Vil behalde eldre litteratur- og språkhistorie
Eit svekkt norskfag kan gå ut over haldninga til framande kulturar. Slik argumenterer Norges Mållag i sitt forsvar for eldre litteratur- og språkhistorie.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi står att med eit norskfag der elevar ikkje i det heile skal møte den rike, og verdskjende, litteraturarven frå norrøn tid.
Slik konkluderer Noregs Mållag i si høyringsfråsegn til det nye norskfaget. Dei meiner eldre litteratur- og språkhistorie har blitt systematisk svekkte i tidlegare læreplanrevisjonar, og at områda no er fullstendig ute av planen.
Nytte og danning
Å lære arbeidsmetode er prioritert av gruppa som har utvikla kjerneelement til dei nye læreplanane. Omlegginga blir grunngjeven slik:
«Forslaget legger opp til at norskfaget i større grad enn tidligere er et fag der elevene kan finne ut av ting selv, eksperimentere og bruke sin nysgjerrighet. Ved å løfte fram mer utforskende og skapende metoder som fremmer motivasjon, elevdeltakelse og samhandling, vil norskfaget i større grad kunne bidra til å utvikle elevenes forståelse av sentrale begreper og sammenhenger i faget. Dette harmonerer med dybdelæringsprinsippet, som er en bærebjelke i fagfornyelsen.»
- LES OGSÅ: – Læreplanen må slankast endå meir
– Det å «finne ut av ting selv», vert viktigare enn danningselementet av norskfaget. Å forstå og få tilgang til samfunnet og kulturen og halda seg kritisk til denne krev meir enn ein deltakande arbeidsmetode, norskfaget må òg tilby kunnskapsstoffet som hjelper elevane til å forstå «sentrale begreper og sammenhenger i faget», skriv Mållaget.
Organisasjonen meiner også at ei svekking av eldre litteratur- og språkhistorie stemmer dårleg med mål i det overordna kapitlet om identitet og kulturelt mangfald:
«Skolen skal gi elevene historisk og kulturell innsikt og forankring, og bidra til at hver elev kan ivareta og utvikle sin identitet i et inkluderende og mangfoldig fellesskap. Innsikt i vår historie og kultur er viktig for utvikling av elevenes identitet og skaper tilhørighet til samfunnet. Elevene skal lære å kjenne de verdiene og tradisjonene som bidrar til å samle menneskene i landet.»
Kulturkamp og inkludering
Til slutt peikar Mållaget på det dei meiner er ein feil premiss i verdigrunnlaget. Der står det at:
«I norskfaget står etnisk, kulturelt og språklig mangfold i et spenningsforhold til kulturarv og tradisjonell kultur.»
Mållaget meiner at ei slik formulering framstiller norsk kultur som noko varig, og noko som er felles for alle, i motsetnad til dagens situasjon der etnisk og kulturelt mangfald skapar eit spenningsforhold.
– I røynda er det slik at etnisk, kulturelt og språkleg mangfald har prega norsk kulturarv og tradisjonell kultur i over meir enn tusen år, skriv Mållaget.
Dei viser til spenningsforholdet mellom samisk- og norsktalande, dialektmanfaldet, konflikt mellom dansk skrift og norsk tale, og seinare mellom nynorsk og bokmål. Og peikar på at kunnskap om konflikt om kva som skal vere norsk kultur er avgjerande for å forstå norsk kulturarv, og også for forståing av andre kulturar:
– Om elevane lærer dei lange linjene, mellom anna med hjelp av eldre litteratur og historie, får dei eit perspektiv som kan gjere dei mindre redde for det nye og framande.