Slaktarlærlingen er med på å sørgje for at kjøtet vi kjøper i butikken er trygt å ete.
– Det beste må vere at det er ein veldig variert jobb. Viss det er dagar der vi har to forskjellige dyreslag, blir det to forskjellige ting å gjere på same dag. I tillegg har eg veldig gode kollegaer og det er veldig godt arbeidsmiljø.
Det seier Kai Kristiansen (19) på telefon til Framtida.no. Han er slaktarlærling ved Nortura Målselv. Der lærer han korleis han skal slakte dyra som til slutt blir til kjøt i matbutikken på ein forsvarleg og trygg måte.
Kai Kristiansen
Alder: 19 år
Frå: Finnsnes i Senja
Yrke: Slaktarlærling ved Nortura Målselv
Utdanning: Restaurant og matfag og læreperiode ved slakteri
Det startar frå dyra blir leia av transporten, til dei er avliva og klassifisert, slik at bonden veit kva han får betalt for det han har levert.
Ombestemte seg på vidaregåande
Å bli slaktar var ikkje den opphavelege planen til Kristiansen. Han var usikker på kva han skulle bli før vidaregåande, men starta på restaurant- og matfag fordi han var glad i å lage mat.
– Etter eit år fann eg ut at eg ville gjere noko anna innan matproduksjon enn å vere kokk. Då var eg to veker i praksis på Nortura, og var innom alle avdelingar.
Kristiansen fekk kjenne på korleis det var på linja med kjøtskjerarane, i laboratoriet, jobbe med pallane og pakke varer. Og han var sjølvsagt innom slaktarane.
– Eg synest alt dette såg så interessant ut, for alt var heilt nytt for meg. Eg hadde aldri vore innom eit slakteri før, aldri sett eit dyr bli slakta, men eg syntest det såg interessant ut. Eg hadde ikkje noko anna eg hadde lyst til å bli, så eg tenkte at eg skulle køyre på og gjere det.
Alternativ opplæring
Kristiansen har vore i lære i eitt og eit halvt år, og har eitt og eit halvt år att. Det er litt lengre enn den vanlege læretida. Skulen hadde ikkje kjøtfaget han trong å ta, så han fekk tilbod om å flytte for utdanninga si, eller ha ei lengre praktisk opplæring i lærebedrifta.
Det valet var lett.
– Det er inga hemmelegheit at eg likar å lære ting på ein praktisk måte, fortel han på telefonen.
Likevel venta han seg tunge tak.
– Eg hadde jo inga erfaring som slaktar, for å seie det rett ut. Og forventinga mi var at det kom til å bli ei utfordring. Eg visste frå før at det var ein tung jobb med mykje praktisk arbeid.
Dei forventingane stemte.
– Men det er også ein fin jobb, og eg angrar framleis ikkje på valet.
Samstundes som han får opplæring, tek han norsk og samfunnsfag på vidaregåande. Kristiansen likar veldig godt denne løysinga.
– Eg tenker det er ein veldig fin måte for folk som slit på skulen og med at det ikkje er ein arena for dei. Vi på yrkesfag går på skule for å lære ting for å kome oss i arbeid med ein gong skulen er ferdig, og eg tenker dette var ein veldig fin måte å kome i arbeid mykje tidlegare på.
Varierte dagar
Kristiansen kjem på jobb klokka sju om morgonen.
– Då er det vanleg at vi startar med storfeslaktinga. Viss vi har svin den dagen, går vi rett over dit, men det kan skje at vi berre har storfe, og no i lågsesongen har vi også slaktefrie dagar.
På slaktefrie dagar kan dei hjelpe til på andre avdelingar, men for Kristiansen blir det som regel lærlingoppgåver. Det er teoretiske oppgåver knytt til slaktaryrket.
– Eg får spørsmål eg skal svare på i eit dokument. Og det som er så fint med desse oppgåvene, er at når eg har svart på dei, kan eg ta dei med som ein PDF eg kan bruke på eksamen.
I tillegg til ein vanleg skriftleg skuleeksamen, skal han også etter kvart ta fagprøve, som er meir praktisk.
– Det blir å setje opp eit tidsskjema av kva eg skal gjere, kor lang tid eg brukar på kvar arbeidsposisjon, og så blir det å vise sensorane mine at eg kan heile jobben, frå dyret blir avliva til det blir klassifisert.
Når det er gjort, er han utlært og får svennebrev som slaktar.
Skarpe knivar
Sjølv om Kristiansen trivst godt i jobben, er det ikkje alt som er enkelt.
– Det mest utfordrande, sjølv om det er litt flautt å seie det, er å få til å ha skarpe knivar kvar dag.
Han har fått opplæringa i korleis han skal halde knivane skarpe, og korleis dei skal slipast, men teori er ikkje det same som praksis.
– Som regel går det fint, men eg har mine uhell. Det har sjølvsagt alle her inne, og det kan skje den beste, men eg føler eg har det uhellet litt oftare enn andre. Det er eigen trening, eg må berre bli flinkare på det.
Skal levere gode produkt
– Kva feiloppfatningar trur du folk har om yrket ditt?
– Eg trur folk flest har for lite kunnskap om yrket. Eg trur ikkje folk skjønar kva vi eigentleg gjer.
Kristiansen trur det er lett å tenke at slaktarar «berre» skal drepe dyr, og at det ikkje trengst eigen kompetanse til det, men han understrekar at det handlar om meir enn berre avliving.
– Slakting handlar om mattryggleik, god dyrevelferd, inga kryssforureining, og sjølvsagt HMS.
Han har som oppgåve å levere eit godt produkt, og då må han ha god kompetanse.
– Viss ikkje vi har kompetansen til å gjere jobben, kan folk bli sjuke av å ete kjøtet vi produserer.
Eit eldgamalt yrke
Lærlingen trur det er eit yrke som passar godt for unge folk. Det er artig, sjølv om det ikkje er lett.
– Slaktaryrket har vore hjå oss menneske i veldig mange hundre år, så eg trur det er bra om vi får nokre unge folk inn i det, som kan lære av oss, og lære oss andre nye ting.
Sjølv synest han det mest utrulege som har skjedd som slaktarlærling, er at han har fått mykje meistringskjensle. Det kan vere vanskeleg å lære nye arbeidsposisjonar som han ikkje får til med éin gong, og kva ein må kunne.
– Men når eg får det til, får eg ei utruleg god kjensle i meg.
I tillegg til planar om hus og barn på lang sikt, har Kristiansen ein konkret draum:
– Det må jo bli å halde fram her, og bli linjeleiar, han som passar på at slaktedrifta går rett føre seg.









