Her konkurrerar elevane om kven som er best i yrkesfag: – Høg puls og full fart

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først publisert på Porten.no.

Sogndal: – Heilt forferdeleg, seier Jan Helge Husum, data- og elektroelev ved vidaregåande i Sogndal.

Han har nettopp stirra uavbrote i ein dataskjerm i tre strake timar, berre avbrote av frenetisk trykking på tastaturet og nokre kjappe dialogar med makkeren. Dei kom ikkje heilt i mål med oppgåva.

BERRE NESTEN: Adrian Moldestad og Jan Helge Husum jobbar konsentrert dei siste minutta før oppgåva skal vera ferdig. Det vart ho ikkje. Foto: Halvor Farsund Storvik

No ventar dommen.

– Me vart kanskje litt hovmodige, eg og han eg jobba med. Me trudde me kunne dette her. Så byrja me å bu oss litt for seint og me testa ikkje alt me skulle, seier Husum.

Onsdag var han ein 133 elevar som i tjue forskjellige fag skulle konkurrera om kven som kan handverket sitt best. På spel stod både ære og ein plass i landsfinalen.

Sjølv om sjølvkritikken var nådelaus, likte Husum å få testa seg mot elevar frå andre plassar i fylket.

– Det heiter seg i skulen at me ikkje skal samanlikna oss med andre enn oss sjølve. Men akkurat i dag skulle me samanlikna oss direkte med andre. Det var interessant og veldig spanande, seier Husum.

BRIEFING: Køyretøyelev Adrian Djupvik frå Førde må svare på spørsmål frå dommar Roald Standnes frå Bilbransjens Opplæringskontor i Sogn og Fjordane. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Fører resultata i konkurransen på CVen

Yrkesfaga har dei siste åra slite med for dårleg rekruttering. Tanken bak fylkesmeisterskapen er å få vist fram yrkesfaga på ein spanande måte.

TOMMEL OPP: Litt sunn konkurranse gir berre futt og fart i undervisninga, trur Henry Arne Helle (til høgre), avdelingsleiar for dei tunge yrkesfaga på vidaregåande i Sogndal. Foto: Halvor Farsund Storvik

– Her er det høg puls, full fart og stor stemning, seier Henry Arne Helle, avdelingsleiar for dei tunge yrkesfaga på vidaregåande i Sogndal.

Helle seier konkurransen har bidrege til futt og fart i undervisninga òg, samt litt sunn konkurranse mellom skulane.

Prestasjonen har derimot ikkje noko å seia for karakterane.

– Men eg veit om elevar som har brukt det på CVen, når dei har gjort det godt på slike konkurransar, seier Helle.

Ute i garasjen står Adrian Djupvik frå Førde og sjekkar om verdiane stemmer etter avgassmålinga han tok frå eksosrøret på bilen. Dommaren følgjer han med eit strengt blikk, og kvir seg heller ikkje for å stilla spørsmål.

FEILSØKING: Mekanikar Eirik Ese på Frydenbø bilsenter i Sogndal testa kunnskapen til elev Vilius Janulynas frå Sogndal. Foto: Halvor Farsund Storvik

– Det er kjekt, men samstundes litt skummelt, seier Djupvik.

Meiner det er eit samfunnsansvar å snu trenden

Mannen med argusauga er Roald Standnes frå Bilbransjens Opplæringskontor i Sogn og Fjordane. Han trur fylkesmeisterskapet absolutt kan vera med på å auka interessa for yrkesfaga. Samstundes meiner han grunnskulen må ta eit enno større ansvar for å løfta dei fram.

– Dei tek litt for lett på dette med handverk. Det krev ganske mykje øving å bli ein god handtverkar og samtidig kunna bruka hovudet. Dette er noko me verkeleg må jobba med i heile samfunnet, seier han.

Like ved sidan av har Vilius Janulynas frå Sogndal nettopp funne ut kva som feilar ein gamal Audi.

– Det var kontakten til gasspjeldet som ikkje var kopla til. Og så var det nokre feilkodar på dataen som måtte fiksast, seier han.

Han tykkjer det er kjekt å bli utfordra på kva han kan og ikkje kan. Ambisjonar om ein landsfinale er detv for tidleg å tenka på.

– Eg tvilar på at eg kjem så langt. Men viss eg gjer det, så er det berre flott. Då skal eg gjera mitt beste og sjå kor langt eg kjem, seier han.

Der tok han feil, for Janulynas var ein av elevane av fleire elevar frå Sogndal som tok seg vidare.

Les heile saka og sjå fleire bilde på Porten.no!