Forlaget Bonnier bruker KI til å omsetje bøker

Seniorredaktøren i Bonnier avviser at bruken av KI armar ut arbeidsmarknaden for omsetjarar.

NPK-NTB, Einar Nygaard
Publisert

Bonnier Norsk Forlag har brukt kunstig intelligens til å omsetje meir enn ti bøker frå engelsk til norsk. Bøkene ville ikkje vorte gitt ut utan maskinomsetjingar.

Seniorredaktør Ingrid Eia Ryvarden seier til Klassekampen at forlaget bruker omsetjingsprogrammet Deep L, og at det har gjort det mogleg å gi ut bøker som elles ikkje ville komme på norsk.

– Vi såg at kvaliteten vart god, og det opna for nokre moglegheiter, seier Ryvarden.

Blant titlane som er omsette ved hjelp av Deep L, er «Pengenes psykologi», «Ikke tro på alt du tenker» og Guinness rekordbok, som er trykt i eit opplag på 10.000 eksemplar.

Ho avviser at bruken av KI armar ut arbeidsmarknaden for omsetjarar.

– Nei, for desse bøkene ville ikkje komme ut om vi måtte ha omsett på den tradisjonelle måten. Det ville rett og slett ikkje vore lønnsamt, men sidan vi bruker omsetjingsprogrammet, kan vi gjere det, seier Ryvarden.

Guinness rekordbok er ein av verdas mest kjende merkevarer og blant dei mest selde barnebøkene i Noreg kvart år, ifølge ei pressemelding frå Bonnier september i fjor. 

Ifølgje seniorredaktøren blir omsetjingane kvalitetssikra av ein innleigd omsetjar før manuset blir gjennomgått vidare. Ho trur ikkje at forlaget vil bruke maskinomsetjing på skjønnlitteratur.

– Eg trur nok modellen kjem til å bli endå betre i åra framover, men han vil neppe bli så god at han klarer å attskape den særeigne forfattarstemma i eit litterært verk.