Endra yrkesval – fann lukka med plast

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Håvard Selheim er lærling som plastmekanikar hjå Odda Plast i Odda. Han har jobba der eit halvt år. Akkurat no er han med på å lage plastrøyr til oppdrettsnæringa.

– Eg valde plastmekanikar fordi det virka spanande og eg trong ein lærlingplass. Eg har alltid vore glad i mekanisk arbeid, seier Selheim.

Martin Skage er òg lærling som plastmekanikar. Martin har gått i lære i kring åtte månader. Han er innleigd for å hjelpa til med oppdraga til verksemda. Odda Plast har for tida mange oppdrag og må leiga inn fagfolk for å få oppdraga unna.

– Eg arbeider i Haugesund i Level Solutions til vanleg. Det er eit firma som arbeidar med plastikk og sveising, litt engineering, problemløysning, planlegging og teikning.

Fekk ikkje lærlingplass

Men det er eit problem, det er ikkje lett å få læreplass. Håvard fortel at han gjekk på automasjon, men fekk ikkje læreplass.

– Eg søkte på automasjon i heile landet, fortel han.

Martin Skage er lærling som plastmekanikar

Under halvparten av klassen fekk plass. Ein del hoppa over på elektro og nokon tok studiekompetanse. Håvard ville jobba.

– Eg søkte alle plassar innanfor mekanisk og fekk plass i september. Eg bur i nærleiken, så det er heilt topp. Eg kjem nok til å verte verande her. Det er mogeleg å få jobb i verksemda når lærlingtida er over, meiner han.

Martin skulle eigentleg verte botnsveisar på aluminium, men den avtalen fekk eg berre munnleg. Avtalen min rauk. Men han som fylgde meg opp, fekk meg inn på industriell produksjon.

Fordelar med yrket

– Det som eg synest er fordelaktig med dette yrket, er at det er reint og ikkje så skittent. Det er ikkje så høge temperaturar så det er ikkje så tungt for auge og øyre, fortel Martin.

Det er mange som får problem med auga innan sveisaryrket seinare, fordi dei er sløve med å nytte verneutstyr.

Håvard legg til at der han arbeider er dei flinke til å nytte verneutstyr. Samstundes er det ikkje så mykje verneutstyr ein treng innan plastmekanikaryrket.

Håvard likar å få utfordringar på verkstaden.

– Eg likar å laga store avanserte røyrspolar, større enn dei me lagar no. Eg likar og å vera i felten og skru og bygga om ting, fortel han.

Snart skal han prøva seg på ny avdeling, på glasfiber.  Håvard finn få ulemper med dette yrket bortsett frå at det vert ekstremt mykje spon. Martin legg til at når dei varmar opp store dimensjonar, er det ein del kjøletid. Det betyr venting. For å forma plast må den varmast opp.

Mange oppdrag og treng fleire tilsette

Odda plast er eit døme på ei verksemd som er i vekst. Dei sel plastmateriale både til oppdrettsnæringa og til oljeindustrien.

Tor Arne Åse er HR/HMS-leiar på verksemda og ser høg aktivitet innan begge bransjar dei neste åra.

– Behovet for arbeidskraft er der, og me må sjå på å få eit påfyll av fagkompetanse, uttalar Åse.

Verksemda vurderer og å ta inn fleire lærlingar.

– Men vi må sørgje for at me har kapasitet til å følgje dei opp. Odda Plast har 42 faste tilsette. Over 40 prosent av arbeidsstyrken er over 50 år, så me har behov for å få inn meir påfyll av fagleg arbeidskraft de neste åra, seier Åse.