Kunnskapsdepartementet vil auke utstyrsstipendet for dyre yrkesfag
Kunnskapsdepartementet ønsker å auke utstyrsstipendet for dei dyrare yrkesfaglege studieretningane i vidaregåande skule.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sidan 2007 har alle elevar i vidaregåande opplæring hatt krav på utstyrsstipend frå Lånekassen. Utstyrsstipend blir gitt for å dekke ulikt skulemateriell, for eksempel kokkeklede, leige av PC eller idrettsutstyr.
Les også: Endra yrkesval – fann lukka med plast
Betre samsvar mellom utgifter og stipend
Kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) ønsker no å auke utstyrsstipendet.
Sanner seier også at målet er at det skal vere betre samanheng mellom dei faktisk utgiftene elevane har til nødvendig utstyr, og stipendet dei får frå Lånekassen.
– Vi har bedt Utdanningsdirektoratet i samarbeid med Lånekassen om å komme med konkrete forslag til nivå på utstyrsstipend for dei ulike utdanningsprogramma i vidaregåande skule, seier kunnskapsministeren.
Lånekassen vil i det kommande undervisningsåret 2018/2019 dele ut utstyrsstipend til 157.620 elevar. Gjennomsnittleg beløp per utstyrsstipendmottakar er anslått å liggje på 1.660 kroner.