Mental Helse ungdom trekker tullenynorsk-kampanje

På Facebook-profilen sin beklagar Mental Helse Ungdom kampanjen der dei tok til orde for å skrote sidemålet.

Mia Huse
Publisert

Måndag 5. oktober publiserte Mental Helse Ungdom eit Facebook-innlegg med teksten «Eg veit ikkje kvisleis eg har det, men eg fekk 4 i sidemål.»

Etter mykje kritikk har dei no sagt unnskyld og stansa annonseringa, medan dei finn ut korleis dei kan formidle bodskapen til kampanjen deira om eit psykisk helse-fag inn i skulen, betre.

Det skriv dei på Facebook fredag ettermiddag.

– Det er me eigentleg utruleg glade for. Det står veldig mykje respekt i at dei kan unnskylde seg for det her, seier leiar i Norsk målungdom Sebastian Natvik til Framtida på telefon.

Han kritiserte kampanjen for å vere barnsleg og lågmål tidlegare denne veka.

– Det var jo det einaste rette dei kunne gjere.

Mental Helse Ungdom sa unnskyld for tullenynorsk-kampanjen ettermiddagen fredag 9. oktober. | Foto: Skjermdump Mental Helse Ungdom / Facebook

Mental Helse Ungdom skriv at dei forstår at delar av kampanjen opplevast som at dei gjer narr av eit språk som betyr mykje for mange og er ein viktig del av deira identitet, og at dei derfor stansar annonseringa.

Generalsekretær Adrian Lorentsson skreiv til Framtida i starten av veka at dei ikkje kom til å trekke kampanjen, sjølv om han forstår at målungdommen reagerer på han.

Saka om kritikken til Norsk Målungdom og Mental Helse Ungdoms svar kan du lese her: