Jenter og teknologi må avslutte: – Kvinnelege rollemodellar er naudsynte

Prosjektet som har forsøkt å motivere unge jenter til å velje teknologiutdanningar, mister no all støtte frå staten og må dermed avslutte etter ti år.

Mia Huse
Publisert

– Me er eit fellesskap og tiltak for å inspirere jenter til å velje teknologi, seier Nina Engelschiøn Mjåset, event- og marknadsansvarleg i Jenter og teknologi.

Dei avsluttar sin årlege noregsturné i Oslo. Tusen niande- og tiandeklassejenter fyller storsalen på Chateau Neuf under rosa neonlys.

– Rollemodellane våre hjelper og støttar kvarandre, og inspirerer jenter over heile landet.

No må prosjektet avsluttast, fordi det ikkje er foreslått at støtta deira skal vidareførast i statsbudsjettet for 2027.

 

Jenter og teknologi

  • Eit nasjonalt prosjekt med mål om å auke kvinneandelen i teknologiutdanningane.
  • Blei starta opp i 2016.
  • Lagar møteplassar for jenter i alderen 13–19 med mål om å lære dei kva for moglegheiter som finst innanfor teknologi.
  • Har noregsturné kvart år, der dei reiser landet rundt og held foredrag i fire veker.
  • Har sidan oppstarten blitt finansiert gjennom statsbudsjettet.
  • I statsbudsjettet for 2027 får dei null kroner.
  • Bunde til Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO), men blir ikkje finansiert gjennom dei.
  • Har fagforeiningane Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon (NITO) og Tekna som hovudpartnarar.

– Alle må med

Arrangementa bidrar til at fleire jenter får augo opp for teknologibransjen, ifølgje Mjåset.

– Fleire av våre rollemodellar var på show då dei var unge, og dei seier at det har vore ein stor grunn til at dei valde teknologibransjen.

Ho meiner at teknologi er ein mindre synleg karriereveg for jenter enn gutar.

– Det har stor påverknad når me startar den bevisstgjeringa i ein tidleg alder, før dei vel til dømes om dei skal ta t- eller p-matte.

Event- og marknadsansvarleg i Jenter og teknologi Nina Engelschiøn Mjåset er skuffa over kutta i statsbudsjettet.

Mjåset meiner det er mange grunnar til at det er viktig med fleire kvinner i teknologibransjen.

– Teknologi har ei utruleg stor rolle i alles kvardag, og det kjem berre til å spele ei større rolle i tida som kjem. For at me skal få teknologiløysingar som passar for alle, må me få med oss alle på laget.

Ho trekker fram at ingen bilbelte fram til 2023 vart testa på kvinnelege testdokker.

– Kvinner i teknologi gjer at ein i større grad tenker på alle når slike løysingar blir utvikla, meiner ho.

Naudsynt

– Kvinnelege rollemodellar er naudsynte fordi me er i mindretal i teknologibransjen, seier byggingeniørstudent Andrea Fiske (21).

Ho har prata om sin karriereveg for niande- og tiandeklassejenter i heile landet gjennom Jenter og teknologi.

Saman med fem andre rollemodellar prøver ho å belyse for unge jenter alle dei ulike moglegheitene som finst innanfor teknologi.

Andrea Fiske (21) er byggingeniørstudent ved NTNU.

– Då eg sjølv gjekk på vidaregåande skule, syntest eg det var skummelt å ta teknologifaga, fordi det ikkje var så mange andre jenter der, seier Purbina Shahi (22), som studerer programmering og systemarkitektur.

Ho opplevde sjølv mangel på kvinneleg representasjon i bransjen ho var interessert i.

– Det blir ikkje noko forandring med mindre me er med, så det er viktig for meg å vere med her og fortelje jentene om alle moglegheitene som finst.

Rollemodell og informatikkstudent Purbina Shahi (22) opplever mykje entusiasme frå jentene ho har show for.

Vil bli ingeniør

Rollemodellane fortel at responsen frå dei unge har vore veldig bra.

– Når me tar spørsmål etter showa, er det veldig stor interesse, og etter dei siste showa har me fått masse direktemeldingar der jentene seier at dei fekk meir interesse av å gå for teknologiutdanning på grunn av oss, seier Purbina.

– Dei små er kjempeengasjerte. Eg vil tru at det er til stor inspirasjon å sjå oss som også berre er vanlege jenter som ein gong sat der dei sit no. Dei kan stå på ei scene sånn som oss, seier Andrea.

Tiandeklassingane Fanny (15) og Eva (15) synest Jenter og teknologi er spennande og lærerikt.

Tiandeklassingane Eva (15) og Fanny (15) bekreftar mistankane til rollemodellane.

– Eg synest det er veldig spennande. Eg lærer veldig mykje, seier Eva.

– Det er spennande å høyre om alle moglegheitene som eg ikkje visste at fanst, seier Fanny.

Eva har veldig lyst til å bli ingeniør, og vil aller helst jobbe med Formel 1.

Fanny er også interessert i å jobbe med teknologi, men ho er ikkje heilt sikker.

Dei kjenner seg igjen i at teknologifag og teknologibransjen blir sett på som ein guteting.

– Det hadde vore gøy å representere jentene og klare det, og vise at kvinner kan klare minst like mykje som menn, seier Eva.

Ingen stønad

Prosjektet blir finansiert utelukkande gjennom statleg støtte.

I statsbudsjettet for 2027 er det ikkje satt av nokre pengar til Jenter og teknologi.

I fjor fekk dei tre millionar.

– Me kjem dessverre til å måtte slutte utan dei midlane, seier Mjåset.

– Alle dei møta me har med jenter på tvers av Noreg, vil ikkje ha moglegheit til å finne stad, og det fellesskapet me har skapt for unge jenter, må då opphøyre.

19 år gamle Silja Hasselberg fortel 1000 ungdomsskulejenter om kvifor ho er elektrikarlærling under Jenter og teknologi.

– Det er ein veldig lei situasjon, seier ho.

Dei forstår ikkje kvifor regjeringa satsar så mykje på teknologi i høgare utdanning, medan dei kutter dei tiltaka som bidrar til at fleire kvinner vel realfags- og teknologiutdanningar.

Mjåset meiner at synlegheit på ungdomstrinnet er avgjerandre for at rekrutteringstiltaka på høgare utdanningsnivå skal ha nokon effekt.

– Det er mange elevar som nyttar seg av dette og potensielt vil miste det i framtida.

Andrea og Purbina synest det er veldig dumt at tilskota til Jenter og teknologi er fullstendig kutta i statsbudsjettet.

– Me ser jo at dette har ein påverknad. Responsen frå publikum er kjempebra. Dei kutter moglegheitene og eksempla jentene kunne ha fått frå oss, seier Purbina.

Purbina Shahi (22) studerer programmering og systemarkitektur.

– Må gjere innsparingar

– I eit stramt budsjett må vi gjere innsparingar for å skape handlingsrom for dei viktigaste prioriteringane, skriv statssekretær i Kultur- og likestillingsdepartementet Erlend Hanstveit til Framtida på e-post.

Statssekretær i Kultur- og likestillingsdepartementet Erlend Hanstveit skriv at dei har prioritert andre ting enn Jenter og teknologi i statsbudsjettet for 2027.

– Jenter og teknologi er eit godt prosjekt som sidan 2016 har mottatt til saman 35 millionar kroner i stønad frå regjeringa, men som ikkje er prioritert i år.

Han meiner at dei har fleire andre tiltak for å styrke rekrutteringa av jenter til teknologi.

Samstundes som Jenter og teknologi får støtta si fullstendig kutta, gir Kultur- og likestillingsdepartementet to millionar meir til prosjektet Gutar og helsefag.

– Vi aukar stønaden for å styrkje rekrutteringa av menn til helse- og omsorgssektoren – ein sektor der vi vil trenge mange fleire hender i tida framover for å sikre folk i Noreg rask og god helsehjelp, skriv Hanstveit.