk, er i ferd med å hanke inn ein fin sum pengar på ein internettauksjon.

NPK-NTB
Publisert

Den norske sjakkstjerna offentleggjorde onsdag at han har bestemt seg for å selje det aktuelle jeansparet for å samle inn pengar til eit velgjerande formål.

Kort tid etter at det vart opna for bod på buksene, låg det høgaste bodet på 435 dollar, tilsvarande 4844 kroner. Sidan har bodgivinga skote kraftig fart.

Torsdag morgon er det høgaste bodet på heile 8000 dollar, tilsvarande snautt 90 000 norske kroner. Det må kunne seiast å vere ein relativt stiv pris for brukte bukser.

«De forbudte buksene kan nå bli dine. Jeg auksjonerer bort olabuksene mine. En setning jeg aldri trodde jeg skulle skrive, men her er vi. Alle inntektene går til Big Brothers Big Sisters-programmet» skriv Carlsen og presiserer på humoristisk vis at buksene er brukte i éin kamp.

Auksjonen varer fram til 1. mars.

Det enda i fullstendig kaos då Carlsen i romjula vart bøtelagd for å stille i jeans under VM i hurtigsjakk i New York. Det var Det internasjonale sjakkforbundet (Fide) som vedtok å straffe nordmannen.

Carlsen valde deretter å trekkje seg frå vidare spel i protest mot avgjerda og sanksjonen.

Etter intens møteverksemd valde Fide å gjere retrett og tillate spel i olabukser under VM i lynsjakk. Dermed var også Carlsen tilbake på startlista.

Nordmannen tok til slutt gullet i lynsjakk.

Big Brothers Big Sisters-organisasjonen, som får pengane frå auksjonen, skal bidra til at «barn når sitt fulle potensial og byggjer ei framtid».