OECD tilrår endringar i yrkesfaga. Elevorganisasjonen er ikkje overraska.

86.000 unge er utanfor både arbeid og utdanning. Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) tilrår endringar i norsk yrkesfagutdanning.

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

86.000 unge står utanfor både arbeid og utdanning

– Vi er ikkje overraska over rapporten. Han konkluderer med det yrkesfagelevane sjølv ber om. Meir praksis, fleire læreplassar, tettare oppfølging og godt samarbeid med arbeidslivet.

Det seier Agathe Waage, påtroppande leiar for Elevorganisasjonen (EO).

86.000 utanfor arbeid og utdanning

OECD har på oppdrag frå Arbeids- og sosialdepartementet sett på kor mange som står utanfor både arbeid og utdanning (Not in emplyment, education or training, NEET) i aldersgruppa 15-29 år.

I 2016 var ni prosent i denne gruppa, det svarar til 86.000 unge menneske. Det er betre enn snittet for OECD-landa, men pila peikar feil veg, og vi er ikkje blant landa med best resultat.

Meir enn halvparten av dei som står utanfor arbeid og utdanning har ikkje fullført vidaregåande. OECD er uroa over at talet ungdom som droppar ut av skulen i Norge er høgt i samanlikna med andre land. Og fråfallet er størst i den yrkesfaglege utdanninga.

Som Waage seier, peikar OECD på at dei to første åra er teoritunge. Vanskane med å finne læreplass er også trekt fram som problematisk. Det samme er forholdet mellom kva studieretning elevane vel, og kva næringslivet etterspør.

Konkrete råd

OECD rår Norge til å få ei tettare kopling mellom kva utdanning som blir tilbydd elevane og det næringslivet etterspør. Det vil gjere det lettare å få nok læreplassar og hindre fråfall. OECD ønsker også at det blir meir yrkesretta opplæring og erfaring tidleg i skuleløpet.

Rapporten meiner også det kan vere nyttig å ha fleire yrkesretta tilbod på eit lågare akademisk nivå. OECD meiner det vil gje fleire moglegheit til å skaffe seg kvalifikasjonane som trengst for å komme i arbeid.

Betre samsvar mellom lønn i læretida og faktisk produksjon er også på lista over konkret politikk.

Næringslivet vil ha variasjon

Næringslivets hovudorganisasjon (NHO) meiner at Norge må ta konsekvensane av rapporten. I eit innlegg på nrk.no/ytring, skriv Ole Erik Almlid at «NHO er opptatt av ei meir variert og praksisorientert undervisning i grunnskulen. Vi har òg framheva verdien av fleksible opplæringsmodellar som gjev høve til å ta utdanninga i føretak rett etter ungdomsskulen. Ein måte å gjere dette på er å lage læringsarenaer som vekslar mellom skule og føretak.»

Ole Erik Almlid er Viseadministrerande direktør | Politikk og kommunikasjon i NHO. Foto: Moment Studio

Almlid peikar også på alternative utdanningsløp med meir praksis, og at fagutdanninga i det heile gir dei kvalifikasjonane som arbeidslivet spør etter.

Waage og Elevorganisasjonen er samd med NHO. Ho er ikkje redd for mindre valfridom.

– Det er ikkje ansvarleg politikk om ein utdannar ein heil generasjon til arbeid der det ikkje finst arbeid. Utdanninga må også vere tilpassa ein arbeidsmarkand i endring. Det er veldig viktig for reell valfridom at vi har ei god rådgjevarteneste som kan rettleie elevane når dei skal velje linje. Dette vil i praksis styrke valfridommen til elevane, fordi dei får informasjon om dei moglegheitene som finst, seier ho.

Waage peikar på at yrkesfagelevar står overfor ei rekke utfordringar som andre elevar ikkje har. For få læreplassar, dårlege utstyrsstipend og for dårleg og utdatert utstyr på skulen er nokre av dei:

– At utstyrsparkane er så utdaterte at lærlingar som kjem i lærebedrift må ha ny opplæring er problematisk både for elevar og arbeidsgjevar, seier ho.

For teorilett?

– Mange ønsker no ein mindre teoritung skule, samtidig aukar kompetansekrava i arbeidslivet. Kan skulen bli for teorilett?

– Eg forstår spørsmålet, men eg trur ikkje det må vere ein motsetnad mellom teori og praksis. Praksis kan vere eit godt verkemiddel for å lære teorien. Moglegheit for tidlegare fordjupning i faget kan fungere godt for enkelte elevar, men då er det viktig at vi har god rådgjeving på plass, seier Waage.

Om litt skal læreplanane fornyast, det er ein gyllen sjanse til å gjere noko med studieløpet. Mykje er også føreslått frå før. Waage håpar på ei endring heilt frå barneskulen:

– Grunnskulen er er ein lettversjon av studiespesialisering. Det er veldig teoritungt. Eg håpar verkeleg at fagfornyinga legg meir til rette for praktiske fag, seier ho.