Lorde om kjønnsidentitet: – Eg er ei kvinne, bortsett frå dagane eg er ein mann

Artisten Lorde opnar opp om at kjønnsidentiteten hennar er i endring, noko som vert tema på den komande plata hennar.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

«Eg er ei kvinne, bortsett frå dagane eg er ein mann.»

Det forklarar musikar Lorde til Rolling Stone at ho svara då artist Chappell Roan spurde om ho identifiserer seg som ikkje-binær.

Flytande kjønnsidentitet

– Eg veit det ikkje er eit veldig tilfredsstillande svar, men det er ein del av meg som er veldig motvillig til å putta det i ein boks, seier ho til musikkmagasinet.

Ella Maria Lani Yelich-O’Connor var berre 17 år då ho under artistnamnet Lorde tok verda med storm med hiten Royals. Den siste tida har ho opna opp om at ho føler at kjønnsidentiteten hennar er i endring.

Til sommaren slepper ho albumet Virgin, der opningslåten handlar om nettopp dette og inneheld frasen: «Some days I’m a woman. Some days I’m a man.»

Artisten Lorde på årets Met-galla med temaet «Superfine: Tailoring Black Style» i eit antrekk signert Thom Browne. Foto: Evan Agostini/Invision/AP

Til Rolling Stone forklarar den 28 år gamle artisten frå New Zealand at ho framleis identifiserer seg som ei cis-kvinne og brukar dei same pronomena, men at ho er i midten kjønnsmessig og er mest komfortabel med sitt flytande kjønnsuttrykk.

«Easter egg»-antrekk

På årets Met-gala stilte Lorde i ein kreasjon signert Thom Browne, som ho forklarte at er eit «easter egg», som betyr at det er eit hint til fansen.

Lorde hadde sjølv designa antrekket, som bestod av eit skjørt og ein overdel, inspirert av magebeltet til smoking.

– Eg elskar berre den opne ryggen. Han representerer kor eg er kjønnsmessig. Eg føler meg som ein mann og ei kvinne, sa artisten på den raude lauparen.